Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Denis Zosen studerer hjernen med modellar for å finna årsaker til alvorlege og utbreidde sjukdommar.

Forskarane veit for lite om kvifor sjukdommar i hjernen aukar. Modellar kan hjelpa

Sjukdommar i hjernen er i ferd med å bli den mest utbreidde sjukdomsgruppa i verda. Forskinga veit for lite om årsakene, men modellar kan hjelpa.

Sjukdommar i hjernen er den nest mest utbreidde sjukdomsgruppa på verdsbasis. Alt neste år kan dei klatra heilt til topps og leggja meir kjende grupper som hjarte-/karsjukdommar og kreft bak seg.

Det vert anslått at 35,7 prosent av befolkninga på jorda har ei eller anna form for nevrologisk liding.

Ein del av desse er såkalla nevroutviklingsforstyrringar, som mellom anna omfattar autisme og ADHD.

Nevroutviklingsforstyrringar kan opptre hjå så mange som 10–15 prosent av alle nyfødde. Dei kan ha genetiske årsaker, men dei kan òg skuldast påverknadar som barnet vert utsett for mens det enno ligg i mors liv.

– Men det er vanskeleg å forska på ufødde barn, av opplagde årsaker. Risikoen for å påføra fosteret uopprettelege skadar gjer at vi må finna alternative måtar å forska på, seier forskar Denis Zosen ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Har utvida eksisterande rutinebeskriving

– Derfor utviklar vi og testar ulike modellar som etterliknar nevroutviklinga hjå det menneskelege fosteret. Modellar som det ikkje heftar dei same etiske problema ved.

Zosen har tidlegare forska på hjerneutvikling hjå kyllingfoster og avdekt at ho vert påverka av vanleg epilepsimedisin.

– Forskinga vår viser at kyllingfoster eignar seg godt som alternativ dyremodell for prekliniske farmakologiske studiar, altså undersøkingar av eit legemiddel før det vert testa ut på menneske.

Det er i denne fasen modellane kan erstatta testing på forsøksdyr.

Zosen har òg forska på menneskelege cellelinjer. Det er celler som vert dyrka i laboratoriet for å bli forska på. Cellelinja med namnet SH-SY5Y har vore forska på i meir enn femti år. Zosen har utvida eksisterande rutinebeskriving for å dyrka fram nerveceller.

Mikroskopbilete av nerveceller.

Kan påverka hjerneutviklinga hjå barn

– Eg let cellene mine «surra i gryta» i 21 dagar. Dei to siste dagane vart dei eksponerte for to av dei mest brukte antidepressive legemidla, escitalopram og venlafaxin, forklarar han.

– Sjølv etter så kort tid kunne vi registrera nokre små forstyrringar i nevroutviklinga.

Ein annan studie som Zosen er med på, viste at overdriven bruk av paracetamol hjå mor òg kan hemma hjerneutviklinga i fosteret.

– Med andre ord viser grunnforskinga vår at alle legemidla vi har testa, ser ut til å kunna påverka hjerneutviklinga hjå det ufødde barnet, seier Zosen.

Tett samarbeid vil gje betre svar

Han understrekar at for dei fleste nevrologiske lidingar er det betre å ta eit legemiddel enn ikkje. Det gjeld både for mor og barn.

Og foreldre bør uansett alltid rådføra seg med ein lege om legemiddelbruk under svangerskapet.

– Ved hjelp av modellane er det kanskje mogleg å finna dei tryggaste legemidla. Men epidemiologane, dei som forskar på førekomsten av sjukdom i befolkninga, er dei som kan gje svar på kor stor grunn det er til bekymring. Tett samarbeid mellom forskarar i epidemiologi og molekylærbiologi vil sikra betre og grundigare svar på overfloda av nevrologiske og nevroutviklingslidingar, seier Zosen.

Dukkar opp nye startups

Han fortel at talet på fødde med diagnose på autismespekteret vart anslått til å vera mellom 0,7 og 4 per tusen fødde. Det er basert på data frå perioden 2000–2009.

I dag er nokre anslag så høgt som 11,6 per tusen fødde.

– Noko av dette skuldast nok betre diagnoseformer, mellom anna at vi har blitt flinkare til å identifisera slike sjukdommar hjå jentebarn, seier Zosen.

– Men det høyrest ikkje bra ut at sjukdommar i hjernen er i ferd med å ta over verda. Likevel verkar det ikkje som den farmasøytiske industrien heilt har teke dette på alvor. Ein kan jo spørja seg kvifor. Men no dukkar det opp ein del nye startup-selskap som vil angripa desse sjukdommane, inkludert i Noreg.

Referanse:

Denis Zosen: Action of neuroactive pharmaceuticals in neurodevelopmental models. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Oslo, 2022. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS