Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Parallellsamfunnet i Twin Oaks går ut på å leve i pakt med kvarandre og naturen og dyrke sin eigen mat.

Samtykke er regelen før flørting i TwinOaks: – Er det i orden at eg flørtar med deg?

I den amerikanske økolandsbyen Twin Oaks, spør medlemmane kvarandre stadig om samtykke. Målet er å oppnå rettferd og likskap for alle som bur der.

«Er det i orden at eg flørtar med deg?» På dette sømmelege, men litt uvande viset kan det starte når nokon har eit godt auge til eit anna medlem av den amerikanske økolandsbyen Twin Oaks, eitt av USAs rundt 2000 såkalla utopiske samfunn.

Dette er grupperingar som bur og arbeider isolert frå storsamfunnet, styrer seg sjølv og prøver å skape eit godt liv.

Rundt halvparten av desse samfunna er baserte på religion. Blant dei ikkje-religiøse samfunna er Twin Oaks eit av dei utopiske samfunna i USA som har eksistert lengst.

Også mellom menneske som bur saman og deler alt frå arbeidsoppgåver til middagsmat, er slike kontrollspørsmål eit krav.

For dei rundt 100 vaksne som har slutta seg til Twin Oaks, handlar dette om å få slutt på ulikskap, undertrykking og skeivfordeling av makt – problem dei meiner gjennomsyrer samfunnet på utsida.

Sosialantropolog Mari Hansen Korsbrekke.

Blei medlem

Sosialantropolog Mari Hansen Korsbrekke, no forskar ved Vestlandsforsking, la nyleg fram doktoravhandlinga si ved Universitetet i Bergen. Ho byggjer i stor grad på eit feltarbeid i Twin Oaks.

Forskaren gjekk inn som vanleg medlem i det sosiale eksperimentet.

– Som feminist opplevde eg det nesten som revolusjonerande at folk kom og spurde om lov til å ta borti håret mitt eller få ein klem, seier Korsbrekke.

Ho skildrar eit miljø med mykje fysisk nærkontakt, der folk held rundt kvarandre og kosar. Men altså ikkje utan desse spørsmåla først.

– Når ein ser korleis dei hentar inn samtykke i kvardagen, handlar det mykje om å respektere folk sine grenser, utdjupar Korsbrekke. Til dømes må ein spørje før ein tek opp noko vanskeleg eller viss ein vil snakke om jobb når ein har fri. Har du ein dårleg dag, er det lov å svare nei.

– Når ein ser korleis dei hentar inn samtykke i kvardagen, handlar det mykje om å respektere folk sine grenser, seier Mari Hansen Korsbrekke.

Deler alt

Den ytterleggåande samtykke-praksisen har lange tradisjonar i Twin Oaks.

I ein nokså beskjeden bygningsmasse bur og jobbar rundt 100 vaksne og 15–18 barn etter ei rekkje avtalte prinsipp. Dei deler alt dei eig og tener, har sitt eige politiske system med roterande leiarskap, driv fleire vellykka forretningar og fungerer som knutepunkt for alle utopiske miljø langs austkysten av USA.

– Det kjem òg folk frå andre delar av verda for å lære om dette berømte utopiske samfunnet eller for å bli medlem, fortel Korsbrekke.

Vil du bli medlem, må du gå gjennom ein besøksperiode så dei andre blir kjent med deg. Deretter kan du stemmast inn.

Amerikanarane kallar det eit «intentional community», på norsk gir «økolandsby» eller «tiltenkt fellesskap» ein idé om kva akkurat dette parallellsamfunnet går ut på: å leve i pakt med kvarandre og naturen og dyrke sin eigen mat.

Det felles verdigrunnlaget er samarbeid, rettferd, likskap, ikkje-vald, berekraft og deling av all inntekt.

– Også omsorga for barn er delt i Twin Oaks. Viss nokon ønskjer å få barn, må dei faktisk søke om løyve først, opplyser forskaren.

Twin Oaks minner mest om ein stor, frodig gard omgitt av vidstrekte åkrar på utsida. Klimaet i denne delen av Virginia nærmar seg det vi kjenner frå sørstatane, men det blir likevel vinter.

Skipa av Harvard-professor

Då dette utopiske samfunnet vart etablert på ein tidlegare tobakksgard i 1967, stod USA midt i ei brytingstid. President Johnson held fram med å sende unge soldatar til Vietnam og studentane protesterte.

