Ein notis frå Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Korleis verkar pandemi-tiltak på befolkinga?
Forskarar ved Høgskulen på Vestlandet er tildelt 4,4 millionar kroner frå Forskingsrådet for å forske på korleis krisekommunikasjon og tiltak frå styresmaktene verkar på befolkinga under ein pandemi. I kva grad kan kommunikasjon og tiltak framkalle eller redusere emosjonelle reaksjonar i befolkinga som til dømes angst og frykt? Førte det til klaging, spreiing av misforståingar og til mistru til anbefalingar frå styresmaktene? Også positive reaksjonar, som støtte for sårbare grupper og tiltru til styresmaktene skal undersøkast i prosjektet som startar 1. juli.
Dei skal analysere og samanlikna tiltaka i Kina, Italia, USA og Norge. Professor Chunyan Xie ved Høgskulen på Vestlandet skal leie forskingsprosjektet saman med forskarane Ove Oklevik og Helene Maristuen. Dei vil samarbeide med forskarar frå University of Michigan (USA), University of Milano-Bicocca (Italia) og Hunan University (Kina).
Les meir om prosjektet på nettsidene til Høgskulen på Vestlandet
Les også disse artiklene fra Høgskulen på Vestlandet:
-
Forsker deler sine beste råd for parforholdet i juleferien
-
Hvorfor er adopsjon så lite brukt i Norge?
-
Jenter og gutar bevegar seg ulikt i barnehagen
-
Kva kan barn lære av troll som kastar stein?
-
Irina Pavlova fikk utdanningskvalitetsprisen for 2020
-
Elever foretrakk brødskiver framfor et varmt skolemåltid