Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Sidan 2017 har det vore obligatorisk å registrere seg for å delta i hummarfisket. (Illustrasjon: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet)

Ny berekning: Nordmenn fiska over 322 000 humrar i fjor

– Vi veit ikkje kor stor del det er av hummarbestanden, men vi veit at bestanden er historisk låg, seier havforskar.

Etter at det i 2017 blei obligatorisk å registrere seg dersom du vil fiske hummar, har forskarane blitt i stand til å berekne fangst og innsats i hummarfisket. Resultatet har dei publisert i ein ny rapport som tar føre seg dei to siste sesongane.

I følge anslaget fanga 20 916 fritidsfiskarar 11 hummar kvar i fjor, mens 1438 yrkesfiskarar fanga 66 hummar kvar.

Veit ikkje kor mykje det er

– I 2018 var det betydeleg færre registrerte fiskarar enn i 2017. Det kan skuldast at nokon trudde det var nok å melde seg på éin gong. I tillegg har vi ikkje tatt med dei som melde seg på etter sesongstart 1. oktober, seier havforskar Alf Ring Kleiven.

Kleiven kan ikkje seie kor stor del fangsten utgjer av hummarbestanden.

– Vi har ingen gode metodar for å berekne kor mykje hummar det er langs kysten. Men vi registrerer historisk lite hummar i teinene, seier han.

Historisk låge fangstar per teine

Frå før har forskarane nemleg ein tidsserie på 90 år med fangststal frå eit utval yrkesfiskarar – hummar per teine per døgn. Dei kan bruke fangstala til å sjå trenden i bestanden.

– Mens ein fiskar måtte trekke fem teiner for å få éin hummar på 50-talet, må han i dag trekke 12. Dette trass i at moderne teiner fiskar betre, forklarar Alf Ring Kleiven.

Det er dermed den auka innsatsen som gjer innhogg i hummarbestanden.

Stadig fleire deltar

– Det er vanskeleg å bygge opp att bestanden når det ikkje er noko tak på kor mange som kan delta i fisket. Ryktet om gode fangstar blir bokstaveleg talt spist opp fordi fleire då vil fiske, seier han.

I 2016 gav Havforskningsinstituttet eit råd til styresmaktene om å redusere fisketrykket. Men då var det ingen tal på nettopp kor mange som fiska eller kor mykje dei fanga.

– No har vi eit utgangspunkt å bygge vidare på, seier han.

Referanse:

Alf Ring Kleiven mfl.: Hummerfisket 2017 og 2018: Innsats og fangst. Rapport fra Havforskningen, 2019.

Powered by Labrador CMS