Handel pressar utslepp opp

Ein stadig større del av globale utslepp kjem frå produksjon av varer og tenester for handel.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Når du kjøper ei veske eller eit kjøleskap, går utsleppa frå produksjonen inn i produksjonslandet sitt utsleppsrekneskap.

I 2008 utgjorde slik produksjon 26 prosent av verdas utslepp, mot 20 prosent i 1990, ifølgje ein ny studie. I det norske rekneskapet blir utsleppet usynleg.

Slik kan innbyggarar i rike land auke forbruket medan utsleppa i rike land held seg stabile. Globale utslepp er derimot på full fart oppover. Sidan 1990 har globale CO2-utslepp auka med 39 prosent. Det meste av auken har skjedd i utviklingsland.

Eit internasjonalt forskingsteam ville finne ut kor viktig rike land sitt konsum av importvarer var for den globale utsleppsauken. Forskarane sette saman ein global database av handelsrelaterte utslepp mellom 1990 og 2008 frå 57 sektorar i 113 land.

Sidan 1990 har utslepp frå vare- og tenesteproduksjon for eksport auka frå 4,3 gigatonn CO2 til 7,8 gigatonn. Dette inneber ein auke frå 20 til 26 prosent av globale utslepp.

Import

– Auka import til rike land har ført til auka produksjon og utslepp i utviklingsland, seier forskar Glen Peters ved CICERO Senter for klimaforskning, som leia studien.

– I dei fleste rike land stig utsleppa forårsaka av konsum langt raskare enn utslepp på landa sine eigne territorium, seier Peters. 

Ikkje-energiintensiv fabrikkproduksjon som tekstilar, elektronikk, møblar og bilar står for mykje av utsleppsveksten.

– Slik systemet er i dag, har ikkje rike land noko ansvar for utsleppa dei forårsakar gjennom konsum. Denne studien tilkjennegjer eit behov for at dei utsleppsoverføringane som skjer på grunn av internasjonal handel, blir rapportert, seier Peters.

Referanse:

Peters m.f.: Growth in emission transfers via international trade from 1990 to 2008, PNAS, April 25, 2011, doi: 10.1073/pnas.1006388108.

Studien er eit samarbeid mellom Technical University Berlin, Science and Technology Policy Institute i Washington DC, Carnegie Mellom University i Pittsburgh, Potsdam Institute for Climate Impact Research og CICERO Senter for klimaforskning.

Powered by Labrador CMS