Edelløvskog med sommereik (Quercus robur) fra i Hvaler naturreservat i Østfold. (Foto: Svein Grønvold)
Nye kart skal sikre hogst og miljø
Enten ein driv næring i skog eller ein forvaltar miljøregelverket, trengst oppdatert og relevant informasjon om tilhøva i skogen. Den nye kartløysinga Skogportalen gir miljøinformasjon frå ulike databasar samla på ein nettstad.
Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer
Fact: Click to add text
Her er data om ulike naturtypar og artar som finst i skog sortert ut etter gjeldande miljøregelverk.
Eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet, Artsdatabanken, forvaltning og skognæring har gjort mogleg den nye løysinga som er utvikla av Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).
Viktig å vise seg for verda
Skogbruket har gjennom mange år samla statistikk og kunnskap om skog. I Skogportalen blir denne datafangsten knytt til annan relevant miljøinformasjon og delt med verda på ein ny måte.
– Å vise samfunnet korleis norsk skogbruk forvaltar skogressursane og tar ansvar for miljøet, vil eg peike på som heilt sentralt i denne nyvinninga, seier avdelingsdirektør Ivar Ekanger i Landbruks- og matdepartementet.
– Det handlar om tillit og om å vere tilgjengeleg for innsyn. I Skogportalen møtest næringsinteresser, miljø- og samfunnsinteresser på same stad, held han fram. Slikt skaper tillit og gode samarbeidsforhold.
Ekanger peiker òg på potensialet i den digitale kvardagen med omsyn til å samle, sortere og dele store mengder informasjon.
Stor verdi for mange
Den nye nettstaden vil vere møteplass for fleire partar som søker informasjon om tilhøva i skog. Alle partar får tilgang til same informasjon. Løysinga er ein del av Kilden, ei eksisterande kartteneste utvikla og drifta av Nibio.
– All relevant miljøinformasjon for skogforvaltninga er no samla på ein stad, og det er det aller viktigaste ved den nye karttenesta, seier Roar Kjær, koordinator for geografiske informasjonssystem ved landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hedmark.
– I Skogportalen kan alle aktørar med sine ulike interesser finne den same informasjonen. Det er av stor verdi for både næring og forvalting at ein har tilgang til same data og har eit felles vurderingsgrunnlag, legg han til.
Grunnlag for berekraftig skogforvaltning
Bak ulike miljøregelverk ligg målet om å sikre ei berekraftig forvaltning og biologisk mangfald. Det gjeld òg for utnytting av skogressursen.
Sorteringa av miljø- og plandata som finst i Skogportalen, er gjort etter dei lover og forskrifter som gjeld forvaltning av skog og naturmangfald. Skogstandarden PEFC har vore med som del av sorteringsgrunnlaget.
– Målet med Skogportalen er å tilby eit forenkla og skreddersydd datasett for alle skogbrukstiltak, forklarer prosjektleiar Gro Hylen i Nibio.
Her kan skogeigarar, entreprenørar og forvaltning finne relevant dokumentasjon for ulike føremål.
– Skogeigaren vil få oversikt over miljøregistreringar og aldersklasser for sin skog saman med artar og naturtypar som finst der. Kulturminner, høgdekurver og verneområde inngår i datagrunnlaget, seier Hylen.
Annonse
Eit anna døme på nytten av Skogportalen er ved sal og kjøp av skog. Da må seljar kunne dokumentere at sertifiseringskrava i skogstandarden PEFC er følgde. Det betyr at fakta om freda, prioriterte eller trua artar i området med avvirka skog må leggjast fram. Oversikt over gjeldande område må følgje med. Nødvendig dokumentasjon finst i Skogportalen.
Lag på lag med data
Både Kilden og Skogportalen er bygde opp slik at ein kan skru av og på kartlag med ulike data. Slik kan ein leggje til eller trekkje frå data etter samanheng og relevans.
– Data frå Naturbase og Artsdatabanken er filtrert, og fordelt på kartlag for arter og naturtypar i og utanfor skog. Andre viktige miljøregistreringar, slik som utvalde livsmiljø frå Miljøregistreringar i skog, er også tilgjengelege, seier Hylen.
– Brukaren kan sjølv lage ein skograpport i løysinga ved å velje eit aktuelt område, sette inn kart, areal og tal for dei valde datasetta. Ein slik rapport kan mellom anna brukast som dokumentasjon for å stette sertifiseringskrava i skogstandarden PEFC.
– Gjennom Skogportalen har næring, miljøinteresser og forvaltning fått eit nytt felles verktøy. Målet er velfunderte og kloke val når skogressursane skal nyttast og biologisk mangfald takast vare på, seier Hylen.