Det mektige mindretalet

B-medlemmar, fagforeningspampar eller gissel for leiinga? Ny studie avliver myten om at tilsette i norske selskapsstyrer kjenner seg underlegne og har mindre kunnskap og makt enn resten av styret.

Publisert

”Gutta på gølvet” møter menn i dress med cognac og høg sigarføring.

Slik ser mange for seg tilhøvet mellom tilsetterepresentanten og resten av styret i eit aksjeselskap. Men dette er langt frå den norske røynda, i følgje ei ny doktorgradsavhandling.

– Tilsetterepresentantane eg har intervjua legg sjølve vekt på at det ikkje er slik i Norge.

– Dei kjenner seg korkje sosialt eller kulturelt underlegne og dei føler også at resten av styret set pris på den rolla dei har, seier sosiolog og forskar ved Fafo, Inger Marie Hagen.

Ho disputerte nyleg for doktorgraden i sosiologi ved Universitetet i Oslo, om tilsette si rolle i norske selskapsstyrer.

Lite forska på

I 1972 fekk tilsette i norske aksjeselskap med meir enn 30 tilsette rett til å krevje representasjon i selskapet sitt styre. Opp mot ein tredjedel av styret kan velgast av dei tilsette, i følgje aksjelova.

Dette er første gong nokon har forska på korleis denne ordninga fungerer, trass i at den altså har eksistert i Norge i over 30 år.

– Det er jo mange tusen tilsetterepresentantar der ute, men det er gjort veldig lite på dei. Og det er i grunnen veldig veldig rart, for i internasjonal samanheng er det ei veldig sterk ordning med gode rettar i forhold til andre land, seier Hagen.

Avhandlinga til Hagen byggjer på ei spørjeundersøking blant tilsetterepresentantar og leiarar frå 250 større verksemder i Noreg, samt ei undersøking blant 1 000 leiarar i eit representativt utval selskap.

Kjenner selskapet best

Kva rolle spelar så eigentleg dei tilsette i styret, og kor mykje makt har dei? Ifølgje Hagen har tilsetterepresentanten ei viktig rolle som den som kjenner selskapet best.

– Dei er viktige for styret som representantar for dei tilsette, og ikkje som flinke privatpersonar. Styret ser på dei som viktige fordi dei vil vite kva dei tilsette meiner om avgjerder som skal bli fatta.

– Styret vil ha det eg kallar for “verkelegheitsnær kvardagskunnskap” om korleis ting eigentleg er i selskapet, seier Hagen.

For ofte er tilsetterepresentanten den som har sitte lengst i styret, og som har mest kunnskap om selskapet. Dei andre i styret er gjerne finansfolk, juristar og økonomar, medan kunnskapen om, og historia til selskapet er det tilsetterepresentanten som har.

Kunnskap gir makt

Det er vanskeleg å måle makt, men ein kan seie noko om kva det er som gjer at dei tilsette får makt i styret.

– Og det handlar nettopp om denne inngåande kunnskapen dei ofte har om selskapet dei jobbar i, og om dei tilsette sine haldningar, seier Hagen. 

– Korleis vil dei tilsette reagere på å nedbemanne, på å omorganisere, på å satse i Kina eller Bulgaria? Styret er avhengige av at denne informasjonen kjem fram, og må difor behandle tilsetterepresentanten med respekt.

– Elles får dei ikkje tilgang på denne viktige informasjonen. Det at tilsetterepresentantane bidrar til prioritet og økonomisk verdiskaping er maktgrunnlaget deira, seier Hagen.

Hagen nyttar omgrepet “det mektige mindretalet” når ho skildrar tilsetterepresentantane. Dei kan maks utgjere ein tredjedel av eit styre, men kan i praksis ha mykje meir makt. 

– I norske styrer stemmer ein nesten ikkje i det heile tatt, og dei er veldig harmoniske og konsensusprega. Og når frontane ikkje er heilt klare, betyr ikkje stemmetalet noko, men heller evna til å overtyde. Og tilsetterepresentantane overtyder gjennom å vise til at dei tilsette sine haldningar er avgjerande, forklarar Hagen. 

