Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Immundempande medisinar er høgaktuelle for persontilpassa medisinering.

Alle med nye organ treng ikkje same dosen immundempande medisin

Målet er at kvar pasient skal få akkurat den dosen vedkomande treng.

Immundempande medisinar undertrykkjer immunsystemet. Det høyrest ut som noko ein helst ikkje bør gjera. For folk som har fått nye organ, som hjarte, nyre og lever, er dei heilt nødvendige.

Elles er risikoen stor for at immunsystemet oppfattar det nye organet som eit framandelement og går til angrep.

Samstundes er immunsystemet framleis viktig for kroppen. Det skal ikke bli hemma for mykje, berre akkurat nok til at ikkje det nye organet vert utstøytt.

I tillegg kan dei immundempande legemidla ha biverknadar som ein helst vil unngå.

Ei form for persontilpassa medisinering vert kalla TDM, eller therapeutic drug monitoring på engelsk. Helsepersonell overvakar mengda av eit legemiddel i kroppen til pasienten og effekten av det. Så vert doseringa justert etter det.

Viktig med oppsummering

Målet er at kvar pasient skal få akkurat den dosen vedkomande treng, i motsetning til andre legemiddel der alle vaksne brukar same dose, som til dømes 500 milligram Paracet.

Stein Bergan er farmasøyt på Avdeling for farmakologi ved Oslo universitetssjukehus. I tillegg er han professor II ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo. Han leiar òg den vitskaplege komiteen for immundempande medisinar i foreininga IATDMCT, der vi kjenner igjen bokstavane TDM.

– Mykofenolat er eit av dei immundempande legemidla som det vert gjort mykje TDM-forsking på. Å ha heile oversikta er ikkje noko enkel sak for dei som skal ta dette i bruk i praksis, legar og farmasøytar som er i direkte kontakt med pasienten, forklarar Bergan.

– Derfor er det viktig å få ei oppsummering frå tid til annan av kvar forskinga står akkurat no.

Redaktør og pådrivar

Å laga ei slik oppsummering er ein stor jobb.

Sjølv spesialistar på persontilpassing av immundempande medisinar har egne spesialfelt. Ekspertane har ulike bakgrunnar og fag. Dei er farmasøytar, legar, molekylærbiologar, bioingeniørar og andre.

– Det er ein stor og lærerik jobb å lese og sy saman bidrag frå 35 bidragsytarar, seier Bergan. Han har vore redaktør og pådrivar, i tillegg til å fylla på innhald.

Etter eit års arbeid er den vitskapelege artikkelen no publisert i tidsskriftet Therapeutic Drug Monitoring. Dei har ein avtale med IATDMCT om at artiklar frå foreininga skal gjerast fritt tilgjengelege for heile verda.

Utveksla erfaringar og byggja nettverk

Bergan understrekar at komiteen ikkje har nokon regulerande myndigheit, slik at gjennomslaget av artikkelen er det som måtte koma av at andre les eller siterer han.

Årleg vert det arrangert ein IATDMCT-kongress med deltakarar frå heile verda. I 2023 skal Bergan og kollgaer arrangera kongressen i Oslo.

Då vil ekspertar utveksle ny kunnskap om terapeutisk medikamentovervaking og klinisk toksikologi, som er læra om gifter.

Referanse:

Stein Bergan mfl.: Personalized Therapy for Mycophenolate: Consensus Report by the International Association of Therapeutic Drug Monitoring and Clinical Toxicology. Therapeutic Drug Monitoring, 2021. Doi: 10.1097/FTD.0000000000000871

Powered by Labrador CMS