Grunnen til godt beite

Ulik geologi og grunnforhold forklarer variasjonen i kvaliteten på beiteområde i Hedmark.

Publisert
Her finn vi det grøne gullet! Vegetasjonskartlegging dokumenterer kvar dei beste beita finnes. Frå Storgrytdalen, på Nyeggsætra i Stor-Elvdal kommune i Hedmark. (Foto: Lars Østbye Hemsing/Skog og landskap)
Her finn vi det grøne gullet! Vegetasjonskartlegging dokumenterer kvar dei beste beita finnes. Frå Storgrytdalen, på Nyeggsætra i Stor-Elvdal kommune i Hedmark. (Foto: Lars Østbye Hemsing/Skog og landskap)

Vegetasjonskart

Eit vegetasjonskart viser mosaikken av vegetasjonstypar i eit område.

Tek ein utgangspunkt i at vegetasjonstypane speglar veksemiljøet, blir kartet ein oversikt over variasjonen av fleire miljøfaktorar som næring og vatn i jorda, klima, snødekke og kulturpåverknad.

Vi kan også knytte ei rekkje eigenskapar til vegetasjonstypane med omsyn til ressursutnytting og arealbruk. Slik blir vegetasjonkartet eit allsidig informasjonsgrunnlag og det næraste vi har kome eit økologisk kartverk.

Vegetasjonskart, beitekart og rapport er og tilgjengeleg på Skog og landskap sine nettsider: Veketasjonskart

Beiteområdet til Atnelien hamnelag ligg inn mot Sølnkletten i Stor-Elvdal kommune. Her er det no gjennomført ei kartlegging av beiteressursar.

Det er Atnelien hamnelag som har tinga kartlegginga som vart gjennomført sommaren 2011 av Norsk institutt for skog og landskap.

- Det meste av beiteressursane ligg nede i fjellbjørkeskogen, og utfordringa for beitelaget er å få til ei god utnytting av alle desse fire områda, seier Yngve Rekdal som har vore leiar for kartlegginga og forfattar av rapporten frå arbeidet i Stor-Elvdal kommune.

Sjølv om beiteområdet ligg i eit område med fattige bergartar sett ut frå berggrunnskart, så er det i følgje kartleggarane enkelte område med «vindauge» av rikare berggrunn som gjev grunnlag for rik vegetasjon og gode beite.

- Vegetasjonen fortel oss mykje om berggrunnen under. Det er i stor grad geologien og tilgang på vatn som styrer kva for planter som veks på bakken over.

- Kor rik vegetasjonen er og kor godt eigna den er for husdyrbeite er i mange tilfelle ein konsekvens av millionar år gamle prosessar i berggrunnen, fortel Rekdal som har drive kartlegging av beite over heile landet i 30 år.

Verdifullt for saueeigarar

For saueeigarane er slike kart over vegetasjon og beite viktige å ha for å kunne planlegge beitebruken. Ole Anton Brænd, den største saueeigaren i Atnelien hamnelag, har allereie hatt nytte av dei nye karta.

- Ja, vi blir jo meir kjende med området. Frå før veit vi nokolunde kva som er dei beste områda, men no får vi grunnlag for å berekne kor stor beiteressursen er og kor mange dyr vi kan sleppe i ulike delar av beitet, seier Brænd.

Slepp av for mange dyr vil kunne gå ut over tilveksten til dyra, medan for få dyr gjer at beitet gror att.

Dei nye karta gir ein reiskap slik at medlemmane i beitelaget betre kan koordinere med kvarandre kor mange dyr som blir sleppt og kvar dei skal sleppast, fortel Brænd. Totalt i Atnelien hamnelag er det over 2 200 dyr på sommarbeite.

Sau i Storgrytdalen med Sølnkletten i bakgrunnen. Frå Stor-Elvdal kommune i Hedmark. (Foto: Lars Østbye Hemsing/Skog og landskap)
Sau i Storgrytdalen med Sølnkletten i bakgrunnen. Frå Stor-Elvdal kommune i Hedmark. (Foto: Lars Østbye Hemsing/Skog og landskap)

Men sjølv om dei beste beiteområda ligg i den frodige bjørkeskogen så trekkjer dyra, av ulike grunnar, opp i snaufjellet.

