Hjorten er ein allsidig beitar og kan ved tette bestandar gjere stor skade på eng, skog og frukthagar. (Foto: Nibio)

Skyte hjort for å redde timoteien?

Den aukande bestanden av hjort skapar problem for norske grasbønder. Dette gjeld særleg dei som dyrkar timotei. Meir jakt kan vere løysinga.

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Fact: Click to add text

Om prosjektet

«Kostar hjorten meir enn han smakar?»

Nibio-prosjekt som varte frå 2003 til 2014.

Prosjektet var delt i to delar: Del 1 var ferdig i 2010 og omhandla først og fremst kostnad og nytteverdien av hjort for grunneigarar i eit storvald. Del 2 vart sluttrapportert i 2014 og tok føre seg skadar og skadeomfang av hjortebeiting i fulldyrka eng.

Takseringsmetodikk: Gjennom prosjektet har forskarane utvikla ein takseringsmetodikk med tilhøyrande dataverktøy for å rekne ut avlingstapet etter hjortebeiting på eng.

Sluttrapportar:

Thorvaldsen mfl: Kostar hjorten meir enn han smakar? Del 1. Berekning av kostnad og nytteverdi av hjort i Eikås storvald i Jølster kommune

Thorvaldsen mfl: Kostar hjorten meir enn han smakar? Del 2. Skader og skadeomfang av hjortebeiting i fulldyrka eng

I løpet av de siste tiåra har tal hjort i Noreg auka kraftig, og hjort er i dag det mest talrike av hjortedyra våre.

Viktige faktorar for denne veksten i bestanden er avskyting retta mot hanndyr, mildare klima, skogplanting, fråvær av store predatorar og generell attgroing.

Flest hjort har vi i Sogn og Fjordane der det vart skote over 10 000 hjort i 2012. På landsbasis vart det same år skote meir enn 35 000 dyr.

Forskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) og Norsk viltskadesenter har berekna skadeomfanget av hjort på skog og eng.

Hjorten er ein nøkkelart

Hjorten er ein allsidig beitar og kan ved tette bestandar gjere stor skade på eng, skog og frukthagar. Samtidig er den selektiv og favoriserer unge planter og plantedelar som er dei mest protein- og næringsrike.

Dette fører til at hjorten verkar inn på vegetasjonsstrukturen og førekomsten av mange planteartar i leveområdet sitt. Slik sett er han ein nøkkelart i det naturlege økosystemet.

Føretrekkjer smaken av innmarka

At hjorten beiter på innmarka, er ei naturleg følgje av at det gjer lett tilgang til næringsrikt beite. Kvaliteten på beiteplantene på innmarka er som regel betre enn beitekvaliteten i utmarka.

– Beiteressursane på innmark er attraktive for hjorten fordi dei er lett tilgjengelege og har høg kvalitet. Planteveksten kjem tidlegare i gang om våren på innmark enn i utmark og han varer også lenger utover hausten, seier forskar Pål Thorvaldsen ved Nibio.

Men det er ikkje berre fôrtilgangen som avgjer kvar hjorten føretrekkjer å opphalde seg.

– Kor ofte hjorten oppsøkjer innmarka varierer mellom årstidene og er generelt sett ei avveging mellom trongen for tryggleik og tilgang på gode beiteressursar, seier Thorvaldsen.

Frå slutten av mai og utover forsommaren er beiteressursane på sitt beste i utmarka. Med små kalvar søkjer de fleste hjortedyra då skjul og tryggleik i utmark.

Bilete frå forsøksverksemda teke i slutten av mars og synleggjer korleis planteveksten har komme godt i gang i den delen av feltet som har vore gjerda inn gjennom heile vinteren. Utanfor gjerdet har hjorten beita kraftig på det spirande graset. (Foto: Pål Thorvaldsen)

Timotei toler beiting dårleg

Basert på resultat frå ti større forsøksfelt med dei fire mest brukte grasartane timotei, engrapp, engsvingel og fleirårig raigras, har forskarane i Nibio sett på korleis dei ulike grasartene vert påverka av hjortebeiting.

Det viser seg at timotei er den einaste arten som tek vesentleg skade, medan engsvingel, engrapp og fleirårig raigras toler beiting betre.

– Timotei er den viktigaste planta i norsk grovfôrdyrking fordi han er vinterherdig, etablerer seg raskt etter engfornying, gjev stor avling og eit smakeleg fôr, seier Thorvaldsen.

– Timoteien si svake side er at han ikkje toler beiting. Timoteiinhaldet minkar raskt i eng som vert utsett for hjortebeiting, trongen for fornying aukar, men på grunn av vedvarande beitepress får ein lite igjen for å fornye enga.

Hjortebeiting kan også gje eit auka ugrasproblem, først og fremst som ei følgje av trakkskadar i fuktige parti av enga eller på eit nysådde areal før plantedekket har fått etablert seg.

Dei mest aktive bruka blir ofte hardast råka

Timotei. (Foto: Pål Thorvaldsen)

– Avlingstapet er svært stort for enkelte av gardbrukarane og aller størst hos dei som praktiserer regelmessig engfornying for å bevare timoteien i enga. Dette gjer at det ofte er dei mest aktive bruka som vert hardast råka, seier Thorvaldsen.

Det kommer av at gammal eng med lite timotei er mindre attraktiv også for hjorten. I tillegg til mengde timotei, er geografisk plassering og alder på enga dei faktorane som verkar sterkast inn på avlingstapet.

– På ung eng med mye timotei finn vi eit avlingstap på meir enn 20 prosent ved første slått. Tapet ved andre slått er noko mindre, men vil auke ved seinare haustetidspunkt etter kvart som hjorten trekkjer inn på innmark utover hausten, seier Thorvaldsen.

Mindre hjort på innmarka er det einaste som kan berge avlinga

– Det kan vere aktuelt å bruke ein større del beitetolerante artar som engsvingel, engrapp, raigras og raisvingel i frøblandingane som vert sådde. Raigras og raisvingel kan også brukast åleine, men mange stader er ikkje desse artane vinterherdige nok til å gje stabile avlingar, seier Rivedal.

Reduksjon i beitetrykket er likevel den einaste sikre måten å berge avlingane på i område med stor beiteskade.

– Det som truleg har størst verknad, er å redusere bestanden av hjort gjennom auka jakt mange stadar. I enkelte tilfelle der enga ligg isolert til med store utmarksareal rundt, kan inngjerding vere det einaste alternativet for å berge avlinga, seier Thorvaldsen.

Powered by Labrador CMS