Saken er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - Les mer

Mykje å læra av lite fjellvatn

Over 50 år med forsking og registreringar i Øvre Heimdalen har gjeve unik og uvurderleg kunnskap om norske fjellvatn.
26.4 2010 05:00


Forskarane set ut nett for å fanga aure i Øvre Heimdalsvatn: Foto: Reidar Borgstrøm, UMB

Aust i Jotunheimen ligg eit lite fjellvatn som ved fyrste augekast ikkje skiljer seg mykje frå vatna omkring. I vest ligg dei mektige toppane i Jotunheimen og trekkjer turistane.

Men i over femti år har forskarar gjort registreringar i Øvre Heimdalsvatn og naturen rundt. Det vesle vatnet er ei gullgruve for å måla endringar i naturen over tid.

– Øvre Heimdalsvatn er eit typisk norsk fjellvatn, seier John E. Brittain, professor og bestyrar for feltstasjonen i Øvre Heimdalen.

Klimaendringar og miljøgifter


Nett som fangar virvellause dyr ved utløpet av Øvre Heimdalsvatn. Foto: John E. Brittain, NHM

– Dermed kan økosystemet her fungera som referanse for miljøendringar. Fordi vi har målingar over så lange tidsrom, kan vi skilja naturlege svingningar frå langsiktige trendar.

Målingane i Øvre Heimdalen har gjeve kunnskap om klimaendringar, spreiing av miljøgifter, og korleis framande artar påverkar den opprinnelege aurebestanden og næringsorganismane til auren.

– Dette er viktig kunnskap for forvaltinga av ferskvassfisk, seier Brittain.

Færre aure veks opp

– I 1969 vart det for fyrste gong registrert øyrekyt i Øvre Heimdalsvatn. Øyrekyten har eit naturleg utbreiingsområde i Norge. Men ein ynskjer ikkje at den skal spre seg ut over dette området, og den er derfor oppført på den såkalla svartelista. Før 1969 var auren den einaste fiskearten i vatnet.

– Med utgangspunkt i dei målingane som alt var gjort for auren sin del, har vi vore i stand til å registrera kva konsekvensar den nye arten har hatt, både for aurebestanden og for insektartar og krepsdyr som begge fiskeartane jaktar på.

– Vi har funne at auren no har dårlegare rekruttering og vekst, og vi meiner øyrekyten er skuld i dette, fortel Brittain.

Det betyr óg at vatnet ikkje kan produsera like mykje aure som det kunne før øyrekyten kom inn.

I 1986 skjedde noko anna som påverka naturen i Øvre Heimdalsvatn, og mange andre stader: Tsjernobyl.


Felststasjonen i Øvre Heimdalen i vinteridyll. Foto: John E. Brittain, NHM

Halveringstid på 30 år

137Cs er ein radioaktiv isotop av grunnstoffet cesium, og var eit av avfallsstoffa frå Tsjernobylulukka i 1986. Vi har målt konsentrasjonen av denne isotopen i både plantemateriale som vert tilført vatnet, og i fisk.

– Før nedfallet frå Tsjernobyl var konsentrasjonen av denne isotopen så lågt at det ikkje lot seg måla.

137Cs vert lett teke opp i næringskjeda, og i Øvre Heimdalsvatn er det auren som sit på toppen av den. Det er ikkje påvist skader på fisken som resultat av strålinga, men radioaktivitetsinnhaldet hadde konsekvensar for menneskeleg konsum.

– Konsentrasjonane i både plantar og fisk var naturleg nok høgare i åra rett etter ulukka. Dei fyrste åra hadde 137Cs ei halveringstid på 3-4 år hjå auren. Men halveringstida har no flata ut, og nærmar seg omlag 30 år.

– Vi ser ein liknande tendens når vi måler 137Cs-konsentrasjon og halveringstid i plantar, det vil seie ein nedgang som etter kvart stabiliserer seg, forklarar Brittain.

Øystre Slidre

Forskingsaktiviteten i Øvre Heimdalen tok til i 1957, då Landbruksdepartementet kjøpte området for dette føremålet.

Då Norge på sekstitalet deltok i det Internasjonale biologiske programmet (IBP), vart Øvre Heimdalsvatn vald ut som studieobjekt, mellom anna fordi det er så representativt for norske fjellvatn.

Området vart etter kvart ført tilbake til Øystre Slidre kommune, men med forskrift om at forskingsaktiviteten skulle kunna halda fram.

Gjesteredaktørar

Etter at IBP vart avslutta, overtok Universitet i Oslo feltstasjonen, og det er Naturhistorisk museum som har bestyraren. Men det er mange andre forskings- og undervisningsinstitusjonar som òg brukar området og stasjonen.

Dei ulike arbeida frå Øvre Heimdalsvatn og områda rundt vatnet vekkjer merksemd internasjonalt òg. i mars 2010 kom det internasjonale tidsskriftet Hydrobiologia med ei spesialutgåve om Øvre Heimdalsvatn, med Brittain og Reidar Borgstrøm frå Universitetet for miljø- og biovitskap som gjesteredaktørar.

Kuling og snødrev


John E. Brittain. Foto: Per Aas, NHM/UiO

Når ein ser bileta frå Øvre Heimdalen, blir ein slått av at dette må vera ein drøymejobb for folk som er glade i fjellet.

– Ja, det kan vera absolutt midt i blinken med feltarbeid her, smiler Brittain.

– Men samstundes kan veret i Heimdalen, som elles i fjellet, vera nokså lunefullt, og det kan vera ganske tøft å ta prøver i kuling og snødrev. Å få inn utstyr og forsyningar til en feltstasjon utan veg kan òg vera ei utfordring om vinteren.

Referanser:

The subalpine lake ecosystem, Øvre Heimdalsvatn, and its catchment (Hydrobiologia vol. 642, No. 1, mars 2010)

Meir om feltstasjonen i Øvre Heimdalen

Annonse

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Annonse