Annonse

Lang utdanning kan hindre depresjon

Dei med kortast utdanning har 90 prosent større sjanse for å bli deprimerte enn dei med lang utdanning.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette kjem fram i ein studie der forskarar har undersøkt kva som er risikofaktorar ved angst og depresjon.

Dei fann blant anna at risikoen for depresjon auka med kortare utdanning. Lågt utdanna hadde også meir angst enn dei med høg utdanning, men her var samanhengen mindre klar.

Samanhengen mellom låg utdanning og depresjon er ikkje ny, men det som i liten grad har blitt studert tidlegare, er om lengda på utdanninga kan seie noko om kven som kan bli deprimerte seinare.

Forskarane har sett på personar i Nord-Trøndelag som har delteke i ei helseundersøking i 1984-1986 og kva plager desse hadde 11 år seinare då dei vart undersøkt på nytt i 1995-1997.

Mest deprimert med kun niårig skule

Undersøkinga måtte ta høgde for at dei som var deprimerte i utgangspunktet kanskje ikkje orka å ta høg utdanning. For å «sjekke desse ut» såg dei på menneske som var psykisk friske i 1984-1986, og undersøkte om dei med låg utdanning var meir disponerte for depresjon og angst 11 år seinare enn dei med høg utdanning.

Forskarane fann at det var ein heilt klar samanheng, og at det var 90 prosent større risiko for depresjon hjå dei med kun niårig skule samanlikna med høgskule- og universitetsutdanna. Den same samanhengen fann dei hjå dei som hadde dårleg psykisk helse i 1984-86. Dei med høgast utdanning klarte seg best.

Ein kunne også sjå ein viss samanheng mellom kort utdanning og angst, men det gjaldt kun for kvinner i aldersgruppa 20-34 år.

- Ut frå analysane våre kan vi ikkje seie kvifor kort utdanning aukar risikoen for seinare depresjon. Verken livsstilsfaktorar, somatisk helse, butilhøve, sivilstand, arbeidstilhøve eller sosialt nettverk påverka resultata. Men det kan vere at kortare utdanning er knytt opp mot andre kroniske stressfaktorar ein også ser ved lågare sosial status. Opplevinga av å stå lengst nede på den sosiale stigen kan truleg både gje ein kjensle av skam og avmakt, seier Ingvar Bjelland, som har leia studia som er gjort ved Universitetet i Bergen.

- Ei anna særskild gruppe menneske av interesse er dei med ulike lærevanskar. Dei tar truleg kortare utdanning og mykje tyder på at dei også er meir utsette for å utvikle både angst og depresjon.

Unge har mest angst

Forskarane har ikkje har hatt klinisk vurdering av angstliding eller depresjon hjå deltakarane i undersøkinga. Desse har svart på eit spørjeskjema der dei har karakterisert sin eigen psykiske tilstand. I følgje Bjelland er det likevel bra samsvar mellom spørjeskjemaet og resultatet ein ville fått ved klinisk diagnose.

Ein viktig del av forskingsprosjektet var å sjå på tilhøvet mellom angst og depresjon. Kvinner hadde meir angst enn menn i gjennomsnitt, medan menn overraskande skåra litt høgare på depresjon.

Unge hadde noko meir angst enn eldre, medan kurva for depresjon auka klårt med alderen. «Rein angst» fann ein oftast hjå unge kvinner i alderen 20-34 år. Derimot fann forskarane at di høgare ein «skåra» på angst, di meir sannsynleg at du har depressive symptom.

Angst og depresjon heng saman

Det er vanleg å sjå på angst og depresjon som to ulike diagnosar/lidingar, men angst og depresjon opptrer svært ofte samstundes. Forskargruppa har sett på dei teoretiske tilnærmingane til desse lidingane, og er kritiske til korleis ein ofte nyttar diagnosane i samband med depresjon og angst.

- Det er vanleg at ein pasient med diagnosen depresjon også har nokså sterke angstsymptom, men desse er gjerne ikkje sterke nok til å gje diagnosen angst. Etter å ha sett nærare på dette, meiner vi at måten ein nyttar angst- og depresjonsdiagnosar på, blir altfor grov og firkanta, seier Bjelland.

I følgje psykiateren har angst vore understudert og han meiner at vi må sjå på angst på nye måtar.

- Det er grunn til å tru at angsten ofte kjem før depresjonen, og ikkje omvendt. Vi bør finne ut om behandling av angst kan verke preventivt for å utvikle depresjon, seier Ingvar Bjelland.

Forskinga omtalt i artikkelen kallast psykiatrisk epidemiologi og har blitt leia av Ingvar Bjelland, som disputerte ved UiB i juni, med avhandlinga Anxiety and Depression in the general population. Issues related to assessment, comobidity, and risk factors.

Psykiatrisk epidemiologi tek utgangspunkt i befolkingsundersøkingar og ser på korleis ulike tilstandar og sjukdommar er fordelt. Ein ser også etter årsakene til at visse grupper har overvekt av visse sjukdommar - og om det er særskilte tilhøve som er forbunde med at sjukdom oppstår.

Powered by Labrador CMS