Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Kyrne på garden i Gudbrandsdalen fekk lauv som ei kortsiktig løysing då graset slutta å vekse.

Tørkesommaren 2018 var eit sjokk for mange bønder. Få har rusta seg mot at det skjer på nytt.

– Staten må vise veg i spørsmålet om klimatilpassing, meiner forskar Synnøve Beitnes.

Slik hugsar ho sommaren for fire år sidan: Varme som berre varte og varte, og regn som ikkje kom. Overalt låg store kornåkrar brunsvidde. Leirjorda slo etter kvart sprekker, som på bilete frå tørkekriser i Afrika. Alle snakka om det same: avlingane som gjekk tapt, og kva dyra skulle få å ete.

– Gras og korn slutta å vekse, og folk snakka om at plantene liksom krympa nedover mot bakken att. Så stod det berre bom stille, og det skjedde ikkje noko meir, fortel forskar Synnøve Beitnes, som var heime på ferie i Ullensaker den sommaren.

– Så langt du kunne sjå, såg du noko knusktørt og daudt. Det skjedde ingenting der, på kjempestore område, fortel forskar Synnøve Beitnes.

– Så langt du kunne sjå, såg du noko knusktørt og daudt. Det skjedde ingenting der, på kjempestore område.

Bøndene lærte lite av krisa

Tørke kunne altså ramme oss, i fuktige Norge. Synet av vidstrekte, tørre område gjekk inn på mange ferierande i 2018. På radioen nemnde ein aldri finvêret utan å legge til at det skapte problem. Blant bøndene i dei hardast råka områda, var stemninga prega av fortviling, uvisse og febrilsk venting på vêret.

– Det var ikkje noko hyggeleg heime den sommaren – det var tyngande. Vi snakka om tørken heile tida, seier Beitnes.

Då studieåret starta att, valde Beitnes, då masterstudent i geografi, å oppsøke bønder i Midt-Gudbrandsdalen for å undersøke korleis dei hadde kome seg gjennom krisa og kva dei ville gjere annleis i framtida. Funna frå masteroppgåva formidla ho seinare i ein vitskapleg artikkel, der konklusjonen er at det skjedde lite læring; ein kom seg gjennom krisa og heldt fram som før.

Staten lærte heller ikkje

Dei fleste Beitnes intervjua, meinte at sommaren 2018 kom til å ligge i bakhovudet deira i maks 2-3 år. Få hadde planar om langsiktige eller djupare tiltak og endringar som kan kallast klimatilpassing.

Heller ikkje i landbruks-Noreg generelt eller hjå statlege aktørar var det teikn til læring, noko også forskarane Karen O’Brien og Bjørnar Sæthre ved Universitetet i Oslo konkluderte med i etterkant av sommaren 2018.

– Ein tenkte verkeleg at dette var ei eingongskrise. Gjennomgangstonen var «Dette gjekk bra, vi klarte det», seier Beitnes, som i dag forskar på samfunnet si tilpassing til klimaendringar ved Vestlandsforsking og Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt).

Eit mylder av løysingar

Mange stader har ein ingen tradisjon for å beskytte seg mot tørke. Vatningsanlegg er ikkje vanleg overalt.

Korleis kom bønder seg då gjennom dei knusktørre vekene frå mai til august, medan halve landet var i den same, uvanlege situasjonen? Gjennom samarbeid gardbrukarar imellom og eit mylder av kortsiktige løysingar, alt etter kva ein dyrka og kva ressursar ein hadde tilgang på, forklarer Beitnes.

Importert råstoff til kraftfôr og krisepakka frå staten vart heilt vesentleg for dei aller fleste for å kompensere for dei tapte avlingane og inntektene dette året.

I Ullensaker måtte Beitnes sjølv trø til for å skaffe kyrne mat. Å slå vegkantar og kappe greiner av lauvtre blei ei av løysningane på kort sikt.

Tap på fem-seks milliardar kroner

I Gudbrandsdalen fanst det eitt og anna vatningsanlegg bygd i 1970-åra, då somrane var tørre. Men å pumpe opp vatn frå elva er ein straumkrevjande jobb. Dei nær 50 år gamle anlegga måtte dessutan rustast opp, og det blei mangel på delar. Ein bonde måtte til slutt be ein kjenning i importbransjen om å køyre rundt i Europa etter det han mangla.

– Samtidig var jo heile Nord-Europa i den same situasjonen. Det var ikkje berre å gå til nabolanda for å skaffe seg det ein hadde bruk for, understrekar Beitnes.

Då tapa var talde opp, viste det seg at landbruket tapte mellom fem og seks milliardar kroner den sommaren. Toler vi det igjen om det skjer på toppen av ei verdsomspennande matvarekrise?

Staten må dra i gang klimatilpassing

Slik landbruket i Noreg er, bør staten ta sin del av jobben med å dra i gang klimatilpassing, både mot ekstremt tørre og våte periodar, meiner forskaren.

– Bøndene navigerer først og fremst ut frå landbrukspolitikken. Skulle dei gjere store driftsomleggingar i tilfelle det blir tørt eit år? Neppe, for det kan koste pengar ein ikkje har, og det kjennest ikkje så nødvendig for dei, seier ho.

Staten, derimot, kan stake ut ein ny kurs. Var det opp til Beitnes, ville den gå vekk frå einsidig produksjon, store einingar og avhengigheit av kraftfôr og i retning av å bruke den lokale utmarka meir. Slik forskaren ser det, er dagens landbruk på kollisjonskurs med klimaendringane.

– Gardbrukarane utfører eit samfunnsoppdrag som dei meiner styresmaktene til sjuande og sist har ansvaret for. Å legge til rette for eit meir klimarobust landbruk, er difor ei oppgåve som til dels må løysast sentralt, i det minste i form av signal om at det er lurt, seier Beitnes.

Referanser:

Synnøve Støverud Beitnes mfl.: Climate change adaptation processes seen through a resilience lens: Norwegian farmers’ handling of the dry summer of 2018. Environmental Science & Policy, 2022. Doi.org/10.1016/j.envsci.2022.03.019

Synnøve Støverud Beitnes: Tørkesommeren 2018: En casestudie av jordbrukets resiliens til ekstremværhendelser og utvikling av klimatilpasningsstrategier. Masteroppgave ved Universitetet i bergen, 2020.

Powered by Labrador CMS