Mannskor i tretoppane

Du vert glad og lett til sinns når fuglane vekker deg med vakkert fugle­kvitter ein vårmorgon. Men fuglesongen er eigentleg sjekketriks, sjølvskryt og ypping til bråk.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fuglesang er ikke like idyllisk som den høres ut for oss. (Foto: (Illustrasjon: Tank/Jens))

– Fuglesongen ein del av fuglane sitt språk. Det vi kallar song er stereotype lydar fuglane lagar i byrjinga av hekkinga, seier Ingvar Byrkjedal, biolog og førsteamanuensis ved Universitetsmuseet i Bergen.

Fuglane har eit territorium kvar, det er veleigna til å bu i, med godt med mat og ein god plassering for reiret. Hannane vil halda desse ressursane for seg sjølv, og mykje av songen fortel dei andre hannar at dei kan venta seg bank om dei kjem for nære.

– Samstundes er det eit signal til hoene: «Kom hit til meg, eg har det flott!». Når hannane har funne seg ein make, syng dei berre i nokre få dagar til.

– Då må dei passa hoene, dei kan fort finna på å vera utru med andre hannar om dei ikkje følgjer med, seier Byrkjedal.

Få seg dame

– Er det berre hannfuglane som syng for å få seg dame, då?

– Ja, i alle fall den vakre songen me set pris på no om våren. Utafor hekketida, derimot, lever mange fuglar i flokk, til dømes sisiken. Dei lagar til dømes enkle pipesignal for å åtvara kvarandre.

– Skulle ein sporvehauk nærma seg, til dømes, pip dei til og alle lettar og fyk inn i buskane. Småfuglar flest nyttar den same lyden og utnyttar fordelen ved å ha mange augo og øyre, seier Byrkjedal.

Det aller tøffaste, synest forskaren, er at fuglane kan juksa og lyga. På ein stad der fuglane får mat av folk er det alltid ein hakkeorden. Nokon er på toppen, og andre er på botnen.

– Då vert det gjerne litt smått med mat for dei minst dominerande. Innimellom set dei i eit falskt faresignal, og alle dei som ikkje er med på spøken stikk av. Då kan dei små få seg ein liten matbit, dei òg.

– Men det gjeld sjølvsagt å ikkje gjera det for ofte og ropa ulv, ulv, seier Byrkjedal.

Dialektar

Gulsporv og raudvingetrast er artar som har forskjellige dialektar frå dalføre til dalføre. Ein har lurt på om fuglane vel å etterlikna den fuglen i sitt område som er sterkast og best tilpassa, og slik utviklar det seg dialektar.

– Fuglane tilpassar seg også miljøet dei er i. Songen vert enklare når det er meir bakgrunnsstøy, slik når ein betre fram. Kjøttmeisar inne i Bergen by har berre to–tre tonar i songen sin, medan det gjerne er noko heilt anna ute i rolige Fana.

– Det er rein evolusjon, det å tilpassa seg situasjonen gjer at ein kan bringa genene vidare. Av og til ser vi evolusjonen føregå rett framfor oss, seier Byrkjedal.

Fuglane har ikkje stemmeband slik som oss, men lagar lyd med muskelstyrte bruskringar. Dei sit nede i bronkiane til fuglane, i ein velutvikla struktur som er fint bygd.

– Fuglane syng både på inn og utpust, det er som ei sekkepipe. Fuglane treng ein kontinuerleg straum av frisk luft, det må dei ha når dei flyg, seier Byrkjedal.

– Kvifor vert folk glade av fuglesong?

– Ja, det må jo vera avdi det er eit vårteikn. Folk er jo glade og amorøse på den tida sjølve, det er ikkje berre fuglane.

Powered by Labrador CMS