Annonse

Løyndomsfullt sjukdomsforsvar

Erlend Haugarvoll har i sitt doktorgradsarbeid oppdaga nye sider ved laksen sitt sjukdomsforsvar. I gjellene til laksen fins eit vev som er rikt på forsvarsceller, og ein type immunsceller som produserar brunt pigment, har truleg viktige oppgåver i sjukdomsforsvaret.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Colourbox)

Vellukka oppdrett av laks i Noreg og i andre land er avhengig av at laksen blir vaksinert. Denne praksisen gjev laksen godt vern mot fleire sjukdomar, men vaksineringa har også alvorlege sideverknader. Betennelsesreaksjonane på injeksjonsstaden er forbunde med redusert vekst, nedsett kjøtkvalitet og deformitetar.

Dette set både økonomiske og etiske spørsmål ved dagens vaksineregime. For å kunna betra laksen sitt sjukdomsforsvar er det viktig å finna alternative vaksineringsmetodar og å skaffa meir kunnskap om korleis laksen svarer på vaksine.

I gjellene til laks har Haugarvoll og medarbeidarar oppdaga eit vev som er svært rikt på immunceller. Gjellene til laks har svært tynne slimhinner, og dei skal både ta opp surstoff frå vatnet og beskytta fisken mot skadelege mikrobar. Fisken er derfor avhengig av eit godt sjukdomsforsvar i dette organet.

Oppdaginga til Haugarvoll kan vise seg svært nyttig når det skal utviklast nye vaksiner som ikkje gjev skadelege verknader.

Melanomakrofagar

Fisk har immunceller som inneheld pigmentet melanin. Dette er det same stoffet som gjev farge til huda hjå menneske og dyr. Desse cellene vert kalla melanomakrofagar og ein trur at dei speler ei viktig rolle i forsvaret mot mikrobar.

Arbeidet til Haugarvoll og medarbeidarar viste at melanomakrofagane hjå laks produserer sitt eige melanin. Det er og grunn til å tru at dette pigmentet har viktige oppgåver i sjukdomsforsvaret til laksen.

Pigmentflekk i ein laksefilet

Vaksinering er ein svært effektiv måte å verna dyr mot infeksjonssjukdomar og har nær fjerna trongen for antibiotika i norsk lakseoppdrett. Haugarvoll har i sine studiar undersøkt hittil ukjende sider ved fisken sitt immunforsvar, og arbeidet gjev håp om at det kan utviklast vaksiner som kan tilførast utanpå fisken.

Meir informasjon:

Cand. med.vet. Erlend Haugarvoll disputerte 16. desember, 2008, for Philosophia Doctor (PhD) ved Norges veterinærhøgskole med avhandlingen: Novel leukocyte localisations and characteristics in the Atlantic salmon.
 

Powered by Labrador CMS