Korleis reagerer laksesmolt i ferskvatn når den blir utsett for meir oksygen enn normalt? Tidlegare trodde vi det var skadeleg. No viser ny forsking det motsette, overmetting av oksygen har positive effektar på fisken.
Høgskolen i Bergen
Publisert
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er doktorgradsstudent Camilla Diesen Hosfeld ved Høgskolen i Bergen som har gjort forsøka som gir nye opplysingar til oppdrettsnæringa. Funna kan mellom anna tyde på at næringa kan spare pengar på å ta i bruk enklare metodar for å måle vasskvaliteten i anlegga.
Kritisk fase
- Grunnen til at me undersøker akkurat smolten sine reaksjonar på ulike vasskvalitetar er at smolten er i ein kritisk fase. Han har levd livet sitt i ferskvatn og er i ein overgangsfase der han skal flyttast over til saltvatn.
- Me må finne ut kva vasskvalitet som er best for smolten slik at han har det godt og overlever når han blir flytta over, seier Diesen Hosfeld.
Viktig for næringa
- Den forskinga eg driv med er særleg viktig for all oppdrettsnæring som føregår på land. Vatn er nemleg ein avgrensande faktor for kor mykje smolt som kan produserast, og me prøver difor å finne ut av kor høg vassgjennomstrøyming og kva vasskvalitet smolten må ha for å unngå stress.
- Det er viktig at smolten utviklar seg på ein positiv måte, seier Camilla Diesen Hosfeld
For å spare pengar prøver ein å redusere gjennomstrøyminga av vatn i anlegga, og då må ein spe på med oksygen. Oksygenet skal vere med på å oppretthalde eit godt miljø for fisken.
Oksygenmetting
Diesen Hosfeld ser på kva effektar overmetting av oksygen har på smolten og undersøker i tillegg kva effektar kombinasjonen overmetting av oksygen og høg karbondioksid konsentrasjon har på laksen.
Forsøket vart gjort i Miljølaboratoriet for oppdrettsfisk ved Høgskolen i Bergen. 12 store ferskvasstankar vart nytta under forsøket.
- Me miksa fem ulike vasskvalitetar, og brukte dei to andre tankane som kontrolltankar, fortel doktorgradsstudenten. - I to av tankane vart det tilsett oksygen til 125 % oksygenmetting, utan å tilsetje karbondioksid. Det var her me fekk positive vekstresultat på smolten, seier Diesen Hosfeld.
Ikkje fiskedød
- Me tilsette oksygen i ferskvatnet under lågt gasstrykk. Høgt trykk kan ofte føre til sjukdomen gassblæresjukdom hjå smolten. Anna forsking har tidlegare vist at overmetting av oksygen også fører til nedsett vekst, eller i verste fall fiskedød.
- Me fann positive veksteffektar på smolten, seier doktorgradsstudenten. I tillegg kan forsøka også tyde på at gode oksygenforhold reduserer litt av effektane av karbondioksid.
Positiv vekst
Kva er grunnen til at det er viktig å vite kor mykje oksygenmetting smolten tåler?
- For næringa handlar det om å få produsere mykje smolt under gode miljøforhold, og då må ein vite kva som er trygge grenser for dei ulike miljøparametrane. Forsøket seier ein del om grenseverdiar for laksesmolt og at oksygenet må tilsetjast på rett måte.
Annonse
Når me kan vise til at oksygenmetting under lågt gasstrykk gir positiv vekst på laksen, betyr dette mykje for næringa. Oppdrettarane er sjølvsagt opptatt av ei god utvilkling og ein fin vekstkurve, og det var det me fann i forsøket me gjorde, seier ho.
Gode støttespelarar
Forsøket til Diesen Hosfeld vart gjennomført med støtte frå fiskeri- og havbruksnæringa sitt forskingsfond og Høgskolen i Bergen. Forsøket vart gjort som ein del av det nasjonale forskingsprogrammet “Vannkvalitet - smoltkvalitet”.
Programmet blir utført i samarbeid med ei rekkje forskingsinstitusjonar og er presentert for norsk oppdrettsnæring. Det skal no publiserast i eit internasjonalt tidsskrift.
Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer