Amerikahummer er ikkje velkommen i norske farvatn. Dei kan blant anna bere på sjukdommar som shell disease. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet)
Truleg fleire tusen uønskte baby-humrar i Haugesund
Hummaren frå Amerika blei fanga utanfor Røvær i Haugesund. Tomme eggkapslar viser at hummaren nyleg har klekt opptil 60 000 uønskte baby-humrar.
Erlend AstadLorentzenkommunikasjonsrådgiver
Havforskningsinstituttet
Publisert
Det var krabbefiskar Kjell Kristian Mikkelsen som fekk den mistenkelege hummaren i sommar. Han tok kontakt med Havforskingsinstituttet på Facebook, og spurde om dei ville overta fangsten. Hummarforskar Ann-Lisbeth Agnalt heiv seg over telefonen.
Kan true norsk hummar
– Bilda Mikkelsen sende oss, viste ein amerikansk hummar som var hardt ramma av skalsjukdom. Skalet var mjukt, og hadde opne sår. Vi ville teste DNA for å forsikre oss om at hummaren var amerikansk, og gjerne ta ein bakterietest av skalet, fortel Agnalt.
Amerikanske humrar er uønskte i norsk natur fordi dei kan bere sjukdommar vi ikkje vil ha i våre farvatn, slik som shell disease og gafkemi. Dei kan også pare seg med norsk hummar, som i utgangspunktet er ein svak bestand. I 2016 blei det forbode å importere levande, amerikansk hummar til Noreg.
Krabbefiskaren Mikkelsen sette hummaren på båten til ein kunde som han visste skulle heim til Bergen. Dermed kunne havforskarane spasere frå kontoret og ned til kaien for å hente eska med den framande arten.
– Då vi snudde på hummaren, gjekk det eit gisp gjennom rommet. Ho var tydeleg amerikanar, men ho hadde også tomme eggkapslar på buken. Det betyr at ho nyleg har klekt mellom 40 000 og 60 000 hummarlarvar. Frå klekking driv larvane med straumen i tre veker, før dei slår seg ned på havbotnen.
DNA-prøver av eggkapslane har ikkje gitt eintydige svar, kanskje fordi egga var gamle. Men forskarane ser ein DNA-markør som er vanleg hos europeisk hummar. DNA-et stadfesta at hummarmora var amerikansk. Dette kan bety at avkommet er hybridar.
– I så fall har hummaren vore i norsk farvatn sidan i fjor sommar og latt seg befrukte av ein norsk hann. Om hummarlarvane er amerikanske eller hybridar, likar eg uansett ikkje tanken på at dei no kan gå rundt på botnen i Røvær, seier Agnalt.
Hummaren viste seg å vere i så dårleg forfatning at forskarane såg seg nøydde til å avlive ho før dei ville rekke å analysere bakteriar i skalet.
– Det var tydeleg at hummaren leid. Skalet var så hardt ramma at sjølve kjøtet låg opent fleire stader. Ho var apatisk, og dyrevelferd måtte komme først, fortel hummarforskaren.
Ei teoretisk kjelde til amerikansk hummar i norsk natur er at uappetittlege individ blir dumpa frå skip med hummar på restaurantmenyen. Tidlegare har amerikanske humrar vore fiska nær hamner, men denne blei fanga i skjergarden, unna viktige skipsleier. Funnstaden er dermed noko mystisk.
– Eg håpar vi slepp å finne fleire amerikanske humrar i Noreg, men fryktar at problemet er større enn vi veit, seier Ann-Lisbeth Agnalt.
– Vi lokale fiskarar skal følge med, melder Kjell Kristian Mikkelsen frå Røvær.