Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Førebels er stoffa berre testa i laboratoriet på enzym og i kreftceller. Vegen fram til eit eventuelt legemiddel er lang.

Forskarar leitar vidare etter kreftbehandling som er spesialtilpassa pasienten

Grunnforsking: Målet er å identifisera kva pasientar som sannsynlegvis vil respondera best på ulike tiltak. Behandlinga kan bli bedre tilpassa den enkelte pasienten, på tvers av dei ulike krefttypane.

No leitar forskarane etter den rette behandlinga for den enkelte pasienten.

– Forståinga vår av kreftsjukdommen vert stadig betre. I førre hundreår var det gjerne slik at dei som hadde brystkreft, fekk ei form for behandling, medan dei som hadde lungekreft, fekk ei anna.

Det seier Vegard Torp Lien, som disputerte for doktorgraden ved Universitetet i Oslo 7. februar.

Han har forska på utviklinga av småmolekylære stoff for inhibering og avbilding av eit enzym som heiter MET-kinase. Inhibering vil seia at stoffa hemmar aktiviteten til enzymet.

Hjå ein del kreftpasientar regulerer ikkje kroppen dette enzymet slik han skal, uavhengig av krefttype. Deregulert MET er forbunde med dårlege prognosar og kreftsjukdom som viser motstand mot strålebehandling og ei rekkje legemiddel.

Derfor er det viktig å utvikla både behandlingar og diagnoseteknikkar for denne kinasen.

Å identifisera desse pasientane så tidleg som råd gjer at ein kan setja inn målretta tiltak for å prøva å hindra kreften i å spreia seg og dermed auka sjansen for at dei overlever.

Mange nye medisinar på marknaden

Ein del av doktorgradarbeidet som handlar om såkalla positronemisjonstomografi (PET) er blitt utført ved Norsk medisinsk syklotronsenter på Rikshospitalet.

– Ved PET injiserer ein eit radioaktivt stoff som for eksempel verta akkumulert i kreftcellene. Når det bind seg til målstrukturane, lyser tumoren eller svulsten, når bileta vert tekne opp i ein PET-skanner, forklarar Lien.

På bakgrunn av det er målet å gjera det lettare å bestemma kva behandling som antakeleg vil ha best effekt for denne pasienten. Saman med kollegaer har han framstilt to stoff som kan ha desse eigenskapane. Dei har blitt testa på mus med lovande effekt.

I media høyrer ein rett som det er om håp om ein kur for kreft, og Lien fortel at det er kome mange nye medisinar på marknaden dei siste åra som verkar på proteinkinasar.

– Men det dei har felles, er at dei riktig nok har god effekt – men berre for nokre pasientar. For dei fleste andre forlengjer dei i beste fall levetida med eit par månadar. Derfor er avbildingsteknikkar som PET viktig for å velja ut pasientar for vidare behandling.

Vegard Torp Lien lovar ikkje «løysinga på kreftgåta». Her i laboratoriet.

Ikkje løysing av kreftgåta

Dermed lovar heller ikkje Lien at forskinga hans skal føra til noko «løysing av kreftgåta». Tvert imot understrekar han at det han driv med, er grunnforsking, som kan ha funn som andre kan byggja vidare på.

– Vi har mellom anna forska på stoff som kan fungera som MET-inhibitorar, altså som hemmar aktiviteten til MET-kinase-enzymet. Vi har funne to stoff som fungerer like bra som det som er på marknaden no – og som er betre mot enkelte typar kreftceller.

Berre testa i laboratoriet

Lien har også undersøkt ein heilt ny metode å angripe MET på i tillegg til ein signalveg som vert kalla WNT. Signalvegane fraktar biokjemiske signal mellom celler eller inne i dei.

Med den nye metoden kan ein oppnå synergistiske effektar, altså betre resultat enn om ein bruker stoff som berre verkar på MET eller WNT.

Arbeidet til Lien er det fyrste der ein prøver å kombinera effekten av MET- og WNT-inhibitorar inn i eitt og same molekyl.

Men førebels er stoffa berre testa i laboratoriet på enzym og i kreftceller. Vegen fram til eit eventuelt legemiddel er lang.

– Ein må til dømes undersøkja biodistribusjon, toksisitet og effekt av stoffet i relevante modellar. Dersom ein kjem fram til at stoffet er klart til å testast ut på menneske, er ein avhengig av at nokon faktisk finn potensialet så interessant at dei vil gjera forsøk i klinikk.

Referanse:

Vegard Torp Lien: Development of diagnostic and therapeutic tools for MET and associated targets in cancer. Doktoravhandling ved Universitetet i Oslo, 2020.

Powered by Labrador CMS