DNA-profilar identifiserer rømt laks

Til dagleg kan vi høyra om etterforskarar som samlar inn ørsmå prøvar for DNA-identifisering i kriminalsaker. Men at forskarar frå Havforskingsinstituttet ved hjelp av liknande metodar no peikar ut kva oppdrettsanlegg ein rømt laks kjem frå, det er heilt nytt.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskar Kevin Glover og kollegar ved Havforskningsinstituttet har lukkast med å spora tilbake rømt laks i Romsdalsfjorden.

Ikkje berre til kva oppdrettsanlegg dei kom frå, men endå til kva merd dei 29 rømlingane høyrde heime.

Økokrim fant resultata så gode at dei iverksette vidare politietterforsking i saka.

Riksadvokaten har i ettertid varsla både auka innsats mot urapportert rømming og at lokale politikontor skal styrkjast for å vera i stand til å etterforska slike rømmingar.

Lite, men mye

Det kan vera mange årsaker til at ein oppdrettar mister fisk, og i seg sjølv er ikkje det straffbart. Å unnlata å melda frå om rømming er likevel straffbart, og vert rekna som miljøkriminalitet.

Talet på rapportert laks som rømer har dei seinare åra variert mellom 300 000 og 900 000 individ.

Sett i høve til all oppdrettslaks som finns i merdane, er dette lite. Men sett i høve til talet på villaks, er det mykje.

Ikkje rapportert

Villaks, oppdrettslaks eller blanding? (Foto: Helen Petersen/ Havforskingsinstituttet)"

 

Stundom oppdagar ikkje oppdrettaren at han har mista fisk, og han kan då sjølvsagt ikkje rapportera. Difor er dei rapporterte tala minimumstal for røming.

Sidan det er uklart kor stor del av rømingane som blir rapportert, ynskjer forvaltinga å ha tilgang på metodar som gjer at ein kan identifisera opphavet til urapportert røming.

Hausten 2006 rapporterte fiskarar i Romsdalsfjorden plutselege førekomstar av rømt laks i garna. Fiskeridirektoratets regionskontor i Møre og Romsdal kontakta dei ulike oppdretts selskapa i området, men mottok ingen rapport om røming.

Etter dialog med Havforskingsinstituttet samla regionkontoret inn prøvar frå alle oppdrettsanlegga i området. Det vart også samla inn vevsprøver frå rømd oppdrettsfisk som var fanga.

Indentifiserte merd

Det er her forskarane no ikkje berre kan seie kva oppdrettsanlegg fisken kjem frå, men også kva merd.

Grunnlaget for gjennombrotet har kome gjennom prosjektet TRACES der fleire forskingsmiljø i samarbeid med næringa og forvaltinga har testa ut metodar for sporing av rømt laks.

I prosjektet vart det lagt vekt på å finna metodar som berre nyttar laksen sine naturlege karakterar, som DNA-profilar, feittsyreprofilar og sporstoff.

Det vart laga DNA-profil av kvar av dei 32 rømde oppdrettslaksane som det vart teke vevspørve av. Desse profilane vart så samanlikna med DNA-profilane frå fisk i oppdrettsanlegga som til slutt gav treff i ei bestemt merd.

Se også:

Genetic assignment identifies farm of origin for Atlantic salmon Salmo salar escapees in a Norwegian fjord.
 

Powered by Labrador CMS