I skvis mellom barn, jobb og foreldre

Mange arbeidstakarar har eldre foreldre med hjelpebehov, men arbeidslivet gjer det ikkje lett å kombinere omsorg for foreldre og fulltidsjobb.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: sxc)
(Illustrasjonsfoto: sxc)

Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG)

Studien har som formål å gi økt kunnskap om variasjon og endring i sosial deltagelse, helse og livskvalitet gjennom livet ved å studere atferd og overganger på fire sentrale livsområder:

  • Arbeid og pensjonering
  • Familie og generasjon
  • Mestring og livskvalitet
  • Helse og omsorg.

 

NorLAG er en unik longitudinell panelstudie, basert på et stratifisert og tilfeldig utvalg av befolkningen i alderen 40-79 år i 30 kommuner og bydeler over hele landet, med oppfølging hvert femte år.

Foreløpig har det blitt samlet inn data i to runder. Over 5 000 personer deltok i første runde, mens over 15 000 deltok i runde to, som også er internasjonalt forankret.

Statistisk sentralbyrå har stått for utvalg og datainnsamling gjennom hele prosjektet.

Studien ledes av prosjektleder Britt Slagsvold ved NOVA. 

Les mer: NorLAG 

21 000 personer har dessutan omsorg for eldre foreldre samstundes som dei har barn med hjelpebehov.

Som regel er det kvinnene som er viktigaste omsorgsgjevar, og dei kjem fort i ein skvis mellom omsorg og arbeid.

Pensjonerings- og samhandlingsreformene er mellom dei viktigaste tiltaka den norske regjeringa brukar for å meistre dei nye utfordringane knytt til den aldrande befolkninga.

Reformene stimulerer alle til å stå lenger i arbeid, og siktar samstundes mot auka innsats frå familien i eldreomsorga.

Tidsklemme

Dette kan ende i ei tidsklemme, særleg blant dei middelaldrande som slit med å foreine familie- og arbeidsforpliktingar.

Dei fleste (75–80 prosent) i aldersspennet 35–45 år har både barn og foreldre i live, samstundes som dei sjølve er i arbeid. Men berre 8–9 prosent har barn og foreldre med hjelpebehov.

Dette er blant resultata forskarar frå NOVA har komme fram til ved å bruke data frå Den norske studien om livsløp, aldring og generasjon (NorLAG) og Livsløp, generasjon og kjønn (LOGG).

Endå færre (3 prosent) er omsorgsgjevarar for sine foreldre samstundes som dei har barn med hjelpebehov.

– Prosentdelen er låg, men bak dei tre prosentane finn vi om lag 21 000 personar som er i ei slik klemme, understrekar Marijke Veenstra.

Kvinnene tar følgjene

– Analysane syner òg at det er kvinner, ikkje menn, som reduserer arbeidstida si for å møte desse familieforpliktingane, seier ho. 

Å ha foreldre eller barn med hjelpebehov er ei kjelde til stress og noko redusert velvære (målt ved negativ affekt). Å vere i arbeid er generelt sett ei kjelde til trivsel meir enn stress.

– Treng nye ordningar

Kvinner er framleis dei viktigaste omsorgsgjevarane for både barn og foreldre. Eventuelle tidsklemmer vil dermed utgjere størst risiko for likestilling og velvære blant kvinner.

– Medan velferdsordningar for barneomsorg er godt etablerte i Norge, gjer det same i liten grad seg gjeldande når det er snakk om familieomsorg for eldre.

– Ordningar som stør opp under kombinasjonen familieomsorg og yrkesdeltaking er naudsynt for å sikre aktiv aldring, likestilling og velvære i eldre år, seier Veenstra.

Referanse:

Daatland, Veenstra & Lima (2010): Norwegian sandwiches. On the prevalence and consequences of family and work role squeezes over the life courseEuropean Journal of Ageing, 7:271-281, doi: 10.1007/s10433-010-0163-3.

Powered by Labrador CMS