Variabel skolemat

Skolemattilbodet varierer stort frå land til land, og Noreg er ikkje akkurat først i løypa, viser internasjonal samanlikning.

Publisert
Fra Varebro skole. (Foto: Anne-Kristin Løes)
Fra Varebro skole. (Foto: Anne-Kristin Løes)

Finnane serverer gratis varm mat til alle elevar, mens danskane utviklar tilbod i skolen. 

I Noreg var gratis frukt på skolar med ungdomstrinn ein start. Ordninga er nå godt etablert, likevel møter frukt i skolen politisk motstand.

– Dette er i sterk kontrast til Italia, der det er stor betalingsvilje for god mat, fortel forskar Anne-Kristin Løes fra Bioforsk.

Ho har leia prosjektet “Økologisk mat til ungdommen!” (iPOPY), som har samanlikna skolematordningane i Danmark, Finland, Italia og Noreg. Dette for å sjå om det er ein arena for å auke forbruket av økologisk mat.

– Dei aller fleste elevane i Italia kjøper varm lunsj i løpet av skoledagen. I gjennomsnitt er 40 prosent av maten økologisk, og 36 prosent frå ei anna sertifiseringsordning som fair trade eller lokale spesialitetar.

– Offentlege pålegg om at kommunane skal vektlegge slik kvalitetsmat i anbodsutlysningar har vore eit viktig verkemiddel, seier Løes.

Gratis i Finland

Finske skolebarn får også varm lunsj, salat og brød kvar dag, og maten er gratis.

– Det er eit omfattande apparat som er utvikla, med profesjonelle fagfolk til å passe på at maten er ernæringsriktig samansett. Maten reflekterer finsk måltidskultur, men elevane blir også presentert for andre land sine tradisjonar, seier Løes.

For økovarer i Finland viser undersøkingane at det er ei utfordring å finne vegen inn i eit så godt etablert system, men brødvarer og mjølk, og lokale leveransar av poteter, grønsaker og bær, er enklast å starte med.

Det er ambisiøse nasjonale målsetningar om bærekraftige måltid minst ein gong i veka i 2010 og to gonger i 2015, der “bærekraftig” er å forstå som økologisk, vegetarisk eller sesongbasert. Dette er ei god hjelp for økomaten i finske skolar.

Dansk verdsrekord i økoforbruk

I Danmark er matpakka like vanleg som i Noreg, men det blir eksperimentert mykje meir med ulike tilbod på skolane. Ein del stader har ein også begynt med sal av varme måltid.

Halvparten av skolemjølka i Danmark er økologisk, og danskane hadde verdsrekord i økoforbruk; sju prosent i 2009. Mange kommunar i Danmark har satsa lenge og mykje for å tilby økologisk mat i kommunal regi.

København kommune introduserte eit nytt skolematskonsept i 2009. Her er økoandelen meir enn 70 prosent, men det har vært tungt å få opp interessa. Dette skyldast blant anna korte matpausar og mangel på ein triveleg stad å eta.

Om elevane skal kunne velje frå dag til dag om dei vil kjøpe skolemat eller ikkje, har det vist seg vanskeleg å planlegge eit godt mattilbod i Danmark.

Elevbedrifter

I Noreg held vi fast på matpakka med mjølk og frukt som tilbehør. Men det blir også stadig fleire skolar som har eiga kantine og driv ulike former for matsal, gjerne organisert som elevbedrifter.

Felles måltid, for eksempel med smøring av fersk brød, har vore svært populært på skolar som har prøvd dette.

– Kanskje kan ein starte med slike skolemattilbod ein dag i veka, og utvide ordninga etter kvart? spør Anne-Kristin Løes.

Ho viser til tilbod skolen har, for eksempel frå firma som skolematen.no .

– Økologisk mat er eit fint verkemiddel for å fokusere på bærekraftig matproduksjon og miljøvern. Skolehagar og gardsbesøk er populært, og også norske erfaringar viser at når ein skole klarer å etablere eit godt og økologisk mattilbod, så aukar kunnskapen om mat, helse og økologi blant elevane.

– Økomat bør derfor ikkje berre vere noko elevane spis, men eit integrert element i heile skolekvardagen, meiner Løes.

Lenke:

Forskningsprosjektet iPOPY