I 35 år har Norsk Rødt Fe (NRF) hatt eit avlsprogram kor fruktbarheit, helse og brukseigenskapar har vore inkludert. Resultatet er at NRF-kua har god fruktbarheit og er godt tilpassa krava til mjølkeproduksjon i økologisk og konvensjonell drift.
En kombinasjonsrase, der det i avlsarbeidet legges vekt på produktene melk og kjøtt i tillegg til helse, fruktbarhet og bruksegenskaper.
Ytre egenskaper som farge, avtegn, behorning osv. legges det ikke vekt på.
Grunnlaget for NRF-rasen ble lagt i 1930-årene.
Den er basert på hedemarksfeet og ble i 1960-årene slått sammen med de gamle norske storferasene østlandsk rødkolle, sør- og vestlandsfe, dølefe, telemarksfe, rødt trønderfe, sidet trønderfe og nordlandsfe samt målselvfe.
Det har hele tiden vært innblanding av utenlandske raser i NRF.
Det viser ein studie av samanhengen mellom seleksjon, energiopptak og eggstokkaktivitet hos Norsk Rødt Fe.
Randi Therese Garmo ved Noregs veterinærhøgskole har undersøkt fertiliteten (fruktbarheita) hos NRF-kyr i konvensjonelle og økologiske besetningar rundt om i landet.
Det overordna målet på god fertilitiet er at kua kalvar ein gong i året. For å nå dette målet må kua vere drektig igjen tre månader etter kalving.
Hos NRF-kyr fann Garmo ein høg drektigheitsprosent hos både kyr (61 prosent) og kviger (70 prosent) ved første inseminering.
Einsidig avl gjev dårlegare fertilitet
Ein kalv i året krev at kua kjem igang att med eggstokkaktivitet tidleg etter kalving for å auke sjansa for å bli drektig ved inseminasjon.
Garmo har funne at kyr som er avla einsidig for høg mjølkeproduksjon, kjem seinare igang med eggstokkaktiviteten enn kyr som er avla for fruktbarheit i tillegg til mjølkeproduksjon.
Studien viser også at andre ukjente faktorar enn energibalansen etter kalving virkar inn og gjev dårlegare fertilitet hos kyr som er avla einsidig for høg mjølkeproduksjon, men desse faktorane blei ikkje studert i dette arbeidet.
Det gule legeme – ein liten luring?
Sjølv om eggstokkaktiviteten er igang etter kalving, er det fleire hinder i vegen før kua igjen er drektig. Etter eggløsing blir det gule legemet danna der egget var.
Det hender at dette gule legemet blir ståande lenge slik at tida mellom to brunstar blir lenger enn normalt. Dette kan vere til stor fortviling for bonden som ventar på at kua skal kome i brunst.
Førekomsten av vedvarande gule legemar var låg hos NRF-kyr. Likevel kan det skape problem ved at ei ku som har vedvarande gult legeme, har ein større risiko for å bli inseminert på ”falsk” brunst og såleis ikkje bli drektig.
– Vedvarande gule legemar oppsto oftare hos kyr som kom tidleg i gang med eggstokkaktiviteten etter kalving og viser såleis at einsidig avl for tidleg eggstokkaktivitet kan ha ugunstige effektar på eggstokkfunksjonen, seier Garmo.
NRF-kua greier seg fint i økologisk drift
Ved å samanlikne fertiliteten i konvensjonell og økologisk drift fann ein at fertiliteten var god og at det ikkje var skilnad mellom kyrne i dei to driftsformene.
Desse funna står i kontrast til funn frå 10 år gamle undersøkingar der det blei konkludert med at dei økologiske kyrne hadde eit energiunderskot som så førte til nedsett fertilitet.
– Dei siste åra har kyr i økologisk drift blitt fôra med meir kraftôr, og det er nok årsaken til at det ikkje er skilnad på fertiliteten mellom kyr i økologiske og konvensjonelle besetningar, seier Garmo.
Annonse
Bakgrunn:
Cand.med.vet. Randi Therese Garmo disputerte 14. januar 2010 for graden Philosophiae Doctor (PhD) ved Noregs veterinærhøgskole med avhandlinga ” The Significance of Sustainable Breeding and Management Programs on Reproductive Performance in Norwegian Red Cows”.