Helsevesenet lærer ikkje av feil

Norsk helsevesen fokuserer for lite på pasientsikkerheit og har for dårlege rutinar til å lære av feil. Det viser ein studie utført av forskarar ved Universitetet i Stavanger.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskarane har kartlagt handtering av feil i norsk helsevesen. Dei har studert samanhengen mellom faktorar som effektivisering, rutinar og pasientsikkerheit.

- Studien stadfestar at fokuset på sikkerheit er lågt i helsesektoren. Organisasjonane lærer i liten grad av feil, seier Karina Aase, postdoktor ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Saman med Siri Wiig, Randi Thomassen, Espen Olsen og Sindre Høyland har ho undersøkt forholda ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS) for å seie noko om sikkerheita ved norske sjukehus.

I undersøkinga svarte helsepersonell frå alle yrkesgrupper og alle avdelingar på anonyme spørjeskjema. Dei blei bedne om å kommentere påstandar som “pasientsikkerheit blir aldri nedprioritert for å få unna meir arbeid” og “tilsette føler at feil blir brukt mot dei”.

- Det viser seg å vere lite variasjon mellom ulike yrkesgrupper og avdelingar. Det i seg sjølv er eit interessant funn, seier Karina Aase, og legg til at heile 1900 personar deltok i studien. Det vil seie ein svarprosent på 55.

Underrapportering

Eit av hovudfunna i forskinga er at helsepersonell i alt for liten grad rapporterer om feil. I rapporteringsrutinane til sjukehus heiter det at tilsette skal melde frå om alle typar avvik, også hendingar som gjekk bra, men som kunne enda galt.

I undersøkinga svarer likevel heile 45 prosent at dei ikkje har rapportert ei einaste uønska hending i løpet av det siste året. Om lag 20 prosent har meldt frå om ei eller to hendingar.

- Forsking viser at alle tilsette vil vere involvert i uønska hendingar i løpet av eit år, anten sjølve eller som vitne til andre. Difor kan vi med stor sikkerheit konkludere med høg grad av underrapportering ved norske sjukehus, seier Aase.

Sjølve rapporteringssystemet blir peika på som ei forklaring på den manglande registreringa av feil. Dei tilsette føler at dei ikkje kan systemet, at opplæringa er for dårleg og at systemet er vanskeleg å bruke.

- Underrapportering kan i verste fall gå ut over pasientane si sikkerheit. Intensjonane med eit rapporteringssystem er å lære av feil som blir gjort. Då bør dei tilsette heller registrere for mykje enn for lite, meiner Karina Aase.

Pressa arbeidssituasjon

I spørjeundersøkinga kunne dei tilsette skrive eigne kommentarar om tilhøve dei vurderte som viktige. Tidspress, krav om effektivitet og mangel på ressursar blei oftast nemnt.

- Desse faktorane er svært relevante for sikkerheita. Folk tyr lett til snarvegar når dei har det travelt, meiner Aase.

- Når dei tilsette ikkje har tid til å snakke med kvarandre og diskutere episodar som kunne enda galt, er sikkerheita truga, seier ho.

På den positive sida viser forskinga at helsepersonell i liten grad føler seg utpeikt som syndebukkar dersom dei gjer ein feil. Dette synest forskargruppa er paradoksalt med tanke på den manglande rapporteringa.

- Men det er positivt for pasientsikkerheita ettersom all behandling skjer i eit fellesskap, seier Aase, som trur openheit er avgjerande for å auke pasientane si sikkerheit ved norske sjukehus.

- Helsepersonell må snakke om feil, diskutere feil som blir gjort og finne tiltak for å unngå at den same feilen skjer igjen, seier Aase.

Motstridande signal

Forskarane ved UiS har også kartlagt sjukehusleiinga si støtte til pasientsikkerheit. Fleirtalet av dei spurde meiner at leiinga ikkje legg til rette for eit arbeidsmiljø som fremmer sikkerheit.

