Meir beite i utmark vil gje meir mat

Noreg har store attgrodde utmarksområder som kan takast i bruk for å auke matproduksjonen, viser tal frå Skog og landskap. Men hyttebyggjing og rovdyr truger arealtilgangen til gode beiteområder, ifølgje forskar.

- Det opne, grasrike landskapet, som er arven frå tidlegare generasjonars utmarksbruk, må skjøttast skal beitekvaliteten takast vare på, fortel beitegranskar Yngve Rekdal. (Foto: Yngve Rekdal / Skog og landskap)

Vegetasjonskart

Eit vegetasjonskart viser mosaikken av vegetasjonstypar i eit område.

Tek ein utgangspunkt i at vegetasjonstypane speglar veksemiljøet, blir kartet ein oversikt over variasjonen av fleire miljøfaktorar som næring og vatn i jorda, klima, snødekke og kulturpåverknad. Vi kan også knytte ei rekkje eigenskapar til vegetasjonstypane med omsyn til ressursutnytting og arealbruk.

Slik blir vegetasjonkartet eit allsidig informasjonsgrunnlag og det næraste vi til no har kome eit økologisk kartverk.

Vegetasjonstyper

Veksemiljøet til plantene er samansett av ei rekkje naturgjevne og menneskeskapte tilhøve. Dei viktigaste av desse såkalla økologiske faktorane er næring og vatn i jorda.

Planter som har nokolunde same krav til veksevilkår vil finnast på same stad. Dei dannar det vi kallar eit plantesamfunn eller ein vegetasjonstype.

Ein vegetasjonstype er såleis ei karakteristisk samling av artar som vil finnast att på stader med like veksevilkår.

Mange artar vil opptre i fleire vegetasjonstypar. Desse har eit vidt økologisk leveområde, men mengdeforholdet vil oftast variere frå kanskje dominerande art i ein type til spreitt forekomst i ein annan.

Andre artar kan ha snevre tolegrenser for ein eller fleire miljøfaktorar. Desse kallar vi karakterartar fordi dei fortel oss noko heilt bestemt om tilhøva på veksestaden og om plantesamfunnet dei veks i.

Når vi kartlegg utbreiinga av vegetasjonstypar, brukar vi dominerande artar og karakterartar som kjenneteikn.

- Sunn og kortreist mat, produsert i rein og vakker natur, med høg dyrevelferd skulle høve godt inn i trendar som ein ser i matmarknaden no. Ei utfordring er å finne driftsformer for bruk av utmark i eit moderne landbruk, seier beitegranskar og vegetasjonskartleggjar Yngve Rekdal ved Norsk institutt for Skog og landskap. 

Han arbeider med eit nasjonalt arealrekneskap for utmark, der foreløpige tal viser at kring 11 millionar dekar, eller 46 prosent av landarealet i Oppland fylke, kan nyttast som beite for husdyr. Det vil seie at det frå desse areala kan haustast fôr som gjev tilvekst hos beitedyr, altså meir kjøt til forbrukaren. 

Dei foreløpige tala viser at fôruttaket for utmarka i Oppland kan aukast med 50 prosent i høve til dagens tal. 

Kan auke talet dyr på beite

- Prosentvis er dette lite i høve til dei fleste andre fylka i Noreg, men i og med at dyretalet er så stort i frå før, utgjer det ein god auke, fortel Rekdal.

Og talet dyr på beite i Oppland kan aukast enda meir.

- Truleg kan det haustast atskilleg meir, men da vil ein måtte gå noko ned på tilveksten på dyra, sidan dei da vil måtte ete meir av planter med lågare fôrverdi, til dømes lyngartar, forklarar Rekdal.

Beitegranskaren ser ei produktiv utmark som eit fortrinn for landbruket i Oppland.

- Denne gratisressursen er eit vilkår for lønsemd i sauehaldet. For kjøtproduksjon på storfe ser også mange mot utmark som del av fôrgrunnlaget, seier han.

Godt beite gror igjen

Oppland er det fylket som har flest dyr i utmark, og utnyttinga av beiteressursane er høg i høve til andre fylke. (Foto: Yngve Rekdal / Skog og landskap)

Oppland er det fylket som har flest dyr i utmark, og utnyttinga av beiteressursane er høg i høve til andre fylke. I 2013 var det om lag 42 000 storfe, 256 000 sau, nær 6000 geit og 800 hestar som gjekk meir enn fem veker på utmarksbeite.

