Annonse

Miss Potet 2012

Å velje dei beste potetsortane er omtrent som ein missekonkurranse. Forskjellen er at her får alle  prøve varane.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Foreløpig berre eit nummer, men G05-0040 kan bli den tidlegaste potetsorten i Noreg. (Foto: Georg Mathisen)

Fakta

Bioforsk Øst på Apelsvoll, Kapp på Toten, verditestar potetsortar på oppdrag frå Mattilsynet.

Potetane blir òg testa med tanke på marknaden, i samarbeid med blant andre Bama, Ica, Coop, Maarud, Kims og Hoff.

Konsumpotetar blir målte etter sundkoking, mørkfarging, smak, konsistens og kor pene knollane er etter vask.

Pommes frites-potetar blir målte etter frityrfarge, styrke og struktur på stavane, misfarging etter forkoking, feitt- og tørrstoffinnhald, storleik og smak.
Chipspotetar blir målte etter farge og fargejamne på ferdigproduktet, fett- og tørrstoffinnhald, struktur og blærer i skivene, smak og haldbarheit på chipsen.

Skrelle- og ferdigpotetar blir målte etter mørk- og misfarging etter skrelling og forkoking, skrellesvinn, skrellerestar, knollform, smak, innvendig farge og struktur etter bearbeiding.

Samanlikninga kjem frå forskar Per Møllerhagen på Bioforsk Øst Apelsvoll.

Han arbeider for å finne dei potetane som gir forbrukarane den beste smaken og bøndene dei beste resultata. Men til sjuande og sist er det nesten berre utsjånaden som avgjer kva du vel når du står der i butikken.

– Det som kundane legg mest vekt på, er at dei skal «sjå gode ut», fortel Møllerhagen, og syner til ei undersøking som Gartnerhallen gjorde i samarbeid med Bioforsk.

Finn dei beste

Bioforsk testar nye sortar korn, frukt, bær og grønsaker heile tida. Ikkje for å finne dei fagraste og flottaste, men for å finne dei som er best for både bonden og forbrukaren.

Forbrukarane kjøper kanskje dei som ser best ut, men om ikkje potetane smakar godt og oppfører seg riktig i kjelen eller panna, så plukkar dei heller med seg noko anne neste gong dei kjem i butikken.

Så sant Møllerhagen og kollegaene og partnarane gjer jobben sin, kjem potetane som ligg i butikken om nokre år, til å vera betre enn dei som ligg der i dag.

Det gjeld anten dei ligg i kasse eller pose mellom grønsakene, eller friterte i posar i snackshylla eller frysedisken. Om ikkje dei nye sortane gir betre resultat enn dei vi får i dag, er det liten vits i å dyrke dei.

Kokefaste

– Noko av det som forbrukarane er mest opptatt av med potetane, er om dei er kokefaste. Særleg om hausten har dei mjølne sortane lett for å koke sund, fortel Per Møllerhagen.

Konsumpotetane – dei som vi tek med oss heim for å koke eller steike sjølv – skal tåle vasking, pakking, transport og lagring.

Andre sorter er spesialtilpassa for pommes frites eller chips, og må sjå gode ut etter ein tur i frityrgryta. Dei nye potetsortane er ikkje som gamle Beate, som kan brukast til kva som helst. Ho er som poteten, som det heiter.

Nei, dei siste åra har forskarane funne potetsortar som er betre til det eine eller det andre. Snart er Asterix, som blei godkjent i 1998, den poteten vi et mest av, til dømes.

– Før forska vi mykje for å få større avlingar og potetar som var tidlegare ferdige. Nå byrjar vi i den andre enden. Potetar til pommes frites skal til dømes vera lysare, finare og ha ein meir stabil farge.

– Og vi samarbeider med Nofima om å kartleggje smaken og med Kulinarisk Akademi om å finne ut korleis dei nye sortane fungerer i meir avanserte matretter. Om ikkje ein ny sort gir framgang, er den ikkje interessant, sier Møllerhagen.

Formel 1-poteten

Kanskje blir den den neste kjendispoteten saman med Beate, Asterix og Mandel på norske kjøkken – Per Møllerhagen på Bioforsk Øst testar Formel 1-poteten Senna. (Foto: Georg Mathisen)

Dei neste sortane som ligg an til å dukke opp i norske magar, heiter Senna og Royal. Begge kjem frå Danmark, og er snart ferdigtesta i norsk jord.

Royal er ein pommes frites-potet, mens Senna faktisk er kalt opp etter den brasilianske Formel 1-verdsmeisteren Ayrton Senna.  – Det er ein raud, fin matpotetsort, fortel Per Møllerhagen. Det einaste han er litt i tvil om, er om den er moden tidleg nok og har godt nok skal.

I år prøvedyrkast den i litt større skala, og det skal blant anna sjekkast om den eignar seg til skrelling og koking. Ferdigskrelte og -kokte potetar blir stadig viktigare for restaurantar og institusjonar.

I år prøver Møllerhagen og kollegaene på Apelsvoll på Toten ut tre heilt nye, norskutvikla sortar – ein til forbrukarane, ein til chips og ein til pommes frites. –

Dei har ikkje ein gong fått namn enno. Det er langt frå alle sortane som hamnar i produksjon, og Graminor, som kryssar fram dei norske sortane, vil ikkje bruke opp dei gode namna på å døype sorter som blir forkasta, sier Per Møllerhagen.

Powered by Labrador CMS