Kvinners mentale helse

Det er ingen som gløymer den augneblinken når eit barn vert fødd. Det er sjølve lukka i livet. Det største som har skjedd. Det er denne karakteristikken "alle" bruker om ein barnefødsel. Men er no røyndomen alltid slik vi ønskjer å framstille han?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Graviditet, barnefødslar og det å vere mor er sårbare periodar i kvinners liv med tanke på deira mentale helse. Vanskelege kjensler og opplevingar i samband med barnefødslar vert ofte neglisjert.

Kvinners mentale helse er eit tema som no er gjenstand for eit stort forskingsprosjekt ved Institutt for helsefag, Universitetet i Stavanger.

- Dette er eit unikt forskingsprosjekt, som også er integrert med andre land. land, som Japan og Australia. Det er også viktig å understreke at forskingsprosjektet vårt er av førebyggjande karakter, seier prosjektleiar professor Elisabeth Severinsson.

Emosjonell intelligens

Ein av deltakarane, doktorgradsstipendiat Kristin Akerjordet, tek i sitt doktorgradsarbeid føre seg emosjonell intelligens knytta til kvinners mentale helse i samband med barnefødslar er eit nytt forskingsområde.

- Emosjonell intelligens handlar om vår evne til å ha kontakt med våre kjensler og å handtere dei på ein god måte i nært samspel med andre menneske. Det handlar om å motivere seg sjølv, oppfatte kjensler hos andre og skape og ta vare på relasjonar.

Forsking viser at 10 - 15 prosent av kvinnene lir av fødselsdepresjon og har mentale helseproblem i samband med barnefødslar.

- Mentale helseproblem hos kvinner kan få store konsekvensar for barnas sosioemosjonelle utvikling. Erfaringa viser at dette gjeld spesielt for gutar som kan få store åtferdsproblem alt tidleg på barneskulen, seier Akerjordet.

- Kvinner er no ein gong hjørnesteinen i familien. Fungerer ho ikkje heime, får det store konsekvensar for heile familien. Ein open dialog er derfor viktig, samstundes som vi som helsearbeidarar bør få meir kunnskap om kvinners mentale helse, seier ho og held fram:

-I tillegg er det viktig å utvikle oss til å bli meir vare for kjensler slik at vi på eit tidlegare tidspunkt kan fange opp signal om at noko kan vere gale.

Førebyggje fødselsdepresjon

- Forsking viser at ein med enkle middel kan førebyggje vidareutvikling av fødselsdepresjon på eit tidleg tidspunkt.

Marit Alstveits prosjekt vil ha fokus på kvinnas sjølvoppleving og identitet ved det å vere gravid og bli mor, og ikkje minst i det å lukkast å bli mor. Kvinnas evne til å tilpasse seg den nye situasjonen og omsorg for barnet er viktig ikkje berre for kvinna, men også for barnets utvikling og helse.

Barnets utvikling vert i stor grad påverka av kvinnas mentale helse og moras evne til samspel og stimulering av barnet. Prosjektet omfattar både fyrstegongsfødande og fleirgongsfødande mødrer og deira erfaringar ved det å vere mor.

Forventningar

- Å få barn vert tradisjonelt sett på som gledefylt og berikande og noko som kan gi ein ny dimensjon til livet, seier Marit Alstveit.

- Samstundes ser vi at kvinner kan ha høge forventningar til det å vere mor, og til seg sjølv i morsrolla. Men studiar viser at det å vere mor ikkje alltid er like rosenraudt. Kvinner kan uroe seg for fødsel og for tida etter fødselen.

- Ansvar for barnet kan opplevast som altoppslukande og kan gi ei oppleving av isolasjon. Samstundes viser forsking at kvinna kan gå og uroe seg for barnets helse og familiens relasjonar utan at ho tør ta dette opp med nokon.

Prosjektets førmål er å utforske kvinnenes forventningar til og erfaringar med svangerskap og morsrolle. Studien kan gi oss kunnskap slik at helsetenesta kan medverke til å gjere kvinna trygg og gi henne gode erfaringar i morsrolla.

Differensiert fødselstilbod

Eit av hovudpoenga ved Ingrid Bègats doktorgradsprosjekt - ein intervensjonsstudie med oppfylgjing av kvinner med risikosvangerskap, er å gi eit utval av høgrisikogravide ei spesiell oppfylgjing i svangerskap, fødsel og barseltid og evaluere nytteverdien av denne oppfylgjinga.

Gravide mødrer i Noreg har rett til differensierte fødselstilbod avhengig av den einskilde kvinnas behov. Her kan det dreie seg om kvinner med diabetes, angst, depresjon og andre typar problem.

Modellen gjer det mogleg for jordmødrer å arbeide i direkte kontakt med dei gravide kvinnene. På den måten kan dei formidle kunnskap og emosjonell støtte som er tilpassa kvar einskild kvinne.

Internasjonal betyding

- Prosjektet om kvinners mentale helse har stor nasjonal betydning. Det er ingen som har sett på desse problema tidlegare. For oss gjeld det å stille dei rette spørsmåla ut frå dei fødandes behov og finne fram til relevante målemetodar.

I ein internasjonal samanheng er utviklinga på området kvinners mentale helse relativt lik.

- Både i Japan og Australia blir 10 - 15 prosent ramma av fødselsdepresjon, seier professor Elisabeth Severinsson,

Prosjektet for studiet av kvinners mentale helse har vekt oppsikt i internasjonal samanheng. Kristin Akerjordet har presentert prosjekt på diverse konferansar, og det har no kome førespurnader om å få materiale heilt frå Iran.

Forskingsprosjektet ved UiS vert gjennomført i nært samarbeid med fagmiljøet ved Kvinneklinikken og Psykiatrisk klinikk ved Stavanger Universitetssjukehus, HelseVest.

(Ingressbilde: Elisabeth Tønnesen .)

Powered by Labrador CMS