Bygd for kollaps

Historia er full av økonomiske kriser vi kan lære lite av.

Publisert
- Ein har ikkje den kjensla av å stå på kanten av stupet, som kan hjelpe ein til å leggje om kursen og forandre på ting, seier professor Harm Schrøter. (Foto: (Illustrasjon: Lars Haaheim/UiB))
- Ein har ikkje den kjensla av å stå på kanten av stupet, som kan hjelpe ein til å leggje om kursen og forandre på ting, seier professor Harm Schrøter. (Foto: (Illustrasjon: Lars Haaheim/UiB))

Økonomisk historie:

Økonomar lærer korleis økonomien fungerer ved hjelp av matematiske og teoretiske modellar som er forenkla representasjonar av nokre økonomiske fenomen.

Modellar blir brukte til å utforme økonomisk politikk, og den mest populære teorien fortrengjer gjerne andre innfallsvinklar, heilt til den rådande teorien blir bytta ut med ei ny.

Fleire kritiserer no einsrettinga og modellstyringa i økonomien, og meiner økonomar bør ha meir historisk  kunnskap om kva som har medverka til økonomisk oppgang og nedgang i tidlegare tider.

Opprørspoliti og frustrerte demonstrantar har vore i tottane på kvarandre i Aten medan greske politikarar prøver å manøvrere mellom nasjonal konkurs eller ti-femten år med økonomisk stillstand, massearbeidsløyse og hjerneflukt.

Høgt utdanna spanjolar dreg på jobbjakt i tidlegare spanske koloniar.

Råda til europeiske styresmakter sprikar i alle retningar avhengig av kva for ein økonom du snakkar med. Men både Europa og resten av verda har vore igjennom økonomiske kriser før.

Kan historia fortelje oss noko om korleis det vil gå denne gongen?

– Eg trur det er heilt uråd å kome med spådommar i økonomien. Men det ein kan gjere, er å prøve å forstå kvifor det har gått gale tidlegare. At vi i dag er betre utrusta for å løyse finansielle kriser enn før, det er eg ikkje i tvil om.

– Så mykje har økonomifaget utvikla seg, seier førsteamanuensis Camilla Brautaset ved Universitetet i Bergen (UiB).

Noregs konkurs

Førsteamanuensis Camilla Brautaset. (Foto: K. Kolle/UiB)
Førsteamanuensis Camilla Brautaset. (Foto: K. Kolle/UiB)

Ho er økonomihistorikar og meiner økonomar flest med fordel kunne visst meir om historie.

No når gjeldskrisa bølgjer over Europa, har til dømes mange av dei same folka som tidlegare ivra for at marknaden måtte få styre seg sjølv, brått skifte sida, og meiner no at staten har drive for lite styring. Lenger strekk ikkje det historiske minnet seg.

– Ser vi eit par hundre år bakover i tid, så er det éin ting som slår oss, og det er at økonomiske kriser er ein del av kvardagen, og ikkje noko ein kan forsikre seg mot, seier Brautaset.

Somme, slike som den austerrikske økonomen Joseph Schumpeter, meinte jamvel at kriser kunne vere godt for økonomien. Dei leidde til det han kalla «kreativ øydeleggjing», der innovasjon og nye idear tvinga seg fram og la grunnlaget for vekst i neste omgang.

Når EU denne vinteren har kjempa for å unngå gresk konkurs, kan det vere nyttig å minnest at statar har overlevd konkurs før. Også den norske.

Når det offisielle Noreg no er i gang med å stryke bunaden og leite fram flagga i påvente av grunnlovsjubileet om to år, er det lett å gløyme at Noreg i dei turbulente åra kring 1814 i realiteten var bankerott.

Politisk sjølvstende medførte at Noreg brått måtte ta ansvar for eigne finansar, og det i ein situasjon med sterk inflasjon, øydelagd valuta og handelsblokade som følgje av napoleonskrigane.

Staten hadde korkje statskasse eller nemneverdige inntekter, var blotta for kredittverd, og hadde prøvd seg med fem ulike valutaer i rask rekkjefølgje.

Redninga kom i form av eit lån frå eit dansk-jødisk bankhus i 1822, og saman med etableringa av Norges Bank, og nedforhandling av utanlandsgjelda, vart grunnlaget lagt for betre tider.

Krisesnøballen rullar fortare

– At statar kan gå konkurs, er altså ikkje noko nytt, men med globaliseringa ser vi at kriser som før var regionale eller nasjonale, i dag får langt større spreiing, og dei spreier seg i eit mykje større tempo enn tidlegare, seier Brautaset.