– Ikkje underlegne

Dei tilsette er medvitne om kva rolle dei har, og føler seg på ingen måte som b-medlemmar og underlegne dei andre i styret, ifølgje Hagen. I avhandlinga viser ho til eit døme på dette når ho spør ein tilsetterepresentant:

– Dette kan høyres ut som eit naivt spørsmål, men kvifor skulle styret høyre på deg?

Tilsetterepresentanten svarer:

– Eg synes ikkje det er naivt, eg synes det er frekt. Kvifor skulle dei ikkje høyrer på meg, eg veit meir om dette selskapet enn noko anna styremedlem.

Ein anna representant seier:

– Vi gjer det på ein slik måte at dei trur det er dei sjølve som har kome på det.

Hagen har i liten grad fått historier om tilsetterepresentantar som ikkje forstår diskusjonar i styrer.

Eit gjennomgåande funn i avhandlinga er tvert om at dei oppfattar seg sjølve som betre informert enn resten av styret i saker som eigentleg er dei viktigaste, nemleg dei som omhandlar drift og organisering av arbeidet.

Stor semje om ordninga

Sosiolog  Inger Marie Hagen.
Sosiolog Inger Marie Hagen.

Men har leiinga same synet på tilsetterepresentantane si rolle, som det dei har sjølve?

– Ein av dei tinga som forbausa meg veldig i arbeidet med avhandlinga var at dagleg leiar og tilsetterepresentanten viser seg å vere veldig samde om kva rolle dei spelar i styret.

– Viss vi spør kor mykje makt har du og kor mykje makt har han, så er dei veldig samde. Dei to aktørane har ein veldig lik oppfatning av røynda, seier Hagen.

Avhandlinga viser òg at det er stor semje om sjølve ordninga og av verdien om at tilsette deltek i avgjerder.

– Kosensusen byggjer ikkje på at motsetninga mellom arbeid og kapital har forsvunne, men på det faktum at dei ulike aktørane kan knytte ulike interesser til ordninga. Nokon sluttar opp om ordninga fordi den gir auka produktivitet og lønsemd, andre fordi ordninga er ein sentral del av det demokatiske arbeidsliv.

Dermed er det heller ingen grunn til å tru at dei tilsette i styret er med på å auke konfliktnivået, slik det kan vere nærliggande å tenke.

– Det blir ikkje meir konflikt i styra av å ha tilsette der. Det er ingenting i mitt materiale som tyder på det. Men det kjem derimot meir informasjon inn i styrerommet., seier Hagen.

Økonomisk vekst viktigast

Ein skulle kanskje tru at dei tilsette var mest opptekne av HMS-arbeid, men Hagen sin konklusjon er at dei er samde med resten av styret om at det er økonomisk vekst som er det viktigaste for selskapet.

– Norsk fagrørsle har alltid vore opptekne av såkalla lange arbeidsplassar. Heller få lange enn mange korte. I ein kapitalistisk økonomi er det børskursar og utbytte som er utrykket for ei sunn økonomisk drift, og dermed også eit uttrykk for at arbeidsplassane er sikre.

– Og så kan ein jo sei at ein vert litt overraska over at tilsetterepresentantane er så opptekne av det og ikkje til dømes HMS, men det er nettopp fordi det er eit uttrykk for arbeidsplassane at dei sluttar opp om det.

– Ikkje for ein kvar pris

Det er mange verksemder som har nedbemanna kraftig i Norge dei siste åra, og små lokalsamfunn har mista viktige arbeidsplassar. Eit døme er Hydro si aluminiumsdrift i Høyanger.

Utan å kome direkte inn på Hydro meiner Hagen at hennar materiale viser at at tilsetterepresentantar er opptekne av å sikre arbeidsplassane- men ikkje for ein kvar pris.

– Dei er ofte veldig pragmatiske i slike situasjonar, og dei kjemper ikkje for arbeidsplassar dei ikkje har tru på framover. Dei er med på å gjere strategiske vurderingar, og å sjå på om det vil lønse seg å satse her 20 år fram i tid.

Bakgrunn:

Sosiolog Inger Marie Hagen disputerte 8.januar med avhadlinga “Det mektige mindretallet. Ansatterepresentasjon i styret mellom Corporate Governance og Industrial Relations” ved Universitetet i Oslo.