Sjeldne kveitelarver i håven

Dei fire kveitelarvene som hamna i håven under eit torskelarvetokt i Nordland tilhøyrer ein eksklusiv klubb. Til tross for at kveita er utbreidd på begge sider av Nord-Atlanteren er berre 59 kveitelarver funnen på verdsbasis tidlegare.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ei snart to veker gamal kveitelarve. Det tar mellom sju og ti år før kveita når gytemoden alder. (Foto: Terje van der Meeren)

Kveite

  • Hokveita kan verta over 3, 5 meter lang og nærare 350 kilo. Hannane kan verta opptil 50 kilo
     
  • Levetida er inntil 60 år. Hoene vert langt eldre enn hannane
     
  • Ferdig utvikla kveiteegg måler inntil 3,5 millimeter i diameter – over dobbelt så mykje som dei største torskeegga
     
  • Sein vekst, høg alder ved kjønnsmodning og samling i gytegroper gjer kveita sårbar for fangst

 

At larvene til kveita, den største beinfisken i våre farvatn, skal vera så vanskeleg å finna, kan synast som eit paradoks. Forklaringa ligg i biologien til hokveita og hos avkommet sjølv.

Egg og larver frå fisk har generelt låg overleving; anten blir dei mat for andre eller dei svelt i hel. Både torsk og kveite kompenserer for dette med å produsera store mengder egg.

Kveita produserer mellom ein halv og sju millionar egg per gytesesong. Ei stor torskeho kan gyta mellom fem og ti millionar egg.

Talet på egg er sterkt avhengig både av storleiken på den einskilde gytefisken og gytebestanden sett under eitt, og forskarane snakkar heller om biomasse (den samla vekta av all gytefisken) enn kor mange egg kvar hofisk gyt.

– Generelt vil biomassen hos torsk på et gytefelt langt overstiga biomassen for kveite; rett og slett fordi det er mange fleire torskar enn kveiter.

– Torsken gyt ofte i bukter og viker på grunnare vatn, der det er mindre volum med vatn som egga og larvene kan verta spreidde i. Kveita gyt gjerne i djupet midt i fjordane, forklarar forskar Terje van der Meeren, som oppdaga kveiteyngelen og fekk han DNA-testa.

Held seg i djupet

Kveita føretrekkjer å gyta på blautbotn på mellom 300 og 700 meter, men det er funne kveiteegg så djupt som 1000 meter. Dei nyklekte larvene blir verande ei god stund i djupet, der dei livnærer seg av innhaldet i plommesekken dei har med seg frå egget.

– Plommesekkstadiet varer så lenge som 40 dagar. På denne tida rekk larvene å spreia seg godt i dei store vassmassane i fjorden. Det er nok grunnen til at dei er observert så sjeldan.

– For å finna kveitelarver i dette stadiet må det takast veldig mange prøvar med håv i djupet. Hittil har ein ikkje funne plommesekklarver, men vi veit dei står djupt ut frå åtferda deira i oppdrett, seier van der Meeren.

Opp for å eta

Når det er slutt på plommesekken må kveitelarvene fanga sin eigen mat. Dei sym til dei øvste vasslaga der maten – for det meste raudåtelarver – er å finna. Larvefangsten i Nordland vart gjort på fem til ti meters djup.

Larvene var cirka 16 millimeter lange og antakeleg nær to veker gamle (alder målt etter første næringsinntak). Dei vart fanga saman med raudåte og torskelarver.

– Å finna så mange som fire kveitelarver på et så tidlig stadium er særs uvanleg, og betyr at det truleg er mykje kveitelarver i Skjerstadfjorden i år. Lokale fiskarar har fått ungkveite i torskegarn og også fanga ei og anna stor kveite i fjorden.

– Det tyder på at det er både aktive gytefelt og oppvekstområde for kveiteyngel i Skjerstadfjorden, seier van der Meeren.

Lært av oppdrettskveita

Det meste av kunnskapen om dei tidlege livsfasane hos kveita kjem frå forsking knytt til yngelproduksjon hos oppdrettskveite.

Kveiteegga inneheld eit klekkjeenzym som vert hindra av lys. I kveiteoppdrett blir likevel lys brukt for å få til ei synkronklekking. Embryoa i egga utviklar seg med litt ulik hastigheit. 

Ein del egg vil derfor vera klare for klekking før andre, noko som er ei ulempe i oppdrett. Seint i utviklinga vert derfor egga eksponerte for nok lys til at klekkjeprosessen stoppar opp.

Når dei fleste egga så er klare vert lyset sløkt, og dei klekkjer innan ein time. I oppdrett skjer dette i store ”kveitesiloar”, der eggeskalla søkkjer til botnen og enkelt kan fjernast.

Utnyttar larveåtferda

Dei nyklekte larvene er lette og vil stiga i vassøyla. Etter få dagar vert dei tyngre og søkkjer mot botnen igjen. I denne fasen vil larvene symja vekk frå lyset, og i siloane er det difor heilt mørkt.

Etter vel 40 dagar nærmar larvene seg stadiet der dei må fanga sin eigen mat. I sjøen vil dei då symje aktivt opp mot den lyse overflata der maten er.

I siloane vert denne åtferda nytta til å fanga alle larvene i bøtter under ei lyskjelde når dei skal over i startfôringstankane.

Bonus på torskeyngeltokt

Larvefunna i Skjerstadfjorden vart gjorde då forskarane frå Havforskingsinstituttet samla inn torskelarver frå gyteområde for torsk. Feltarbeidet vart gjennomført for å undersøkja om rømt oppdrettstorsk har produsert avkom på gytefelta i fjorden.

Dei fire kveitelarvene var ein uventa bonus, som viser at torsk og kveite etter alt å døma gyt og veks opp i same nabolag i Skjerstadfjorden.

– Det er såpass oppsiktevekkjande med observasjonar av ville kveitelarver at vi spøkar med at vi no har stoff til fire publikasjonar. Uansett viser funna at det vi har sett av kveitelarveåtferd i oppdrett også gjeld ute i naturen, seier van der Meeren. 

Powered by Labrador CMS