Annonse

Tøft å vera ku på flyttefot

Det er ikkje lett å flytta frå bås til lausdrift. Kyrne som flytter, blir både stressa, forvirra og støle.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kyrne må finne sin eigen veg i lausdriftsfjøs. (Foto: Marianne Mork)

Kva har ei ku og ein kontorist til felles?

Begge slit med rutinane når dei må flytta og venne seg til ein ny kvardag,

I time etter time har dei filma kyr, forskar Lise Aanensen og kollegaene på Bioforsk Nord Tjøtta og Høgskolen i Nord-Trøndelag.

– Vi har ganske mange timar med film og data. Vi har ikkje sett på alt enno, men vi får fleire resultat etter kvart, fortel Aanensen. 

Ho har sett på overgangen frå bås til lausdrift. Det viser seg at kyrne er som folk flest: Dei slit med å lære seg nye rutiner, og dei blir frustrerte når kvardagen ikkje er til å kjenne att.

– Det vi såg, er at dei kom frå ein bås der dei er vande til å stå stille mens alt kjem til dei. Dei fekk servert maten, vatnet hadde dei rett ved sida av seg, og mjølke dei kjem det nokon og gjer.

– Så kjem dei til eit system der dei sjølve må finne ut kvar dei skal legge seg, kvar dei får kraftfôr, kvar dei får grovfôr og kvar dei blir mjølka, og så må dei flytta seg mellom dette, forklarer Lise Aanensen.

Det kan være utfordrande for kyrne å lære seg nye rutiner for kvar dei skal legge seg, kvar dei får kraftfôr, kvar dei får grovfôr og kvar dei blir mjølka. (Foto: Marianne Mork)

Blir støle

Dei uvande rørslene rammar òg kua på same måten som uvande rørsler plagar menneske som dukkar opp på helsestudio med gode forsett og dårleg grunnlag: Ho blir støl.

– Flyttinga er litt fysisk utfordrande, og dei blir svært slitne den fyrste perioden. Kyrne blir stive og støle, og så skal dei jo òg gjera opp seg imellom i høve til rangordninga. Sjølv om dei kjem frå same besetning, så har dei jo stått på bås og ikkje fått gjort opp, sier Aanensen.

Forskjell på kyrne er det òg. Nokre av dei er tøffe, nysgjerrige og finn ut av ting ganske fort. Andre er forsiktige, trekker seg unna og prøver å gøyme seg bort.

Lenger tid

- Flyttinga er litt fysisk utfordrande, og dei blir svært slitne den fyrste perioden, seier forskar Lise Aanensen. (Foto: Bioforsk)

Så langt kan ikkje forskarane seia noko om kor lang tid det tek før kyrne legg seg på rett plass og går i kraftfôrautomaten når dei skal.

– Etter to veker var det framleis nokre som la seg feil stad og var redde for å gå i mjølkeroboten. Det å skjønne robotsystemet, tok litt lenger tid enn vi antok fyrst, slår Lise Aanensen fast.

Ho understreker at det ikkje er tvil om at lausdrift er betre for dyra. Det er overgangsfasen som er tøff.

– Den førebelse konklusjonen er at du må ha ein god plan for korleis du skal organisere overflyttinga og når på året du skal flytte, og du må ha nok folk til å hjelpe.

– Kanskje du skal flytta dei om hausten når dei har vore ute på beite, for da er rangordninga avklara og dei er i god fysisk form, seier Aanensen.

Powered by Labrador CMS