Mykje av vegetasjonsbiletet i utmarka i Oppland er ein arv etter tidlegare tiders veldig intensive utmarksbruk. Beiting og slått gjennom mange år har gjeve den utmarka vi har i dag: Open tresetting og grasrik undervegetasjon.

Men attgroing trugar dei gode beita. Tett tresetting reduserer planteproduksjonen i undervegetasjonen når lys og varme ikkje slepp ned. Og når beitinga blir borte på den beste marka kjem høgvaksne urter inn og skuggar ut graset.

- Det opne, grasrike landskapet, som er arven frå tidlegare generasjonars utmarksbruk, må skjøttast skal beitekvaliteten takast vare på, fortel beitegranskaren.

- For lite beitedyr er ofte situasjonen i Oppland no. Beitekvaliteten blir derfor sakte redusert på store areal.

Oppland har i dag store skoglause areal som ligg under den såkalla klimatiske skoggrensa. Beitegranskarane ser ei veldig sterk landskapsendring på gang i fylket. For begge kommunane Øystre Slidre og Vestre Slidre, vil ein fjerdedel av kommunane sitt totalareal bli tresett dersom beitetrykket blir for lågt.

Sau versus hytte

Utmarksbeite er den mest arealkrevande næringa vi har. Arealtilgangen er i dag stadvis sterkt truga av andre arealinteresser, slik som til dømes hytter. Oppland er det fylket i Noreg med flest hytter, 47 000 i alt, og mange av dei ligg i gode beiteområde.

Snittala for beitekvaliteten i Oppland skjuler store lokale variasjonar. Det har sin årsak i at berggrunnen har stor variasjon i næringsinnhald, samt i store høgdeforskjellar og ulik topografi. (Foto: Yngve Rekdal / Skog og landskap)

- Ja, mange av desse hyttene er plassert i beiteområde og vanskeleggjer utnyttinga av areal som beite, fortel Rekdal.

Eit anna stort problem er rovdyr som gjer at beitedyr stadvis blir trekt bort frå beste beita og til meir bygdenære område.

- Tiltak som tidlegsanking gjer at beitedyra ikkje får nytta høgfjellsbeita som produserer på sitt beste ut på ettersommar og haust, påpeikar beitegranskaren.

Høge lammevekter der fjella er høgast

Snittala for beitekvaliteten i Oppland skjuler store lokale variasjonar. Det har sin årsak i  at berggrunnen har stor variasjon i næringsinnhald, samt i store høgdeforskjellar og ulik topografi.

Rekdal fortel at det som særmerkjer utmarksbeitet i Oppland er store høgtliggande beiteareal. Desse fjellbeita har ein særleg verdi for sau. Sauen kan trekkje opp i høgda med snøsmeltinga og få tilgang på nygroe utover ettersommaren og hausten. Dette gjev dyr med høg slaktevekt.

- Vi ser dei gode beita att i lammevekta på hausten. Lammevekta er gjennomgåande høgast i kommunane med dei høgaste fjella i fylket, fortel Rekdal, som har leia arbeidet med innsamling av data  kring beitetilhøva i fylket.

Arealrekneskap for utmark i Oppland

Dei nye tala for vegetasjonen i Oppland er samla inn i samband med at det skal lagast eit nasjonalt arealrekneskap for utmark. Arealrekneskapet spring ut av eit nett av 1080 såkalla utvalsflater, systematisk plassert ut over heile landet. Kvar flate er om lag ein kvadratkilometer.

I Oppland er det 77 slike utvalsflater. I kvar flate er vegetasjonen kartlagt. Ut frå kartlegginga er det laga statsistikk over alle dei ulike vegetasjonstypane i Oppland. Desse vegetasjonstypane er så sortert etter beiteverdi for husdyr, noko som gjev grunnlag for berekning av kva beiteressursar som er i utmark.

Referanse: 

Hofsten, J. , Rekdal, Y. og Strand, G-H. (2013). Arealregnskap for utmark. Arealstatistikk for Oppland. Ressursoversikt fra Skog og landskap, 01/2013. 84 s.

Powered by Labrador CMS