Den amerikanske hippierørsla var i ferd med å slå ut i full bløming. Å eksperimentere med samfunnet var i tida.

Det var likevel ikkje «flower power» som skapte Twin Oaks. Idéen var eldre og kom frå ein roman gitt ut i 1948. Forfattaren av «Walden Two» var professor Burrhus Fredric Skinner – ein psykolog, sosialfilosof, forfattar og oppfinnar.

I romanen skildrar Skinner ein utopisk landsby der medlemmane frigjer seg frå kjernefamilien og har ei eksperimenterande innstilling til korleis ein bygger opp eit samfunn.

Ei vidareutvikling

Twin Oaks var ikkje det einaste forsøket på å setje visjonen hans ut i livet, men prosjektet stranda etter kort tid. Det døydde likevel ikkje ut, men utvikla seg i ei ny retning, påverka av tankegods frå andre utopiske samfunn og rørsler som la vekt på det åndelege, på marxisme og anarkisme.

Særleg éin idé slo rot: draumen om å viske ut alle forskjellar mellom folk og oppnå fullstendig likestilling og likeverd.

– Etter få år reindyrka Twin Oaks desse verdiane og gjekk over til å kalle seg eit egalitært samfunn. Dei fekk også fleire greiner og søstersamfunn, fortel sosialantropolog Mari Hansen Korsbrekke.

Det sosiale eksperimentet heldt dermed fram med full styrke.

Fleire av dei Mari Hansen Korsbrekke vart kjend med, var i Twin Oaks fordi dei hadde fått nok av jaget, stresset og problema «der ute».

Ei trygg boble

Dei du i dag finn ute på åkrane, der dei dyrkar belgvekstar og grønsaker, er i stor grad kvite amerikanarar frå middelklassen og arbeidarklassen. Ein del har jødisk bakgrunn og er positive til ein slik livsstil på grunn av fellestrekka med kibbutzane i Israel.

Få har andre minoritetsbakgrunnar, truleg på grunn av såra etter kolonisering, slavetid og raseskiljet: Å jobbe i ein sørstatsåker, kan kjennast utoleleg for dei som har forfedrar som var slavar. Eit anna særtrekk ved medlemsmassen er at mange klassifiserer seg som LHBT+ (samleomgrep for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar).

Fleire av dei Mari Hansen Korsbrekke vart kjent med, var i Twin Oaks fordi dei hadde fått nok av jaget, stresset og problema «der ute». Ein del hadde hatt vanskeleg for å få endane til å møtast i kvardagen; tida og løna strakk ikkje til. Andre hadde søkt seg til den trygge bobla fordi verda såg ut til å gå av hengslene.

– Etter at Donald Trump vart president, måtte Twin Oaks opprette venteliste, fortel Korsbrekke.

USA som eit utopisk prosjekt

Det er langt frå tilfeldig at så mange slike samfunn veks fram i USA, meiner sosialantropologen. Ho knyter det til måten landet vart kolonisert på – i seg sjølv eit utopisk prosjekt.

– Landmassen blei sett på som eit slags «tabula rasa» – ei blank tavle. Dei som koloniserte USA følte seg frie til å forsyne seg av landet og skape noko heilt nytt. Spesielt i amerikanske enklavar eller småsamfunn har det alltid føregått mykje utopisk verksemd, fortel forskaren.

Dette har mellom anna vore mogleg på grunn av vektlegginga av verdiar som fridom, å skape si eiga lykke og råde over privat eigedom, utdjupar ho.

Kunsten å lese kvarandre

Men om utopiske bobler blir betre enn storsamfunnet, blir dei dessverre aldri perfekte. Dagens utopianisme er realistisk på det punktet og jobbar for oppnå ei betre – ikkje perfekt – verd.

– Også i Twin Oaks, trass i reglane om å spørje før du handlar, skjer det uakseptable ting, fortel Korsbrekke.

Bryt du dei viktigaste reglane – det medlemmane kallar «kontrakten» med kollektivet – risikerer du å måtte reise. Men først ventar smertefulle allmøte der alle får sagt sitt, medan syndaren sit i midten av sirkelen.

Enkelte hadde eit lausare forhold til reglane enn andre. Til dømes fanst det eldre folk i Twin Oaks som ikkje lenger orka svare på om det var i orden å stille dei eit spørsmål. For å gjere ting enklare kan medlemmar som kjenner kvarandre godt, òg gi kvarandre overordna samtykke: «Du får lov til alt!».

