Bakgrunn: Kva skal vi med kloning?

Du har kanskje hørt om kloning av menneske: det å lage fleire, prikk like kopiar av ein person. Kvifor i all verda skulle nokon finne på noko slikt?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Vi menneske ser forskjellige ut fordi det er ørsmå forskjellar i arvestoffet vårt. Forskarane kan bruke kloning for å lage mange celler, dyr eller plantar med akkurat likt arvestoff. No er enkelte skremde ved tanken på kloning av menneske, der siktemålet kan vere å lage mange like personar som kanskje er flinke til noko bestemt på grunn av det arvestoffet dei har. Tenk å lage eit heilt orkester av klin like, supermusikalske menneske! Slikt er berre tenkjeleg i fantasien. Og sjølv om det ein gong i framtida vart mogleg, ville ingen få lov.

Men det forskarane vil, er å bruke alt dei veit om kloning til å finne ut endå meir om helse og sjukdom. Dette fortel professor Hans Prydz, som arbeider ved Bioteknologisenteret på Universitetet i Oslo. - Vi klonar ikkje menneske, det er science fiction. Men vi klonar menneskeceller, forklarer han.

Ein kan nemleg klone celler som trengst til å behandle sjuke menneske.

Tvillingar og trillingar

Menneske blir altså ikkje klona, men forskarar har faktisk klart å klone ein heil sau, og fekk ein ny sau som dei kalla Dolly. Ho var «laga av» ein annan sau, og heilt lik denne. Då kan vel det same gjerast med eit menneske?

For det første er Dolly ikkje heilt, heilt lik den sauen ho vart klona frå. Nokre av gena i arvestoffet er annleis. Ei kloning av eit menneske etter «Dolly-metoden» ville ført til at 37 viktige gen likevel måtte kome frå eit anna menneske. Så klonane ville ikkje fått nøyaktig likt arvestoff i noko fall.

To individ kan få nøyaktig likt arvestoff berre dersom dei blir fødde som einegga tvillingar eller trillingar. Det skjer når de aller første cellene som skal bli til et menneske skiller lag, og blir til to eller tre celleklumper, før den vanlege celledelinga held fram. Dette hender av og til heilt av seg sjølv hos både dyr og menneske. Forskarane har med vilje fått det til å skje hos kyr, men det er ikkje sikkert det går an hos menneske. Det ville heller ikkje vore lovleg.

"To individ kan få nøyaktig likt arvestoff"
"To individ kan få nøyaktig likt arvestoff"


Einegga tvillingar stammar altså begge frå den same cella, og derfor har dei akkurat det same arvestoffet og ser like ut. Men det er ikkje berre arvestoffet som bestemmer kven vi er.

Gena i arvestoffet blir påverka av kva vi opplever, og korleis vi lever. Einegga tvillingar kan sjå prikk like ut, men dei har kvar si sjel som kan vere ganske forskjellige.

Nysgjerrigheit

Kva var så vitsen med å lage klonen Dolly? Jau, det vart gjort fordi denne forma for kloning kan lære oss mykje om utviklinga frå eit befrukta egg og til ferdig dyr eller menneske. Blant mykje anna kan vi også finne ut meir om dei gena som gjer at vi blir gamle. For kvifor blir vi eigentleg gamle? Slike spørsmål kjem menneska aldri til å slutte å prøve å finne svaret på. Vi er fødde som nysgjerrigperar! Dei nye teknikkane hjelper oss til å lære og forstå meir.

Dette er kloning

Å klone er å skape mange, heilt like kopiar av molekyl, celler eller organismar (for eksempel ein plante eller eit dyr). Som oftast tenkjer ein på ein haug med prikk like menneske når ein høyrer ordet kloning, men i røynda er det mest molekyl og celler som blir klona av forskarar.

Kloning skjer også av seg sjølv i naturen. Avleggjarane som spreier seg ut frå ein jordbærplante, er for eksempel klonar. Mange plantar er derfor lette å klone kunstig ved hjelp av stiklingar og avleggjarar. Då kan ein få mange eksemplar av ein plante som er spesielt bra, og det blir gjort med både frukttre, bærbuskar og poteter.

I laboratoriet klonar forskarar molekyl og celler for å lære meir om korleis dei verkar. Gena i arvestoffet kan for eksempel klonast slik at ein får mange, heilt like kopiar av eit gen som ein vil studere nærmare.

No har forskarane også klart å klone enkeltceller frå plantar, og fått dei til å vekse opp til heile plantar. Dessuten kan dei blant anna påverke arvestoffet i cellene, og «lage» plantar med bestemte eigenskapar. Slike eigenskapar kan vere at dei toler kaldare vêr, eller at dei lagar ekstra fine blomar.

Powered by Labrador CMS