Dette trur forskarane har si årsak i strukturelle forhold.

- Manglande fokus på pasientsikkerheit kan ha samanheng med effektiviseringsprosessar og sjukehusreformer, hevdar Aase og held fram:

- Reformane i helsesektoren har gitt auka fokus på innsparing ved norske sjukehus og leiinga må følgje stramme budsjett.

- Sjukehusleiinga er ein viktig kulturformidlar når det gjeld sikkerheit. Når den samstundes sender signal om å redusere kostnadene og auke pasientgjennomstrømminga, kan tilsette oppleve dette som at pasientsikkerheita kjem i andre rekkje, seier Aase.

Vil utbetre tilhøva

Fag- og føretaksdirektør ved Stavanger Universitetssjukehus, professor Stein Tore Nilsen, vedgår at pasientsikkerheita ikkje er høgt nok prioritert ved sjukehuset.

Han er ikkje overraska over konklusjonane om høg grad av underrapportering og manglande evne til å lære av feil ved sjukehuset.

- Pasientsikkerheit er eit felt vi ikkje har gitt nok merksemd. Difor har vi finansiert forskinga ved UiS for å få ei vitskapleg undersøking som dokumenterer tilhøva ved sjukehuset, seier Nilsen og held fram:

- På bakgrunn av UiS si forsking vil vi no byggje opp eit langsiktig og godt sikkerheitsarbeid. Brannsløkking har vi halde på med for lenge. No treng vi eit solid fundament, meiner Nilsen.

SUS vil no etablere ein eigen seksjon for pasientsikkerheit. Nilsen understrekar likevel at standarden ved SUS og andre norske sjukehus generelt sett er god, og peiker på at dei fleste pasientane er nøgde med tenestene dei får.

Må forankrast lokalt

Forskargruppa ved UiS vil bruke hausten til å formidle sine forskingsresultat slik at SUS og andre sjukehus kan utarbeide tiltak som aukar pasientsikkerheita.

- Norske sjukehus har ei ufordring i at dei manglar ressursar. At rammevilkåra går utover pasientsikkerheita, er ei sak for øvste politiske nivå, hevdar Aase.

Ho trur likevel ikkje at sikkerheita aukar berre det vert løyvd meir pengar. Pasientsikkerheit må også forankrast lokalt i dei ulike sjukehusteama og hos kvar einskild medarbeidar på kvar einskild avdeling.

- Sjukehusleiinga talar gjerne om sikkerheit fordi ho vil framstå som ansvarleg og solid. Men dersom alle sikkerheitsinitiativ kjem frå toppen, kan dei tilsette føle at sikkerheita blir tredd ned over hovudet på dei i tillegg til alle andre arbeidsoppgåver.

- Dei tilsette må innanfor eigne arbeidsområde ha innverknad på korleis dei skal jobbe med sikkerheit. Eit praktisk perspektiv, forankra hos kvar einskild og i det einskilde team, fungerer best, poengterer Karina Aase.

Risiko i helsesektoren

  • Studien om pasientsikkerheit og feilhandtering inngår i eit tverrfagleg forskingsprogram.
  • Programmet undersøker ulike aspekt knytt til risiko i helsesektoren.
  • Forskingsprogrammet blir koordinert av UiS.
  • Forskarar frå UiS, Stavanger Universitetssjukehus, og Stavanger Acute Medicine Foundation for Education and Research (SAFER) deltar i programmet. Universitetet i Bergen er samarbeidspartnar.
  • Programmet har ei styringsgruppe med representantar frå Helse Bergen, Helse Stavanger og UiS.
  • I programmet inngår fire prosjekt med ulike tilnærmingar til pasientsikkerheit: 1. Prinsipp og modellar for risikostyring 2. Sikkerheitskultur, risikopersepsjon og kommunikasjon i helsesektoren 3. Handtering av feil i helsesektoren 4. Pasientsimulering og interaktiv læring for auka pasientsikkerheit
Powered by Labrador CMS