Historisk har pendelen bevega seg mellom å sjå på barneidrett frå eit helseperspektiv eller å ha fokus på talent og talentutvikling. I dag peikar pendelen mot jakta på den nye Bjørndalen og Solskjær.
At barn er, har, bør og skal vere fysisk aktive ser ut til å vere ei relativt utbredt oppfatting.
Men kvifor skal dei delta i organisert idrett og idrettskonkurransar; og på kva måte og innanfor kva rammer bør denne aktiviteten skje?
Talentjakt eller leik?
Oskar Soelens har i sitt doktorgradsprosjekt “Framtidas håp Barneidrettsdiskursar i Noreg 1920-1976”, sett på organisert barneidrett i den frivillige idretten.
Gjennom heile perioden 1920-1976 har organiseringa av barna inn i idretten skjedd i eit spenningsfelt mellom i hovudsak to polar.
På den eine sida stod dei som meinte at barneidretten sitt viktigaste mål og funksjon låg i talentjakta. Organiseringa og treninga av barna skjedde i stor grad på konkurranseidretten sine premiss ved at unge talentfulle utøvarar kunne utvikle seg til å bli framtidige meistrar i sin idrett.
På den andre sida stod dei som meinte at barneidretten måtte organiserast og leggast opp til det beste for barna.
Dette inneber ein tanke om at barnet måtte vernast mot konkurranseidretten sin logikk og rasjonalitet så lenge som mogleg og at barnet skulle få lov til å vere barn. Leiken og allsidigheit vart satt i høgsete.
Også i dagens ordskifte om organiseringa av barneidretten er denne spenninga godt synleg. Framtidas håp gjev innsikter til å forstå dagens så vel som historiske førestillingar og praksisar om det organiserte idrettstilbodet for barn.
- Vi har bevega oss fra eit fokus på helse og det psykologiske til meir å jakta på dei unge talentane. Logikken med at ein må byrja å trena tidlig om ein skal bli olympisk meister har stort gehør, meinar Solenes.
- Eg har ikkje problem med at barn konkurrera, men når ein lar talentjakta bli det rådande tankegods er eg meir skeptisk, understrekar han.
Organisert barneidrett inga sjølvfølgje
I dag utgjer barna ein stor del av medlemsskapa i Norges idrettsforbund og barna sin plass i organisasjonen synes klar.
Rundt 1920 var barna på ingen måte ein like opplagt del av det organiserte idrettsliv – snarare tvert om.
Det organiserte idrettsliv vart sett på som ein arena lite egna for barn (og kvinner).
Solenes tek mål av seg til å vise korleis barna i løpet av 1920- og 1930-talet i langt større grad blir definert inn i idretten og korleis dei frivillige idrettsorganisasjonane gradvis distanserar seg frå den idretten som skjer i regi av skulen.
Annonse
Vitskapleggjering og det inaktive barnet
I etableringa av barneidrett som felt, spelar vitskapen, og i fyrste omgang medisin, ei sentral rolle. Det er basert på medisinsk viten om vekst og utvikling av barnekroppen, restriksjonar på aktivitetar blir blant anna innført.
- Særleg var det frykt for kva innverknad uthaldskrevjande idrettar ville ha på ein ung barnekropp i vekst, seier Solenes.
Etter andre verdskrig blir også ein psykologisk viten lagt til grunn for å forstå og forklare det idrettsaktive barnet. Vitskapen har lagt føringar for å forstå barna sin idrettsaktivitet.
- Vel så sentralt i denne vitskapleggjeringa har vore etableringa og forståinga av det fysisk inaktive barnet som, i yttarste konsekvens, ein slags trussel mot samfunnet, seier Solenes.
Kontinuitet framfor brot
Tradisjonelt blir Norges Idrettsforbund (NIF) si etablering av ”Retningslinjer for barneidrett” i 1976 og enda meir vedtak om ”Barneidrettsbestemmingar” i 1985 omtala som eit brot med tidlegare praksisar.
Ein av hovudpåstandane til Solenes er at det gjennom organiseringa av barna inn i idretten synes å vere meir snakk om kontinuitet enn om brot.
- Problematikken kring korleis ein skal organisera idretten ser ut til å ha oppteke både idrettsleiarar og politikarar gjennom ulike delar av 1900-talet, seier Solenes.
Bakgrunn:
Oskar Solenes vil onsdag 20. mai 2009 forsvare si doktorgradsavhandling: “Framtidas håp Barneidrettsdiskursar i Noreg 1920-1976”, ved Norges idrettshøgskole, Seksjon for kultur og samfunn.