Korona er god som kortreist, mens Sonata toler transporten betre. (Foto: Jan Karstein Henriksen)

Økologiske storavlingar må under tak

Økologiske jordbær må under tak for at du skal vera trygg på resultatet. Men gjer du det riktig, kan avlinga bli stor.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– For å få sikker økologisk produksjon, så må plantene under tak. Det er risikosport å drive økologisk under open himmel, seier Arnfinn Nes.

Han er seniorforskar hos Bioforsk, og har vore fagleg leiar for eit prosjekt som har sett på lønnsam, sikker kvalitetsproduksjon av økologiske jordbær. Blant funna er effekt av vern mot dårleg vêr, høge avlingar og store skilnader mellom sortane.

Tunnelar

Skal du unngå å sprøyte bæra, så er det ikkje anna enn tunnelar som kan trygge produksjonen.

– Økologisk dyrking skjer ofte på småparsellar. Dyrkarane vil prøve mindre bladmasse og større avstand mellom plantene for å gardere seg mot råte. Det kan hjelpe, men økologisk dyrking på friland er ein risikosport, slår Nes fast.

Svaret er plast over plantene for å hindre råte, og vasståke for å hindre mjøldogg. Er  det varmt som det blir under plasten, er det nemleg fare for mjøldogg.

– Det som hjelp, er å dusje dei med bittesmå vassdråper, kanskje ein gong i timen. Da lik ikkje mjøldoggen seg, forklarer Arnfinn Nes.

I forsøka er økologiske avlingar større enn dei konvensjonelle (Foto: Jan Karstein Henriksen)

Lønner seg

Det koster å investere i tunnel og tåkedyser. Men dei økonomiske analysane som er ein del av forsøka, viser at det lønner seg.

– Med dei avlingane vi kan oppnå i økologisk jordbærproduksjon, så er økonomi og lønnsemd interessant når meirprisen er cirka 25 prosent samanlikna med konvensjonell jordbærproduksjon, fortel Jan Karstein Henriksen. Han er rådgjevar i Norsk Landbruksrådgjeving Agder, og har gjennomført forsøka i jordbærprosjektet.

I prosjektet er det testa ut å selja den økologiske bæra i 400-gramskorger til same prisen som konvensjonelle halvkiloskorger. Forskarane har inntrykk av at det er ei løysing som forbrukarane er fornøgde med.

God avling

På friland er jordbæravlinga rundt 1000 kilo per dekar i snitt. Dei økologiske forsøka i tunnel gir over to tonn salsavling – altså berre det som er att etter at all bæra under 28 mm i diameter er sortert ut.

Grete Lene Serikstad i Bioforsk Økologisk har leia prosjektet. – Dette er jo veldig spanande resultat i samband med at mange argumenterer med at det ikkje blir avlingar og at økologisk ikkje løner seg, meiner ho.

Ho ser òg at det skal til store investeringar. – Du skal vera ein dyktig dyrkar for å få det til. Men det er mogleg, seier Serikstad.

Kortreist Korona

Bioforsk og Norsk Landbruksrådgjeving har òg sett på nye og gamle jordbærsortar. Framleis smakar gode, gamle Korona best om du får den rett frå åkeren. Men hvis bæra treng eit par dagar på vegen frå dyrkar til forbrukar, så er Sonata eit godt val.

Få bæra under tak, rår Arnfinn Nes hos Bioforsk. (Foto: Georg Mathisen)

Og ikkje minst: I forsøka har den gitt ei salsavling på opp mot 3000 kg per dekar i dei beste tilfella.

– I likhet med Korona er det ein nederlandsk sort. Kan vi få bæra same dag som den er plukka, så er Korona nydeleg. Men smaken tapar seg fort i omsetning, forklarer Arnfinn Nes.

– Sonata kjem ikkje opp mot Korona i smak på fersk bær. Men i butikken når kunden står der og skal velja, fell Korona litt igjennom. Korona er veleigna som kortreist mat, konstaterer han.

Prosjektet har òg sett på nederlandske Polka og britiske Florence, og ei lang rekke andre sortar som ikkje har gitt like gode resultat. – Florence er mykje seinare enn dei andre og god for å forlenge sesongen, og den er enklare å dyrke enn Korona, ifølgje Arnfinn Nes.

Powered by Labrador CMS