null (Foto: Shutterstock / NTB scanpix)

Alle elevane vart flinkare til å skrive

Uansett kor flinke dei var i forkant, gjekk alle elevane opp med nesten ein karakter etter det nye undervisningsopplegget til skuleforskaren. 

May Olaug Horverak laga eit undervisningsopplegg rundt ein helt spesiell type tekst. På engelsk vert den kalla The Five Paragraph Essay.

Vi har ikkje noko tilsvarande på norsk, men sjangeren liknar mest av alt på stiloppgåver med vekt på drøfting, slik vi kjenner dei frå norsktimane.  

The Five Paragraph Essay inneheld fem avsnitt fordelt slik: innleiing, tre hovudavsnitt og ein konklusjon. Kvar av dei tre hovudavsnitta startar med ei temasetning som varslar innhaldet i avsnittet, mens resten av avsnittet inneheld argument og døme som styrkjer påstanden eller utdjupar utsegna i temasetninga.

Horverak, som har vore stipendiat på Universitetet i Agder, laga undervisningsopplegget for førsteklassingar i engelsk på vidaregåande skole, og undervisninga vart gjennomført i byrjinga av skoleåret.

Elevane fikk grundig opplæring i dei tekstelementa – avsnitt for avsnitt – som byggjer opp ein bestemt sjanger og tilpassar teksten sin etter desse elementa.

Elevane fekk ein skriveprøve i engelsk før undervisninga tok til og ein ny prøve etter at undervisninga var gjennomført. Og alle forbetra karakteren sin, uansett kor flinke dei var frå før. 

Gjer gode tekstar

– Praksisen på dei skolane eg har undersøkt, viser at denne undervisningsmetodikken set elevane i stand til å skrive gode tekstar. Det dreiar seg ikkje minst om å lære å strukturere teksten etter formål, situasjon og sjangerkrav, seier Horverak.

Ho forsker på skriveopplæringa i første klasse på vidaregåande skolar her i landet. Målet hennar var for det første å finne ut korleis engelsklærarane underviser i skriving. For det andre ville ho lage eit undervisningsopplegg der ho tok i bruk nyare lingvistiske metodar for å sjå om elevane vart betre til å skrive.  

Elevane fekk mest framgang på struktur og innhald. Dei vart flinkare til å dele inn teksten i oversiktlege avsnitt. Framgangen i språk var mindre, men dei vart flinkare til å finne relevante sitat og skrive formelt etter krava frå den drøftande sjangeren. Kjeldebruken vart også meir presis og målretta.

– Du kan innvende at elevar vert flinkare uansett kva for undervisning dei får, men mitt doktorgradsarbeid viser at dei vart flinkare med denne metoden, etter å ha fått målretta skriveundervisning, seier Horverak.

Les også: Kjapp metode tester hvor godt barn leser

Modell og herming

Forskaren meiner fordelen med denne skrivemåten er at elevane slepp å finne opp form og struktur på teksten aleine. Elevane etterliknar ein modelltekst utvikla av læraren.

Her er det verdt å nemne at modelltekst ikkje betyr idealtekst, men rett og slett er ein modell som viser på kva måte ein skal strukturere teksten etter prinsippa for Five Paragraph Essay. Skrivemåten har fått kritikk for å vere formelprega og hindre kreativitet.

Ei sjangerpedagogisk tilnærming til skriving inneber at elevane lærer å herme etter ein tekstsjanger.

       Mi erfaring er at ei fast form frigjer kreativitet og gjer at fleire av elevane skriv godt. Eg trur du først må vite kva delar som byggjer opp ein tekst og kva for oppgåve teksten har før du kan skrive godt, seier Horverark. 

      – Du må lære deg sjangeren for å skrive godt.

      May Olaug Horverak. (Foto: Universitetet i Agder)

      Ho understrekar at elevane lærer meir enn å komponere ein tekst i fem avsnitt.

      – Dei lærer i det heile tatt å skrive resonnerande, seier ho.

      Ny form for grammatikk

      Vanleg grammatikk beskriv setningar, setningsstrukturar og språkeiningar som substantiv, verb og adjektiv og så vidare.

      Les også: Norske lærere på ungdomstrinnet er gode på klasseledelse

      Det teoretiske utgangspunktet for Horverak har derimot vore ei sjangerpedagogikk utvikla i Australia og såkalla systemisk funksjonell lingvistikk, utvikla av Michael Haliday.

      Haliday er meir oppteken av å beskrive kva for oppgåve språket har i gitte samanhengar og korleis vi skaper meining med språket i bestemte samanhengar. Grunntanken er at situasjonen og sjangeren bestemmer språkbruken.  

      – Eit viktig poeng i denne tradisjonen er at teksten skal tilpasse seg kontekst og teksttype, eit synspunkt som også er eit viktig moment i Lærarplanen, seier Horverak.

      – Hovudkonklusjonane i doktoravhandlinga mi er at engelsklærarar i norsk vidaregåande skole utnyttar nyare teoriar om sjangerpedagogikk og språkfunksjonar, seier Horverak.

      Referanse:

      May Olaug Horverak: English Writing Instruction in Norwegian Upper Secondary Shcools, A linguistic and genre-pedagogical perspective. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Agder. 2016. Sammendrag.

      Powered by Labrador CMS