– Reglane gir heilt klart grobotn for mange konfliktar. Dels er det ikkje så lett å bli einige om dei, men det er heller ikkje lett å følgje dei, seier Korsbrekke.

Seksuelt frigjorde

Alle som har vore innom ein folkehøgskule eller eit internat, veit kor mykje kosing og klemming det kan bli når ein bur tett. Forskaren la fort merke til kor avslappa og fysiske medlemmane av Twin Oaks var med kvarandre. Men så var det desse reglane, då.

For ikkje å kome skeivt ut, la Korsbrekke seg først på ei veldig forsiktig linje der ho unngjekk fysisk kontakt. Ofte tok ho seg i å strekke ut handa mot nokon, kanskje for å røre venleg ved skuldra deira, før ho kom på at ho måtte spørje. Etter kvart vart det meir naturleg.

For dei som hadde vore der ei stund, blomstra kjærleiken i Twin Oaks.

– Berre du går fram på den rette måten, er det fritt fram å vere i forhold, gjerne med fleire enn ein, forklarer forskaren.

Såkalla polyamori, å ha fleire partnarar på ein gong, er både akseptert og utbreidd.

At folk var så frigjorde, gjorde det desto viktigare at han eller ho som spurde om lov, lytta ærleg etter både svaret og det mindre tydelege kroppsspråket til den andre. Slik kunne dei skilje mellom eit ektefølt «ja» til å bli rørt ved og eit meir utydeleg «ja» som betydde at personen kjende seg pressa.

Twin Oaks heldt arbeidsverkstader der ein kunne trene på å lese sosiale situasjonar betre.

– Det kan vere ein komplisert og sårbar prosess å lære seg så inngåande å be om eller gje samtykke. Ein må verkeleg bli kjend med både eigne og andre sine grenser, forklarer Korsbrekke.

Verken like eller frie i Noreg

Etter at forskaren avslutta feltarbeidet på halvtanna år, skylte #Metoo-bølgja inn over Noreg og seksuelle overtramp kom på dagsorden.

Også debatten om samtykkelova, som har gått både i Noreg, Sverige og Danmark, har mint forskaren om det viktige sporet Twin Oaks var inne på ved å leggje så stor vekt på samtykke.

Samtidig gjeld det å snakke meir om korleis ubalanse i makt, status, alder og kjønn kan få eit «nei» til å fortone seg som eit «ja». Eller korleis eit «ja» fort kan bli til eit «nei» om ein ikkje kommuniserer godt nok.

– Det finst nok av døme på korleis sosiale relasjonar kan bli problematiske når samtykke er eit viktig element, og på dette området har vi i Noreg ein lang veg å gå når det gjeld bevisstgjering og ikkje minst lovverk, meiner forskaren.

I dag jobbar Mari Hanssen Korsbrekke som klimaforskar ved Vestlandsforsking og studerer klimaomstillinga av det norske samfunnet med sosialantropologisk blikk.

Også på dette feltet er erfaringane frå det utopiske eksperimentet nyttige for å forstå det som skjer.

– Når den norske staten inviterer til prosessar rundt naturinngrep, er det på statens premissar. Det kan skape situasjonar som ikkje er samskapning – altså å sjå folk som likeverdige og ressursar som felles. Då kan staten raskt oppfattast som autoritær, forklarer Korsbrekke.

– Korleis rettferd, likskap og liknande egalitære verdiar formar samfunna våre, formar også korleis vi svarar på klimakrisa, og det treng vi meir kunnskap om.

Referanse:

Mari Hanssen Korsbrekke: Different Strokes for Different Folks in Egalitarian Intentional Communities- Searching for the Good Life in Practical Utopia. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Bergen, 2021.

Om avhandlinga

Feltarbeidet i Twin Oaks og fleire andre utopiske samfunn vart gjennomført som del av det EU-finansierte forskingsprosjektet «Egalitarianism: Forms, Processes, Comparisons» ved Universitetet i Bergen.

I tillegg til samtykkepraksisen i Twin Oaks, tek Korsbrekke si avhandlinga for seg historie og arkitektur, politisk struktur, arbeidssystem, aktivisme og delingsøkonomi og nedvekst.

Powered by Labrador CMS