Lærer torsken skikk og bruk

Utsetting av fiskelarvar og yngel har lenge vore brukt som botemiddel for å auke truga villfiskbestandar, men suksessen har jamt over vore liten. No viser det seg at med eit minimum av oppdraging, kan fisken få sterkt auka sjansar for å overleve i fridom.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Anne Gro Vea Salvanes har forska på korleis ein kan auke overlevingsraten til utsett fisk. (Foto: Kjerstin Gjengedal)"

Det er professor Anne Gro Vea Salvanes ved Institutt for biologi som, saman med den britiske kollegaen Victoria A. Braithwaite, publiserte ein artikkel om dette i Proceedings of the Royal Society B onsdag 1. juni.

Utsetting av fisk for å styrke lokalbestanden har gått føre seg lenge, men har også vore kontroversielt. Mange har frykta at settefisken skulle utkonkurrere den ville bestanden.

Liten suksess

I staden har det ofte vist seg at utsetting har hatt liten suksess. Fisk som har vakse opp i klekkeri, treng ikkje bekymre seg om byttedyr eller lære å fange sin eigen mat.

I nokre tilfelle kan dei etter utsetting halde fram med å ete ting som liknar på fiskematen dei fekk i fangenskap, som småstein.

Sjølv om klekkeri er svært vellukka når det gjeld å ale opp fisk i store tal, ser det altså ut til at fisken blir dårleg eigna til å tilpasse seg livet i fridom.

Ville auke lokal bestand

- Tidlegare gjennomførte Universitetet i Bergen (UiB) og Havforskingsinstituttet eit stort havbeiteprosjekt i Masfjorden, der torskeyngel vart sett ut for å studere om det ville auke den lokale bestanden.

- Dette prosjektet gjekk frå 1985 til 1994, og vi oppdaga at dødelegheiten til den utsette yngelen var mykje større enn tilsvarande for vill fisk.

- Berre nokre månader etter utsetting, var dei fleste spor av utsett fisk vekke, og vi fann ein større del merka utsett fisk enn vill fisk i magane på større predatorar, fortel Salvanes, som vart interessert i å sjå nærare på korleis dette kunne ha seg.

Set fisken på glattcelle

Saman med Braithwaite har Salvanes brukt avkom frå villfanga kysttorsk og fordelt dei på ulike kontrollerte habitat. Nokre har vakse opp på “glattcelle”, altså ein vanleg tank utan varierte element å rette merksemda mot, medan andre har budd i kar som er innreia med steinar og gøymestader og liknar litt meir på tilhøva dei vil møte i naturlege oppvekstmiljø.

I tillegg har nokre fått mat jamleg, medan andre har fått variasjon i mattilgangen. Torsk treng stimuli

- Vi har sett stor skilnad, til dømes i kor fort dei kjem seg frå stress. Den yngelen som har fått variabel oppvekst, var meir utforskande og kom seg kjappare etter stressituasjonar.

- Best resultat viste dei som hadde opplevd variasjon både i mattilgang og romleg miljø. Det viser at variabel oppvekst er viktig for utvikling av åtferd, meiner Salvanes.

Korleis overleve?

- Dyr som har vakse opp med få stimuli, veit ikkje korleis dei skal reagere eller oppføre seg for å overleve i naturen.

Det har vore noko forsking på stimåtferd og kollektiv åtferd hjå marin fisk, men lite når det gjeld individuell åtferd hos desse. Salvanes har ikkje noka god forklaring på kvifor.

- Åtferd har vore lite vektlagd i fiskeriforvaltinga, og har mest vore sett på som ei akademisk øving som har vore avgrensa til ferskvassfisk. Men no er haldninga i ferd med å endre seg.

- Mange trudde ein hadde løyst problemet med overdødelegheit då ein klarte å produsere yngel, og ikkje berre larvar. Likevel greidde ein ikkje å styrke bestanden.

- Vi har no vist at med enkle tiltak kan ein produsere fisk som har ei åtferd som truleg gjer at dei har mykje betre sjanse for å overleve i naturen.

Vil teste i større skala

No skal prosjektet vidareførast. Salvanes har nettopp teke imot ein ny ladning torskeyngel som no går i kar i første etasje på Høgteknologisenteret, og tre studentar skal skrive masteroppgåve om torskeåtferd.

Torsken er om lag tre centimeter lang, og skal doble vekta si mange gonger i løpet av dei neste månadene.

- Om tre-fire månader skal vi ta dei ut og teste dei: Sjå korleis dei reagerer når dei blir skremt, og korleis dei legg strategiar for å finne mat og for å unngå predatorar, fortel Salvanes.

Etter kvart er målet å utvide prosjektet slik at ein kan gjere forsøk i større skala i naturlege oppvekstmiljø.

Powered by Labrador CMS