Sau mot gjengroing

Heilårsbeite med sau har ei historie som går fleire tusen år attende i tid i det norske kystlandskapet. Lyngheiane frå Portugal til Lofoten er karakterisert som svært truga, og her til lands er gjengroinga den største utfordringa. Kan utegangarsauen bli redninga?

Publisert
"Røsslyng. Foto: Liv Guri Velle."
"Røsslyng. Foto: Liv Guri Velle."

Dei menneskeskapte kystlyngheiane er eit skoglaust landskap langs atlanterhavskysten frå Sør-Europa til Nord-Noreg. Etter beiting og sviing gjennom fleire hundreår dominerer røsslyngen. Denne driftsforma gav husdyra beite heile året, og kystbonden fekk både kjøt og ull frå sauen.

Utegangarsau

- Denne viktige delen av kulturhistoria vår har gitt oss ein karakteristisk dyrerase, nemleg utegangarsau av gammal norrøn rase. Mange omtalar rasen som villsau, og han har utvikla seg i nært samspel med danninga og utviklinga av eit unikt kulturlandskap - kystlyngheiane.

Det fortel Liv Guri Velle ved Bioforsk Vest Fureneset i Fjaler kommune. Her har forskarane arbeidd med utegangarsau og kystlandskap i fleire år. Ho meiner auka bruk av den gamle sauerasen vil vere eit avgjerande bidrag for å halde kulturlandskapet ope. I eit nytt prosjekt i Bioforsk vil ein bruke utegangarsau for å kombinere næring og kulturlandskapspleie.

Noregs ansvar

Kulturlandskapet langs atlanterhavskysten og nordover er klassifiserte som “svært truga” under EUs Habitatdirektiv. Samtidig har Nordisk Ministerråd gitt Noreg eit ansvar for dei nordlege kystlyngheiane.

"Liv Guri Velle."
"Liv Guri Velle."

- Noreg er ansvarleg for ivaretakinga av dei nordlege kystlyngheiane, og vi er heilt avhengige av at bruken held fram for å lykkast, seier Velle. Ho peikar på at vi enno ikkje har noko heilskapleg plan for korleis kystlyngheiane skal takast vare på her i landet, seier Velle.

Felles forsking

Forskarar frå fleire europeiske land møtest annan kvart år for å utveksle erfaringar og forskingsresultat frå sitt arbeid med dette spesielle kulturlandskapet. I år var Noreg vertskap, og 70 forskarar frå Europa var samla i Noreg til det såkalla 10th European Heathland Workshop.

I Europa er nitrogenforureining eit større problem enn her i landet, men forskarar og forvaltning har mange felles utfordringar for å ta vare på dette spesielle landskapet. Kartlegging og overvaking av områda er essensielt for alle land.

Auka interesse

Samstundes er det ei generell auka interesse for utegangarsau som husdyr og kystlyngheiane som kulturlandskap.

- Fornya interesse for lokal mat frå produsentar og konsumentar, i kombinasjon med økonomiske verkty for ivaretaking av kulturlandskap er no i ferd med å skape eit positivt miljø for å ta vare på dette særeigne økosystemet, seier Liv Guri Velle.

Velle peiker også på at det er eit aukande medvit rundt problemstillingar knytt til dyrehelse og dyrevelferd. Forhold som for nokre tiår sidan vart sett på som normale og tilfredsstillande, er ikkje nødvendigvis akseptable målt etter dagens normer.

"Utegangarsau med lam. Foto: Liv Guri Velle."
"Utegangarsau med lam. Foto: Liv Guri Velle."

Hovudmål

Det nye prosjektet skal gå over fire år frå 2007 og ligg under Noregs Forskingsråd sitt forskingsprogram for Areal- og naturbasert næringsutvikling (AREAL). Hovudmålet er å skaffe fram nødvendig kunnskap om økologi, økonomi, dyrehelse og -velferd, for å kunne gi hald av utegangarsau langs norskekysten ei berekraftig utvikling.

- I dette prosjektet vil ekspertar på landskapsøkologi, agronomi, dyrehelse og landbruksøkonomi gå saman for å skape ei lokal næringsutvikling rundt hald av utegangarsau. Den grunnleggande ideen er at ein kombinasjon av næringsverksemd og skjøtsel av landskapet vil vere det mest praktiske og kostnadseffektive verktyet for å ta vare på dei norske kystlyngheiane i framtida, seier Liv Guri Velle ved Bioforsk Vest Fureneset.

Prosjektet Utegangarsau i kystlynghei - lokal næringsutvikling i eit sårbart kulturlandskap vert leia av Ann Norderhaug ved Bioforsk Midt-Norge. Dei andre samarbeidspartane er NILF (Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forskning), UiB (Universitetet i Bergen), NVH (Norges veterinærhøgskole), UMB (Universitetet for miljø- og biovitenskap) og Fatland AS.