Ein notis frå Universitetet i Oslo - les mer.

Frå besøk i Katowice i Polen: Instituttleiar Piotr Garbacz, undervisningsleiarane Christian Janss, Siren Leirvåg og Annely Tomson. (Foto: Privat)

Norsk-polsk samarbeid om kunsten å lære bort

Professorar og undervisarar blir sjølve studentar i prosjektet «Mestere i didaktikk». Gjennom eit norsk-polsk samarbeid testar dei nye metodar for undervisning. «Mestere i didaktikk» er eit treårig prosjekt der 60 polske universitetslærarar og rundt 80 førelesarar ved tre institutt ved Universitetet i Oslo deltar.

Didaktikken er læra om korleis lære bort. Kva skal ei utdanning innehalde, og korleis skal innhaldet presenterast for studentar? Gjennom besøk hos kvarandre sine utdanningsinstitusjonar, får undervisarane frå Noreg og Polen no eit innblikk i korleis didaktikken, og rammene rundt han, kan vere lik og ulik på tvers av landegrenser.

Les artikkelen om prosjektet på nettsidene til Universitetet i Oslo

Powered by Labrador CMS