Forskaren meiner at bedrifter vil tene pengar på same måten som dei alltid har gjort det, om dei ikkje blir tvungne til omstilling. (Foto: Pexels.com)

Berekraftig næringsliv:
– Ei frivillig omstilling vil gå for treigt

Kvifor tek det så lang tid å få eit berekraftig næringsliv når nesten alle bedrifter er samstemte om at det er nødvendig?

– Dette handlar ikkje om vilje eller klokskap. Endringa som må til i næringslivet krev også ein samfunnsendring, seier Karen Landmark.

I doktoravhandlinga si har ho forska på korleis bedrifter som arbeider saman i klynger arbeider med berekraft og omstilling.

Ho har og undersøkt kva leiarane meiner om berekraft og nødvendigheita av handling.

– Eg opplever at den tradisjonelle diskusjonen om bedrifters samfunnsansvar er litt forenkla. Den manglar eit større perspektiv, nemleg at berekraft er eit resultat av andre velfungerande system, seier Landmark.

Vanskeleg å endrast radikalt

Karen Landmark forsvarte nylig si doktorgrad. (Foto: Universitetet i Agder)

Forskaren meiner at berekraftig omlegging av næringslivet handlar om nye forretningsmodellar og nye innteningsmoglegheiter. Og at enkelte andre område heilt må kuttast ut.

Som døme viser ho til etiske utfordringar for enkelte multinasjonale selskap som produserer varer i land utan strenge reguleringar for forureining eller helse, miljø og sikkerheit. På tross av innsats for å få bedrifter til sjølve ta ansvar for miljøvennleg drift, så skjer ofte det motsette.

– Det vil ta tid å legge om drifta. Og det vil ta tid før slik omlegging gjev økonomisk gevinst. Når dagens økonomiske system er lagt opp slik at dei kan tene pengar ved å fortsette som før, så er det vanskeleg for bedrifter å endre seg radikalt.

Gapet mellom kunnskap og handling er sentralt for forskinga til Landmark. Ho ville sjå på det økonomiske systemet i eit større perspektiv.

– Me må opna for debattar om politikk og systemkritikk. Kva skal regulerast og kva skal få påskjønning? Kan me til dømes halde fram med statsstøtte av leiting etter olje og gass samtidig som me ønskjer eit grønt skifte? Kva er vitsen i at eg skal sortere søppelet mitt heime når staten samtidig dumpar gruveslam i fjorden?

Høg kunnskap, lågt tempo

Landmark har studert prosessindustri-bedriftene på Sørlandet, som er samla i ei klynge, for å sjå på kva som fremmer og hindrar omstilling til berekraftig industri.

Ho fann at leiarar som samhandlar i klynga enklare kan gjera berekraftige tiltak i si bedrift, blant anna på grunn av den tette dialogen dei har med kvarandre.

Leiarar sit med mykje kunnskap om dei globale utfordringane og er stort sett samde i at noko må gjerast. Lengre nedover i bedriftene er også kunnskapen høg, men det er ikkje like enkelt for dei tilsette å sjå samanhengen mellom si bedrift og korleis dei kan gjere ting annleis for å bli meir berekraftige.

– Det er ganske naturleg at folk på toppleiarnivå har eit anna fokus på dette, sidan det er dei som til dagleg arbeider med strategi for bedrifta, seier ho.

Grønt skifte berre for rike?

Landmark har og sett på korleis berekraftsmåla til dei Forente Nasjonar og Paris-avtala påverkar val av forretningsstrategi for bedrifter.

I forskinga fann ho at slike felles langtidsmål gir bedriftene eit felles fokus på grøn forsking og utvikling. Trykket frå globale avtalar skapar eit moment for endring og ein følelse av at arbeidet hastar.

Sjølv om omlegginga til eit berekraftig næringsliv er ein lang prosess, med lite økonomiske fordelar på kort sikt, så trur Landmark at at dette likevel kan vere positivt.

– Dei klokaste bedriftene vil finna moglegheiter i eit berekraftig samfunn, og levera produkt og tenester til det. Kanskje vil vi ha glede av å spørje oss sjølv kva eit godt liv eigentleg er og kva som må til for å skape gode liv for alle, seier Landmark.

Staten må vere med

Karen Landmark håper forskinga hennar kan gi nye perspektiv i arbeidet mot eit berekraftig samfunn.

– Det er viktig å ikkje miste motet med arbeidet, for me kan ikkje privatisere ansvaret for ei berekraftig utvikling.

Ho trur bedriftene vil gjere meir for omstilling om dei veit at staten er med på å ta noko av risikoen. Ei frivillig omstilling vil gå for treigt og ikkje monne tilstrekkeleg.

Referanse:

Karen Landmark: Enabling corporate sustainability transition: The case of the Norwegian process industry. Doktorgradsavhandling, Universitet i Agder, 2019

Powered by Labrador CMS