- Lokal kontroll utryddar ulven

Eit nytt forslag vil legge om forvaltinga av natur- og miljøvern. - Dette vil føre til at norsk rovvilt vert utrydda, åtvarar professor i samfunnsøkonomi ved NTNU, Anders Skonhoft.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Sist månad la Distriktskommisjonen fram si innstilling (NOU 2004, nr. 19). Her foreslår ein mellom anna at landets naturressursar skal bli forvalta lokalt.

Professor Skonhoft har forska mykje på natur- og ressursforvaltning i Noreg og utlandet. Han karakteriserer dette som eit dårleg forslag som kan få svært negative konsekvensar dersom det vert sett ut i livet.

Lokale mest negative

- Når det gjeld forvaltning av rovvilt, som bjørn og ulv, veit vi at haldningane er mest negative på lokalt plan. Ein fryktar for eigen tryggleik, og mange bønder ser på rovdyra som eit trugsmål mot buskapen. Å føre forvaltninga over på lokale hender vil føre til utrydding, trur professor Skonhoft.

Ei norsk undersøking om nytte og kostnader ved rovdyr, konkluderer med at nordmenn generelt sett verdset rovdyr høgt - unnataket kjem når ein bur slik at ein har dyra inn på livet. Dessutan kjem den positive verdsetjinga frå utlandet: Noreg har eit image som eit “vilt” land, med rovdyr og vill natur.

- Storsamfunnet si høge verdsetjing av rovdyr kjem bort ved lokal forvaltning, seier professor Skånhoft.

Barskog

Rovviltforvaltninga er ikkje det einaste kommisjonen vil føre over på lokale hender. Også barskogvernet bør følgje med, konkluderer kommisjonen. Men heller ikkje dette er nokon god ide, meiner Skonhoft.

- Vi ser det same mønsteret her - heilskaplege verdiar ved skogen, som har å gjere med rekreasjon og estetikk, miljøverdiar som går på skogens verdi for globalt klima og biologisk mangfald: På lokalt nivå kjem slikt i skuggen av hogstverdien den har for skogeigarane, seier professor Skonhoft.

Eit tredje forslag er ei radikal omlegging av strandlova, som ifølgje Skonhoft vil kunne føre til at det generelle byggeforbodet på 100 meter frå stranda, vert hola ut så mykje at det i praksis er oppheva.

Mot lokaldemokrati?

- Er du imot lokaldemokrati, Skonhoft?

- På ingen måte. Men nokre saker er dårleg egna for å bli handsama på lokalt nivå.

Skonhoft ser ein medviten tankegang bak forslaget.

- Å auke utnyttinga av naturressursane. Sviktande næringsgrunnlag i distrikta er den mest sannsynlege forklaringa på at forslaget kjem nå, meiner han.

- Bomskot

Skonhoft bommar på målet når han arresterer Distriktskommisjonen for å ville legge om rovdyrforvaltninga, seier kommisjonsmedlem Inge Myrvoll.

Myrvoll, som er tidlegare stortingsrepresentant for Sosialistisk venstreparti, og nå ordførar i Rana kommune, er samd med Skonhoft i at ein må ha ein nasjonal rovdyrforvaltning.

- Det er eit mindretal på seks som skriv at dei vil ha ein annan og ny forvaltning på området, medan fleirtalet på ni, som eg er ein del av, ikkje seier noko som helst om dette, seier Myrvoll.

100 meter over alt?

På dei andre to områda kor Skonhoft kjem med sin kritikk, er Myrvoll meir usamd med professoren.

- Eg meiner at på mange område er regionalisering av forvaltninga det beste. Strandlova er eit godt døme. I indre Oslofjord kan eg godt forstå at det er viktig med ei streng praktisering av 100-meters regelen, men bør det vere like strengt i grisgrendte strøk på Vestlandet eller i Nord-Noreg? Her kan næringsverksemd li skade om praktiseringa vert for streng, meiner Myrvoll.

- Skonhoft viser mistillit

Professor Skonhoft fryktar at om for mykje av forvaltninga av skog og dyr vert ført over på lokalt nivå, kan resultatet til dømes bli frislepp når det gjeld køyring med snøscooter. Dette reagerer Myrvoll på.

- Eg har sjølv ei streng haldning til dette, men etter å ha teke over som ordførar, ser eg kor skadeleg det kan bli om ein fører regelrytteriet inn i det absurde, kor all ferdsel med snøscooter vert bortimot forboden, seier Myrvoll.

I slike situasjonar meiner ordføraren det er viktig å ha høve til å føre ein regionalt tilpassa politikk.

- Her er det at et synes Skonhoft viser mistillit til at lokale og regionale er i stand til å ta gode avgjerder. Ein kan ikkje tre ein nasjonal politikk ned over hovuda på folk, seier Inge Myrvoll.

Powered by Labrador CMS