Risiko – ikkje berre farleg

– Gjennom media får vi vite om all verdas ulykker så å seie mens dei skjer. Derfor får vi eit overdrive inntrykk av kor vanleg det er med ulykker.

Publisert
"Et fly tar en rekke avgjørelser selv, og avlaster piloten. Men hva skjer når noe går galt?"
"Et fly tar en rekke avgjørelser selv, og avlaster piloten. Men hva skjer når noe går galt?"

Det seier Odd Einar Olsen, professor i risikostyring og samfunnssikkerheit ved Universitetet i Stavanger.

Olsen meiner at kunnskapen om kva som kan vere farleg, er langt betre no enn for 40 år sidan, både blant ekspertar og lekfolk.

Han fortel at det er mange mekanismar som trer i kraft når vi blir redde.

Berekningar av risiko og sikkerheit i samfunnet er komplisert vitskap med mange paradoks. Korleis vi vurderer risiko, er forskjellig, men noko har vi til felles.

– Vi blir meir redde om nokon påtvingar oss ein risiko, enn om vi sjølve har valt å utsetje oss for fare. Eit godt døme på truslar som andre utset oss for, kan vere epidemiar eller stråling av ulikt slag.

– Om vi vil drive med basehopping, gjer vi derimot det av fri vilje, seier Olsen.

Uten kontroll

Han fortel at vi har ein tendens til å bli meir redde om vi føler vi ikkje har kontroll over risikoen sjølve, enn når vi opplever å ha kontroll.

– Vi er ikkje redde for å køyre bilen sjølve, sidan vi har valt det sjølve, og sidan vi ofte trur for godt om oss sjølve som sjåførar. Vi er reddare når vi tek fly, sidan vi då gir frå oss kontrollen til andre, men vi finn oss i det, sidan vi sjølve har valt å gå om bord, seier Olsen.

Vi er reddare det som er nært, framfor det som er fjernt.

– Jo tettare innpå oss vi har risikoen både geografisk og i tid, jo meir farleg vurderer vi trusselen å vere. Det er nok fordi konsekvensane ligg så langt fram i tid, at det er så vanskeleg å innføre effektive tiltak mot venta miljøendringar.

– Men aller mest fryktar vi truslar som er skapte med vilje av andre menneske, for eksempel terrorverksemd, forklarer Olsen.

Ulik tolegrense

Risikoar og truslar som ein ikkje så lett ser, og som er uoversiktlege, gjer folk og ekspertar oppsette på å kalkulere eigen risiko.

Men fordi risiko i alle høve har eit element av usikkerheit i seg, kan risikoen aldri reknast ut heilt nøyaktig, forklarer Olsen.

– Vi er redde for altfor mykje. Det har aldri vore så trygt å bo i Noreg og Europa som det er i dag. Sjukdomar som tidlegare var dødelege, har vi funne medisinar mot. Arbeidsulykker som var vanlege før, har vi innarbeidde rutinar for å unngå.

– At mange fiskarar mista livet på sjøen, var aldri hovudoppslag i nyheitene for 100 år sidan, då slike hendingar var vanlege.

“Våre” truslar neglisjert

I andre land i verda er krig, svolt og epidemiar reelle truslar som folk slåst mot. Der blir truslar vi er opptekne av i Noreg, ofte neglisjerte fordi folk opplever truslar som er langt farlegare.

Sjølv har Olsen arbeidd i mellom anna Somalia og Sierra Leone under slike forhold.

Krisehandtering handlar som regel om å rette innsatsen mot den risikoen som er høgast. Først rettar ein merksemda mot å redde menneskeliv og få slutt på krigen. I neste omgang vil ein til dømes ta tak i reine ulykker eller spreiinga av aids i landet

– Vi har ulike tolegrenser på grunn av den erfaringa vi har, og dei forholda som herskar i det området vi bur i, sjølv om dei same prinsippa for kor redde vi blir når vi møter fare, gjeld for oss alle, seier Olsen, som trekkjer fram eit anna døme:

– I samarbeidet om nordområda kan det fort bli ei utfordring for Noreg og Russland  å finne fram til ei felles tolegrense for risiko. I kva grad vil Noreg risikere tap av ulike slag, samanlikna med tolegrensa til Russland? spør han.

Curlingsamfunn

I Skandinavia har vi frykta andre typar truslar enn det dei har i andre deler av verda. Olsen trekkjer fram eit tiltak frå Sverige som eit døme på ei overdriven frykt.

– Når foreldre blir oppfordra til å utstyre borna med innehjelm når dei er heime i sitt eige hus, er risikostyringa ute av kontroll. Eller når foreldre eller kommunen legg gummimatter under trea for at barn ikkje skal slå seg.

– Risiko i ulik grad må vi alltid leve med. Vi må ikkje bli overbeskyttande og koste vegen for barna våre etter kvart som dei veks til. Då får vi eit curlingsamfunn, seier Olsen.

– Det vi burde frykte i Noreg, er røyking, usunn livsstil, trafikkulykker og dei mange miljøutfordringane som vil kome. Det er dette som tek liv. Men likevel er det store ulykker, naturkatastrofar eller terror vi er mest redde for.

Dei mange paradoksa

Samfunnssikkerheit og risikostyring er eit breitt fagfelt. Ved Universitetet i Stavanger består fagmiljøet av historikarar, statistikarar, ulike samfunnsvitarar og ingeniørar.

Frå det tidlige fokuset på samfunnssikkerheit som noko reint teknologisk, blir samfunnssikkerheit i dag forstått i ei vidare tyding der også menneskelege og organisatoriske forhold reknast med.

– Å berekne risiko handlar om å sjå inn i framtida. Elementet av usikkerheit gjer at vi aldri vil kunne finne absolutte svar på kor risikabelt noko er. Mykje kan vi rekne oss fram til og spå om, men i alle høve handlar det ofte om å lære av det som har skjedd, seier Olsen.

Han konstaterer at samfunnssikkerheit og risikostyring handlar om dei mange dilemma og paradoksa der ein ofte må vege auka sikkerheit opp mot andre gode.

– Det er ein klassisk motsetnad mellom individuell fridom og sikkerheit. Auka sikkerheit for alle i samfunnet vil alltid gå utover fridomen til den einskilde.

– Eit anna dilemma er kor mykje ein skal investere i meir tryggleik i eit samfunn som allereie er svært trygt. Har vi klart å eliminere alle truslar, sit vi framleis att med uflaksen. Og den er det vel ikkje mogeleg å bli kvitt? spør Olsen.

Ingen ulykker?

Professoren legg til at det ikkje alltid er lett å få politikarane til å vere opptekne av praktisk arbeid for auka tryggleik når det kostar mykje pengar. For viss dei lykkast, så skjer det jo ingenting.

Då skjer det ingen ulykker. Då er det lettare for dei å vere opptekne av gode tal i rekneskapen eller store og synlege prosjekt. Derfor kjem stort sett politikarar på banen når ulykka er ute.

Olsen trekkjer fram eit anna paradoks:

– Når vi føler oss trygge, byrjar vi slappe av med gode vanar, rutinar, kontroll og vedlikehald. Og då kan det fort gå gale. Vi blir sløve og uoppmerksame. Sikkerheita kan bli så god at den i seg sjølv blir ein fare, seier Olsen, og avsluttar:

– Altfor mange i dag har ei oppfatning av risiko som noko skummelt og farleg. Eg trur det òg er viktig å ha eit positivt syn på risiko. Det er eit paradoks at folk vil leve eit spennande, men risikofritt liv.

– Det å leve er å ta risiko. Risiko gir oss òg livsglede og er ikkje alltid farleg.