Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Slik såg det ut på laben da dei forskjellige sekkane blei testa. Her er deltakar Amelie Werkhausen i gang på mølla.(Foto: NIH)
No tek forskarane tursekken inn i laboratoriet for første gong
– Vi testar jo sekkane våre mykje på tur, så vi veit jo at det fungerer. Men å gjere det i ein lab blir noko heilt anna, seier Johannes Flem i Bergans.
Nordmenn er over gjennomsnittet glade i
sekkar. Vi brukar dei ikkje berre på tur. Sekken er ofte på ryggen på veg til
jobb, butikken eller trening.
Og gjerne ein kombinasjon av alle desse.
Men veit vi om sekkane sit optimalt på ryggen vår?
Sidan 2012 har Bergans utvikla eit beresystem som gjer at sekken beveger seg annleis på ryggen enn ein sekk med stiv ramme vil gjere.
Går vi meir naturleg med fleksibelt
beresystem?
Nå har det blitt forska på
kva dette beresystemet gjer for turgåaren.
Blir vi mindre slitne og beveger oss
meir naturleg med ein slik sekk?
– Vi har hatt lyst til å gjere dette
her i ti år. Og har både vore redde og spente. Vi testar jo sekkane våre mykje
på tur, så vi veit jo at det fungerer. Men å gjere det i ein lab blir noko
heilt anna, seier Johannes Flem.
Han er leiar for design og utvikling for
turutstyr i Bergans. Han har jobba med utvikling av sekkar i snart 20 år.
Beresystemet Spine er konstruert med ei ramme i fjørstål. Ho er forma som ein
dobbel spiral.
– Tanken er at sekken skal fylgje bevegelsane til ryggen når du er i aktivitet. Det skal gjere at hoftene og skuldrene kan bevege seg fritt, uavhengig av kvarandre,
forklarer Flem.
Når du som turgåar går med tung sekk, kan du nok tenkje deg at ganglaget ditt
endrar seg.
– Hypotesen vår er at kroppen ikkje eigentleg er laga for å gå med slikt
utstyr. Når du får på deg eit stort hoftebelte og ein stor, tung sekk, er det
for eksempel bevist at du går mykje meir breibeint. Da brukar du også meir
energi, seier han.
Testa to forskjellige sekkar med
forskjellig beresystem
I forskingsprosjektet testa 14 deltakarar
to forskjellige sekkar på 70–90 liter på biomekanikk-laben på Norges idrettshøgskole (NIH).
Den eine sekken var siste versjonen frå Bergans med det fleksible beresystemet. Denne sekken er ikkje tilgjengeleg i butikk ennå. Den andre var ein toppmodell frå
ein internasjonalt sekkprodusent med stiv ramme.
I sekken var det mat, drikke og klede til
ei overnatting ute.
Deltakarane gjekk i motbakke (10 prosent)
på ei stor rulleskimølle. For å simulere ulendt terreng gjekk dei også på skrå
og over ein boks på 30 centimeter.
Annonse
Oksygenopptaket til deltakarane blei testa
for å sjå om det var forskjell på oksygenforbruket under bruk av dei to ulike
sekkane.
Dei hadde også på seg refleksmarkørar. Slik kunne forskarane sjå på
forskjellen i bevegelsane i hofte- og skulderpartiet.
Kunne det vere at ein brukar meir oksygen av å gå med ein sekk som gjer at du
beveger deg meir?
– Vi hadde blitt veldig overraska viss det hadde vore ein forskjell i
oksygenforbruket. Det er mange som har prøvd å finne måtar å redusere
oksygenforbruket. Særleg i militær samanheng. Men dei har ikkje klart det, seier biomekanikk-forskar, Hannah Rice.
Lettare å bevege seg
Men forskingsfunna viste derimot at
deltakarane kunne bevege seg lettare med det fleksible beresystemet. Også i
opplevinga deltakarane hadde av dei to sekkane, var det klare skilnadar.
Analysane viste at deltakarane hadde meir rotasjon og bevegelse da dei gjekk
med det fleksible beresystemet.
– Det er vanskeleg å seie om det er betre med større bevegelsar
eller slag, men det gjorde ikkje at oksygenforbruket auka. Så på ein måte kan
ein seie at du har større bevegelsesfridom med denne sekken utan at du blir
meir sliten, seier Rice.
Når deltakarane skulle vurdere dei to sekkane, kom også sekken med fleksibelt beresystem best
ut.
– Dei synest han kjentest meir stabil, og dei hadde betre balanse med
han, seier Rice.
Bergans vil forske meir
Kles- og sekkeprodusenten har laga
sekkar sidan 1908. Dei synest naturleg nok forskingsfunna er spennande og vil bruke
dei i marknadsføring når sekken kjem ut i butikkane.
Annonse
– Funna var veldig interessante, og så klart ynskjer vi å gjere testen enda
større. Kva skjer om vi køyrer deltakarane hardare med meir belastning?
Når ein blir sliten, går jo det ofte utover balansen, seier Flem.
Prosjektet er finansiert av Regionalt forskningsfond Viken. Bergans har ikkje finansiert forskinga, men har levert sekkar til forskingsprosjektet.