Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Legemiddelgjennomgang i tverrfaglege team kan redusera og revidera legemiddelbruken hjå psykisk utviklingshemma.

Psykisk utviklingshemma fekk betre medisinering etter rydding

Ein gjennomgang av medisinane til 40 psykisk utviklingshemma pasientar avdekte problem for ein tredjedel av dei føreskrivne legemidla.

I 2016 tok utviklingssenteret for heimetenesta i Oslo kommune initiativ til eit prosjekt som skulle sjå på legemiddelbruken til ei gruppe psykisk utviklingshemma.

– Dei 40 pasientane som vart valde ut, var i alderen 34 til 77 år som heimetenestene meinte kunne ha spesielt godt utbyte av ein slik gjennomgang, fortel professor Anne Gerd Granås ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo.

Ho understrekar at sidan utvalet er såpass lite og ikkje tilfeldig, kan ein ikkje generalisera ut frå funna. Dei underliggjande problemstillingane som vert avdekte, meiner ho likevel gjeld andre grupper òg, sjølv om pasientane i dette prosjektet var handplukka.

– Mange av dei tok ei lang rekkje legemiddel. Gjennomsnittet låg rundt tolv ulike legemiddel per pasient. Det er til samanlikning dobbelt så høgt som snittet for pasientar på sjukeheim, fortel ho.

– Heimetenesta fungerer ofte som bodberar mellom pasienten og fastlegen, seier Anne Gerd Granås.

Løyste 145 problem knytta til legemidlar

Vernepleiarane og heimesjukepleiarane som var med i prosjektet, deltok på eit kurs der dei fekk presentert eit system for gjennomgangar av legemiddel.

Etter kurset valde dei ut nokre av pasientane som dei såg hadde behov for særskild oppfølging, samla inn relevante helseopplysningar og gav desse til ein klinisk farmasøyt i kommunen som gjorde ein grundig gjennomgang av legemidla.

Saman med verne- eller sjukepleiar hadde så farmasøyten møte med fastlegen til pasienten og diskuterte om det var råd å betra behandlinga. I visse tilfelle deltok pasienten òg.

– Av i alt 481 føreskrivingar av legemiddel avdekte og løyste prosjektet 145 legemiddelrelaterte problem, seier Granås.

Skiftar fastlege fleire ganger

Problema var av ulik art og omfang: val av riktig legemiddel, dosering, korleis ulike kombinasjonar av legemiddel påverka kvarandre, biverknadar, manglande oppfylgjing og overvaking av effekt.

I nokre tilfelle var føreskrivinga overflødig fordi pasienten ikkje tok legemiddelet lenger eller ikkje hadde sjukdommen lenger.

– Og i nokre tilfelle var dokumentasjonen uklar på kvifor pasienten stod på eit gitt legemiddel og kven som hadde føreskrive det.

Ifylgje Granås er ikkje dette uvanleg for denne pasientgruppa. Mange skiftar fastlege fleire ganger etter som åra går, og den nye legen kan lett vidareføra medisineringa frå forgjengarane sine på autopilot.

Dei utviklingshemma er avhengige av talspersonar

Eit døme frå studien er 65 år gamle «Sarah». Ho stod på 19 ulike legemiddel for mellom anna vanskar med andedrettet, fordøyelsessystemet og smerter.

Etter felles gjennomgang med klinisk farmasøyt, fastlege og verne-/sjukepleiar vart seks legemiddel avslutta, og ei dosering vart auka. For to legemiddel vart det gjort endringar i måten dei vart tilførte på, og for to andre vart det innført halvårlege blodprøvar for å unngå overdosering eller manglande effekt.

– Dette problemet vert forsterka av at mange psykisk utviklingshemma ikkje ser fastlegen sin så ofte. Det er gjerne heimetenesta som fungerer som bodberar mellom pasienten og fastlegen, seier Granås.

Ho understrekar at dette er ei sårbar pasientgruppe med ein intellektuell kapasitet som kan gje dei vanskar med å kommunisera om seg sjølve. Nokon har òg fysiske skadar som bidreg til dette.

– Desse pasientane tek ikkje ein telefon til fastlegen og klagar over sløvheit eller tørr munn. Dei er avhengige av talspersonar som kan leggja fram problema deira.

Granås rosar vernepleiarane i heimetenesta, men peikar likevel på at dei ofte er usikre i legemiddelspørsmål.

Bør ha gjennomgang ein gong i året

– Derfor er det viktig for pasientane at slike gjennomgangar av legemiddel vert gjort minst ein gong i året, slik forskrifta seier. For pasientar som får mange legemiddel, eller som skal starta opp behandling med nye, kan det vera nødvendig med ytterlegare gjennomgangar, meiner ho.

– Det er best med eit tverrfagleg samarbeid mellom klinisk farmasøyt, ein fagperson frå heimetenesta som kjenner pasienten og fastlegen. Saman kan dei koma fram til kva prioriteringar som dei meiner vil vera gunstigast for kvar enkelt pasient.

Den irske forskaren Martin Henman har forska mykje på legemiddelbruk hjå psykisk utviklingshemma. Teamet hans har laga denne vesle filmen der psykisk utviklingshemma viser korleis møtet med fastlegen kan opplevast for dei:

Referanse:

Anne Gerd Granås mfl.: Interdisciplinary medication review to improve pharmacotherapy for patients with intellectual disabilities. International Journal of Clinical Pharmacy, 2019. (Samandrag). Doi.org/10.1007/s11096-019-00914-3

Powered by Labrador CMS