Dei "naturlege drepercellene" er sentrale i forsvaret mot kreft og infeksjonar hos menneske. Hos husdyra våre har dei hittil vore lite kjende. No er det for fyrste gong påvist at drepercellene kjempar mot parasittar og bakteriar også hos kyr.
Preben Boysen har studert desse naturlege drepercellene hos storfe i doktorgradsarbeidet sitt ved Norges veterinærhøgskole (NVH).
I ei tid med store omleggingar i landbruket, er det uunngåeleg at fleire infeksjonssjukdomar vil etablere seg hos norske husdyr.
- Det er framleis mykje vi ikkje veit om immunsystemet hos husdyr, og vi treng grunnleggjande forsking på dette området for å kunne stille korrekte diagnosar og å utvikle vaksiner som kan hjelpe til å slåss mot infeksjonssjukdomane, seier Boysen.
Ny celletype
Eit av “hola” i kunnskapen om immunsystemet hos ku, har vore at ein ikkje har kunna studere ein viktig celletype - dei naturlege drepercellene (NK-cellene). Dermed har ein heller ikkje kunna avdekkje kva rolle desse cellene speler ved vaksinering og ved utvikling av infeksjonar.
Boysen sitt forskingsprosjekt inngår i eit samarbeid mellom NVH, Universitetet i Oslo og Veterinærinstituttet, som har gjort det mogeleg å isolere NK-cellene hos ku.
Dermed har Boysen kunna studere desse cellene i detalj, og som resultat har gruppa klart å påvise at NK-cellene hjelper i fyrstelinjeforsvaret mot den viktige parasittsjukdomen neosporose.
I desse studia viste NK-cellene seg også å vere kjelda til falske positive resultat i diagnostikk av tuberkulose og paratuberkulose hos drøvtyggjarar.
- Ved å ta omsyn til dette fenomenet vil diagnostikken kunne bli betre, og dermed minske tap ved unødvendig utsjalting av dyr, forklarer Boysen.
Boysen sine studier viste også at NK-celler er til stades i lymfeknutar hos kalv, der dei ser ut til å spele ei annleis rolle enn kva ein tidlegare har trudd. Slike funn kan ha verdi for synet på desse cellene også hos andre artar, deriblant hos menneske.