– Eg er overtydd om at konkurs er det beste for Hellas no, seier professor Harm Schrøter ved UiB.

Han arbeider med spørsmålet om det finst noko unikt europeisk i økonomien.

– Krisa i dag blir ofte samanlikna med den store depresjonen i mellomkrigstida, men der er viktige skilnader, som at Europa i dag har ein felles valuta. Ein annan skilnad er at krisa i mellomkrigstida kom som eit politisk sjokk.

– I dag er vi ikkje sjokkerte, vi kjenner oss ikkje verkeleg utfordra, heller ikkje i Hellas eller Spania. Fordi dette sjokket manglar, er det store delar av folket som ikkje innser at ein ikkje kan halde fram på same måte som i dag.

– Ein konkurs ville vere eit sjokk, men sjå på Argentina, som gjorde akkurat det. Gjennom sjokket tilpassa dei seg ein annan type økonomi, og i dag har dei betre stell på sakene enn dei hadde før konkursen, seier Schrøter.

Europeisk kriseforsikring

Professor Harm Schröter. (Foto: K. Kolle/UiB)
Professor Harm Schröter. (Foto: K. Kolle/UiB)

Europa skil seg frå resten av verda ved at vi har ein lang, ideologisk forankra tradisjon for å lage sosiale ordningar som kan forsikre oss mot at ting skal gå gale, meiner Schrøter.

Det gjer at folk kan misse jobben utan å bli kasta på gata neste dag. Men det gjer også systemet treigare, ein har ikkje den kjensla av å stå på kanten av stupet, som kan hjelpe ein til å leggje om kursen og forandre på ting.

– Så den europeiske måten har kortsiktige fordelar, men langsiktige ulemper, og det vi treng er ein balanse mellom det kortsiktige og det langsiktige.

Den høge arbeidsløysa er eitt av dei mest urovekkande trekka ved dagens Europa. All forsking viser at den som står lenge utanfor arbeidsmarknaden, blir merkt av det på lang sikt.

– Arbeidsmarknaden er ein nøkkel for å få hjula i gang att, ikkje berre gjennom produksjon, men også fordi folk i arbeid bruker meir pengar, seier Brautaset.

– Etter andre verdskrigen har mykje av veksten i Europa skjedd som følgje av arbeidsinnvandring, men akkurat no er utfordringa heller å mobilisere dei som står utanfor arbeidslivet.

– På same tid ser vi at viljen til å investere i utdanning, blir mindre. Det gjer at kriseperioder kan forsterke sosiale ulikheiter fordi utdanning blir eit gode som er stadig færre forunt, og det er urovekkande, seier ho.

Lærte av mellomkrigstida

I mellomkrigstida avhjelpte ein arbeidsløysa delvis ved å la folk gjere nytte for seg i jordbruket. Det er ikkje noka løysing i dag.

I tillegg leidde krisa i mellomkrigstida til nye former for organisering i sentrale næringar, slik som samvirkeorganisasjonane i jordbruket.

– Ein kan seie at den viktigaste konsekvensen av krisa i mellomkrigstida, var måten ein organiserte verda på etter andre verdskrigen. Då var krisa ein del av erfaringsgrunnlaget til dei som tok avgjerder i samfunnet, seier Brautaset.

Institusjonane og det internasjonale samarbeidet som vaks fram etter krigen, bygde altså på røynslene frå mellomkrigstida. Det var også i mellomkrigstida at den britiske økonomen John Maynard Keynes utvikla sine idear om økonomi.

Staten måtte, meinte Keynes, ta ansvar for å bruke pengar og halde hjula i gang i nedgangstider, og stramme inn i oppgangstider.

– Keynes' teoriar er blitt brukte i stort omfang i etterkrigstida, men problemet er at ein ikkje greier å stramme inn att i oppgangstider, seier Schrøter.

– Har styresmaktene først gjeve ut eit gode, syner det seg å vere politisk uråd å ta det tilbake. Fordi Keynes' idear berre fungerte halvveges, kom istaden nye idear om at marknaden må styre seg sjølv, og staten skal ikkje styre noko anna enn pengemengda.

– Det har heller ikkje fungert. Somme seier det er fordi ideane ikkje vart gjennomført heilt slik dei var tenkt, men slik er no ein gong politikken – ein kan ikkje gjere alt slik det står i lærebøkene, seier Schrøter.

Det som er sikkert, er at historia til eit land er med på å avgjere kva politikk styresmaktene kan føre.

Kva utfall politikken vil få, lyt historia vise.