- Det blir ei utfordring å halde beitedyra nede i fjellbjørkeskogen, slik at ikkje alle dreg opp i høgfjellet der det stadvis er gode beite, men begrensa areal, seier Rekdal

- Sperregjerde mot bygda kan løyse delar av problemet, særleg for bruken av Veslgrytdalen. Det gjeld òg styring av beitebruken med saltsteinar og avl på dyr som brukar ulike delar av beitet, forklarar Rekdal.

Grønt gull og grøne soner

For Stor-Elvdal kommune er beitekartlegginga ein integrert del av den fireårige næringsplanen for landbruket. Kartlegging av beiteressursar er nedfelt som eit politisk forankra strategisk mål.

Dei ulike beitelaga kan søke om SMIL-midlar (spesielle miljøtiltak i jordbrukets kulturlandskap) og få støtte til gjennomføring av beitekartlegging i sine område.

- Det er ein fin ordning, seier jordbrukssjef Lars Kveberg.

- Ei slik kartlegging av beiteressursane er ei bevisstgjering av kva ressursar som finst i utmarka og gjev ei forståing av korleis desse kan brukast. Det stimulerer òg til samarbeid om bruk av utmarksbeita, påpeikar Kveberg.

- Beitekartlegginga stemmer ofte med den erfaringsbaserte kunnskapen, men når du får det i fargar på kartet så trer tilhøva klårt fram og det blir ikkje lenger berre kunnskap i hovudet til den enkelte saueeigar.

- Ei slik kartlegging gir ein ny giv for utmarksbruken, seier Kveberg, som sjølv har opplevd korleis sauebøndene/grunneigarane engasjerer seg i kartlegginga.

Bakgrunnen for den strategiske satsinga på kartlegging av beiteressursane har vore tapet av beiteområde aust for Glomma. Men også i dei såkalla grøne sonene der det skal vera lite rovdyr, er rovdyrtapet stort.

I Atnelien hamnelag brukar det å vera store bjørnetap i det beste skogsbeitet i Storgrytdalen. Da dyra er spreidd over veldig store areal, gjer dette oppsyn og sanking vanskeleg.

- I nokre besetningar har det vore over 30 prosent tap. Det er særleg bjørn som er skadegjerar, og den tek mest søyer. Resultatet er at lamma ikkje får mjølk frå mor si og endar med låge slaktevektar, fortel Ole Anton Brænd.

Han er oppgitt over dei store tapa, til tross for at beiteområdet ligg i ein såkalla grøn sone.

Ser sau frå satellitt

Både sauebønder og beitegranskarar har stor tro på elektroniske bjøller på sauene.

- Radiobjøller vil vera ein veldig god reiskap for beitebruken i dette området, men dekninga er dårleg. Her skal det prøvast ut bjøller med satellitteknologi i sommar. Vi har kontakt med selskapet «Find My Sheep» i frå Kvikne, fortel Brænd.

Dei har utvikla en ny type radiosendar som går opp i satellitt, og vi hentar ut data i frå ein vanleg nettlesar. Han og dei andre i Atnelien hamnelag er svært ivrige på å teste ut den nye teknologien. Data kring sauen sin arealbruk vil kunne leggast inn på beitekartet.

- Når vi har gode beitekart kan vi avle på dyr i område med god tilvekst på lam. Vi kan spore kvar dyra har gått, og verifisere at dei har vore i område med godt beite. Da blir det eit verkeleg nisjeprodukt, med ei særeigen historie å fortelje til forbrukaren.

- I Brasil har dei nytta dette systemet til å dokumentere at dyra ikkje har beita i område med regnskog, fortel Brænd som trur dette med sporbarheit blir veldig viktig i framtida.

- Det å kunne styre og overvake beitedyra med beitekart og satellittar gjer det svært interessant og inspirerande å vera sauebonde, fortel Brænd entusiastisk. Ikkje minst er dette viktig skal vi få rekruttering til næringa, avsluttar han.