Vil ha større tomatmangfald

I skuggen av dei kommersielt dyrka veksthustomatane finst det ein rik underskog av tomatsortar som passar hobbygartnarar og nisjeprodusentar – og som kan vere interessante for økologisk produksjon.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Om lag 20 tomatsortar har vore med i eit økologisk sortsforsøk i regi av Bioforsk Økologisk, med det føremålet å synleggjere mangfaldet for småskalprodusentar.

Forsøket er gjort på sortar som er relativt nye i Noreg, og fleire av dei er såkalla villsortar eller gamle sortar, som blir dyrka for utsjånaden og smaken heller enn for størst mogleg avling.

- Vi meiner det er spennande å få fram kor mange ulike sortar som finst, forklarer prosjektleiar Susanne Friis Pedersen.

Småprodusentar treng andre sortar

I samband med prosjektet har det vore dyrka tomatar både på friland, i tunnel og veksthus. Sidan mange småskalaprodusentar ikkje har tilgang til veksthus, har det vore viktig å finne ut kva sortar som greier seg best på friland, men som venta var hausten betre i veksthus og i tunnel enn på friland.

Få sortar rekk å bli innhaustingsklare i løpet av den korte norske vekstsesongen.

Tomatane i forsøket er såkalla open pollinerte, det vil seie at ein kan ta vare på frø og så dei neste sesong.

Kommersielt dyrka tomatar er oftast hybridar som blir til under kontrollert pollinering med det føremålet å dyrke fram spesielle eigenskapar frå éin eller begge foreldra, til dømes stor avling og einsarta tomatar som blir mogne til same tid.

Frø frå slike tomatar vil anten vere sterile eller gje eit heilt anna resultat enn morplanten.

- Gamle sortar mognar ikkje til same tid, og det kan vere ein fordel for hobbydyrkaren som heller vil kunne plukke tomatar over lengre tid, seier Pedersen.

Gode veksthusavlingar i Noreg

Veksthusdelen av forsøket har skjedd på Særheim i Rogaland under oppsyn av Michel Verheul som lenge har forska på tomatsortar og -dyrking i Noreg.

Generelt utgjer veksthusproduksjon ein liten andel av norsk hagebruk, men ein stor andel av produksjonsverdien. Ifølgje Verheul ligg Noreg i verdstoppen når det gjeld heilårsdyrking av tomat i veksthus.

Veksthus på Bioforsk Vest Særheim. (Foto: Kjerstin Gjengedal)

- I Noreg får vi faktisk best avling om vinteren. På Vestlandet ligg middeltemperaturen sjeldan under null grader om vinteren, og det gjer at ein ikkje treng å tilføre meir varme enn det ein får frå lyskjeldene.

- Det gjev konstant og jamn plantevekst, og ein kan hauste heile tida, seier han.

Verheul meiner føresetnadene for å dyrke tomater i Noreg generelt er gode. Sidan norske tomatar har kortare veg til forbrukaren enn importerte tomatar, kan dei haustast raudare, og haustetidspunktet er det aller viktigaste for smaken og næringsinnhaldet.

Ny øko-satsing

Tidlegare har Verheul utvikla eit økologisk dyrkingsopplegg for tomatar, som ved utprøving gav avlingar opp mot 90 prosent av konvensjonelt dyrka avlingar.

Økologisk dyrking er noko meir arbeidskrevjande enn vanleg produksjon, mellom anna fordi jorda må skiftast ein gong i året for å unngå jordbundne sjukdommar, og økologiske tomatar ligg difor høgare i pris.

Fleire produsentar fekk gode røynsler med opplegget, men det synte seg vanskeleg å selje heile den økologiske produksjonen, og i dag driv dei fleste norske tomatprodusentar konvensjonelt, medan økologiske tomatar stort sett er importerte.

Den einaste storprodusenten av økologisk tomat som er att i Noreg, Kjær gartneri i Vestfold, stakk til gjengjeld av med prisen som årets økoprodusent ved Den norske matfestivalen i Ålesund i fjor.

Forsøket med økologiske sortar som no er gjennomført, tek dermed opp att tråden frå tidlegare utprøving av økologisk tomatdyrking i Noreg.

Veksthus kan vere klimavenleg

- Det kan hende at dei som handlar økologisk, ønskjer seg meir spesielle og fargerike tomatar, som gamle tomatsortar. Dei gamle sortane gjev lågare avling, og dei kan vere utsette for sjukdom som moderne sortar er avla fram for å vere motstandsdyktige mot.

- Men til gjengjeld har dei gjerne annan smak og næringsinnhaldsprofil, seier Verheul.

Han meiner at ei profesjonell satsing på økologiske tomatar må medføre dyrking i veksthus.

Michel Verheul meiner føresetnadene for å dyrke tomater i Noreg generelt er gode. Sidan norske tomatar har kortare veg til forbrukaren enn importerte tomatar, kan dei haustast raudare, og haustetidspunktet er det aller viktigaste for smaken og næringsinnhaldet. (Foto: Kjerstin Gjengedal)

Undersøking av karbonavtrykket ved slik dyrking har vist at dersom energien kjem frå vasskraft og ikkje frå fossilt brensel, kan norsk tomatproduksjon vere like klimavenleg som produksjonen i Sør-Europa, men energibruken heng nøye saman med kor stor avling ein får.

- Mange trur at å importere tomatar er det beste for miljøet, men det er eg ikkje samd i.

- Norske produsentar får høge avlingar, og vi har fordelar som god tilgang på reint vatn, lite sjukdom og dermed mindre bruk av plantevernmidlar, og tilgang til rein energi frå vasskraft, peikar Verheul på.

Han meiner slike faktorar er med på å gjere skilnaden mellom konvensjonell og økologisk veksthusproduksjon mindre i Noreg enn i mange andre land.

Forbrukarane avgjer

I tillegg til å skaffe erfaringsgrunnlag for dyrking, er det gjort lagringsforsøk og smaksforsøk med dei økologiske sortane. Forsøka vart avslutta i haust, og no ventar prosjektleiar Susanne Friis Pedersen på resultata.

- Ved å prøve ut mangfaldet ønskjer vi å gje insentiv til å produsere både for sal i liten målestokk, og på hobbybasis. Ved dyrking på friland er dei viktigaste kriteria at planten er kuldetolerant, resistent mot sopp, og at ein kan hauste tidleg, seier ho.

Prosjektleiar Susanne Friis Pedersen ved Bioforsk Økologisk. (Foto: Anita Land)

Forsøket inkluderte mellom anna sorten Glacier, som er utvikla i Sverige, kan karakteriserast som ein nordisk tomat og toler det nordiske klimaet.

Den amerikanske sorten Green Zebra, som gjev gul- og grønstripete tomatar og som også er kjent som ein robust tomatsort, viste seg derimot å ikkje vere haustingsklar tidleg nok ved dyrking på friland.

Når det kjem til stykket, er det likevel forbrukarane som avgjer kvor stort utval dei ønskjer. Michel Verheul vil gjerne sjå større konsentrasjon av tomatprodusentar i bynære strok, slik ein finn det elles i Europa.

- Ein slik struktur kan leggje betre til rette for å blande inn økologiske tomatar og uvanlege tomatsortar i produksjonen, til dømes for sal i gardsbutikkar eller på bondens marknad. Det avheng av kva forbrukarane ønskjer seg, seier han.

Powered by Labrador CMS