Korleis blir vi påverka av mørketida? Og stemmer det at vi blir mindre effektive på denne tida av året? (Illustrasjonsfoto: Smalltyrant / Shutterstock / NTB scanpix)

Alt du treng å vite om mørketida

Taklar du mørketida betre med solarium? Og er mørketida verre for dei som bur i Nord enn i Sør? Forskar svarar på det du lurer på om den mørke årstida.

Kvart år skriv aviser spalte opp og ned om mørketida og mørketidsdepresjon.

Professor, psykolog og leder i Forskingsgruppe Helsepsykologi Oddgeir Friborg tek oss gjennom nokon av mytane og spørsmåla omkring tema:

Blir ein meir trøytt i mørketida?

– Ja.

Fleire studiar viser at trøyttleik, slappheit og utmatting stig i mørketida, svarar forskaren.

Påverke det humøret – finst mørketidsdepresjon?

– Tja.

– Det er forskjellige funn på området, og det er diskutabelt i korleis grad ein har mørketidsdepresjon. Studiane gjev ikkje sterke nok bevis, og nokon studiar avkreftar dette, forklarar Friborg.

– Tunglynne og depressive symptom kan auke, men ikkje nødvendigvis i den grad at du treng behandling. Det kan gi meir utslag for dei som er meir sårbare for å bli deprimerte og nedstemde, seier forskaren.

Er mørketida verre for dei som bur i nord enn dei som bur i sør?

– Ja, til ein viss grad.

– Sørpå har dei meir lys på morgonen og dagen, og dei har lys lenger enn oss i nord. Sida lyset er det som i størst grad har betyding for søvnregulering, så er det nok ein viss forskjell, men den er avgrensa. Det er ikkje så stor breiddegradsforskjell, påpeiker Friborg.

Er det forskjell på korleis A- og B-menneske lét seg påverke?

– Ja, til ein viss grad.

Friborg fortel at Type B menneske våkar generelt meir om kveldane, har meir innsovningsproblem og rapporterer meir sesongmessige svingingar i humør og aktivitetsnivå enn Type A-menneske.

– Desse svingingane synest å vere litt meir til stades hos Type B-menneske i mørketida, enn hos Type A. Skulda i dette kan vere at deira biologisk styrte døgnrytmeklokke er mindre sensitiv for justeringar eller nullstilling av dagslys enn kva tilfellet er for Type A-menneskjer.

Er vi mindre effektive?

– Usikkert.

– Vi er meir trøytt i mørketida. Eg gjor ein undersøkning på kognitiv prestasjon om korleis vi løyser oppgåver. Då var det ingen forskjell på mørketid og sommartid, så det talar imot.

– Mi gjetting er at om det er forskjell på effektivitet så er han avgrensa. Mange arbeidsplassar har god innandørsbelysning, og det hjelp jo på når det er mangelen på lys som påverkar oss.

Blir ein betre av å ta solarium?

– Nei, svarar forskaren kontant.

– I solarium får du rett nok lys, men skal det hjelpe mot trøyttleik, kan du ikkje ha auga igjen. Lyset skal stimulere auga dine. Søvnhormonet melatonin vert brote ned i blodet når lys treffer auga, i solarium er auga dekka til så det hjelp ikkje. Skal ein eksponerast for lys må auga vere opne.

Verker mørketidslampar?

– Ja, om du brukar dei på rett tidspunkt. Gjer du det på feil tidspunkt, vil du gjere det verre.

– Optimalt tidspunkt er to-tre timar etter at kroppstemperaturen er på sitt lågaste, ved normal døgnrytme er det rundt fire-fem på natta. Då må du bruke lampa mellom sju og åtte om morgonen. Har du forskyvd døgnrytme og legg deg to timar seinare må du ta det mellom ni og ti. Skal lampa verke, må du bruke han på det normale tidspunktet du står opp. Her spelar jo tilstrekkeleg styrke og intensitet i lyset inn.

Er det nokon effekt av D-vitamintilskott?

– Usikkert.

– Om vinteren drikk vi til eksempel tran for å få ekstra D-vitamin, det gjer ikkje dei som bur ved Ekvator. Det er ikkje forska så mykje på om D-vitamin hjelp mot tunglynne og depressive symptom i mørketida, så om det har nokon effekt kan eg ikkje seie, forklarar Friborg.

Til slutt, når kan vi forvente å føle oss betre?

– Det er ein kontinuerleg prosess. Sola er ikkje tilbake i full styrke på soldagen, det tek nok ei stund før lyset har gunstig påverknad på døgnrytmen og søvn. Det er vanskeleg å gjette, men at det tek tre-fire veker etter soldagen ser eg ikkje bort ifrå, seier forskaren.

Powered by Labrador CMS