Sær fiskeøgle frå Svalbard

Janusaurus lundi skiljer seg markant frå andre fiskeøgler frå Svalbard. Men dei har alle til felles at dei ikkje finst nokon andre stader i verda.

Frå 2004 til 2012 brukte forskarar og frivillige frå Naturhistorisk museum (NHM) to augustveker på å grava ut fossil etter eit heilt økosystem på Svalbard.

Spesielt øglene som vart gravd ut, fekk mykje merksemd, med dokumentarar på History Channel og National Geographic.

Men etter at fossila har vorte frakta til kjellaren på NHM på Tøyen, står mykje arbeid att. Fossila skal preparerast og bekrivast for vitskapen. Tre somrar med pensel og lim har Aubrey Roberts brukt på Janusaurus lundi.

Kam på hoftebeinet

Dette er ei mellomstor fiskeøgle, det vil seia tre til fire meter lang. Den er frå sein jura, vi anslår alderen til cirka 150 millionar år. Det er tre hovudtrekk som gjer denne arten forskjellig frå dei andre som er beskrivne til no, forklarar Roberts:

– For det fyrste har den finare beinbygnad i hjernekassen.

– Vidare har den, i likheit med dei andre velutvikla fiskeøglene frå Svalbard, hoftebein som ikkje er festa til ryggsøyla. Men Janusaurus lundi har ein kam på hoftebeinet som ikkje dei andre har.

Forskarane veit ikkje kva funksjon denne har hatt, men det kan ha vore som muskelfeste.

Andre stader på kloden

– Den tredje forskjellen er at to bein i underkjeven heng saman, i motsetning til hjå dei andre. Det eine av desse beina tilsvarar det som har utvikla seg til hammaren i mellomøyret hjå pattedyr.

Men trass ulikskapane viser den fylogenetiske analysen, altså analysen av familietreet til Svalbard-øglene, at dei er nærmare kvarandre i slekt enn fiskeøgler frå andre stader på kloden.

– Dei nærmaste slektningane finn vi i Canada og så langt borte som Sør-Amerika. Årsaka til dette er etter alt å døma at det berre var ein trong passasje mellom Grønland og Norge på denne tida, seier Roberts.

Kartet viser korleis Grønland og Norge låg mykje nærare kvarandre for 150 millionar år sidan. (Foto: (Ill.: Aubrey Roberts/PLOS ONE))

Rosar støtteordning

Dei fyrste øglene frå Svalbard som fekk namn, vart kalla opp etter gode hjelparar. Det er ein tradisjon som Roberts fører vidare. Slektsnavnet til Janusaurus lundi kjem frå Janus-fjellet der fossilet vart funne, medan artsnavnet er til ære for Bjørn Lund, preparant ved NHM og mangeårig deltakar på ekspedisjonane til Svalbard.

– NHM har nett opna ei utstiling med fossil som har fått navn etter forskarar sine favoritt-rockarar. Og Bjørn er òg ein habil gitarist, så kanskje han kan verta ein del av utstillinga, ler Roberts.

Ho rosar støtteordninga ved UiO som har gjort det mulig å publisera artikkelen som Open Access, slik at så mange som råd kan få tilgang til den.

100 millionar år eldre

Framleis ligg nærmare ti fossil av fiskeøgler og svaneøgler ved NHM og ventar på preparering, men det er ikkje nok for øglegravarane. Dei to fyrste vekene i august set dei kursen mot Svalbard igjen.

Denne gongen er det lag frå trias som skal gravast ut. Dei håpar å finna 100 millionar år eldre forfedrar til øglene frå jura som er gravd ut til no. Undervegs bloggar dei på forskning.no og National Geographic.

Referanse

Roberts m.fl.: A new Upper Jurassic ophthalmosaurid ichthyosaur from the Slottsmøya Member, Agardhfjellet Formation of Central Spitsbergen, PLOS ONE, 1. aug. 2014

Powered by Labrador CMS