- Ny trend i minoritetsmiljøa

– Eit slåande trekk ved debatten om moralpolitiet på Grønland i Oslo var at opprøret kom frå miljøa sjølve, seier sosiologiprofessor Grete Brochmann. Det endra hennar rolle som samfunnsforskar i debatten .

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

9. januar 2010: “Moralkontroll i Oslos innvandrergater” står det over førstesida til Aftenposten.

Saken handla om aukande sosial kontroll blant muslimar i Oslo-bydelen Grønland.

Oppslaget førte til ei rekke saker og brei debatt i avisspaltene, radio og TV i fleire veker etterpå. Brått var “moralpolitet på Grønland” eit omgrep alle hadde høyrt om.

No har debatten stilna litt i media, og det er tid for å kikke seg tilbake. Kva kom eigentleg ut av debatten og kva kan vi lære av han?

Samfunnsforskaren si rolle

Sosiologiprofessor ved UiO, Grete Brochmann, forskar på internasjonal migrasjon og er medforfattar av eit bokverk om norsk innvandringshistorie.

Ho er ein av fleire forskarar som vart brukt som ekspertkommentator i debatten.

– Då eg vart bedt om å sitte i eit panel i regi av Interkulturelt museum på Grønland for å diskutere det såkalla “moralpolitet” i innvandrarmiljøa, rekna eg med at mi rolle skulle vere som samfunnsforskar.

– Vere den som skulle sette fenomenet inn i eit breiare samfunnsmessig perspektiv, sjå historisk på det og trekke inn eventuelle tilsvarande problem i majoritetssamfunnet, seier Brochmann.

Minoritetane tok ordet sjølve

Men i den veka som gjekk før debatten ved Interkulturelt museum gjekk av stabelen, såg sosiologen at alle desse poenga i fullt monn vart ivareteke i avisspaltene. Først og fremst av skribentar med minoritetsbakgrunn.

Grete Brochmann.

– Det var interessant og morsamt å sjå at nokre populærsosiologiske årgangsomgrep frå dette farvatnet var tatt i bruk av unge menneske.

– Skribentane sin omgang med både ”Bygdedyret” og ”Tilsynet for høg moral” var treffande trekt inn i diskusjonen, seier Brochmann.

Unisont opprør

Brochmann meiner denne debatten illustrerer ein ny trend i minoritetsmiljøa.

– Eit slåande trekk ved debatten var at opprøret kom frå miljøa sjølve, sjølv om det var med god hjelp av Aftenposten.

– Debatten var langt på veg fri frå dei vanlege skyttargravene, og beskjeden var ganske unison: ”Dette vil vi ikkje ha – og kva kan vi gjere med det?”.

Og ”vi-et” viste seg å være ei breitt samansatt gruppe, som òg var reflektert i panelet Brochmann skulle sitte i.

– Om nokon skulle ut, var det samfunnsforskaren.

Det som ikkje vart sagt

Dermed fekk Brochmann ei anna rolle enn den ho som samfunnsforskar var van med å ha i liknande debattar.

– Mi rolla blei snarare å rette merksemda mot kven som ikkje kom, og kva som ikkje blei sagt, seier Brochmann.

Og dei einaste som ikkje var representerte, var moralpolitiet sjølv.

– Dette er illustrerande for situasjonen. Det er ei verksemd og ein moralsk posisjon som ikkje gjer seg i det offentlege ordskiftet.

Vikande front

Brochmann meiner dette truleg er eit uttrykk for ein posisjon på vikande front. Moralpolitiet er ei gruppe som kjenner seg akterutsegla av utviklinga.  

Stadig større grupper, kanskje frå deira eigne miljø, tar til seg den individuelle fridomen.

– Det kan vere ein temperaturmålar på at kontrollen brest der det nye og det gamle ferdast om kvarande.

Verre i lukka rom

Samstundes peiker Brochmann på at trakasseringa på Grønland trass alt er noko som føregår ute i det opne rom og difor kan konfronterast.

– Langt verre er det med tilsvarande og ofte meir subtil moralsk kontroll som føregår i lukka rom.

– Dette veit vi mindre om, aller minst vi som ikkje kjenner miljøa innanfrå, og det er mykje vanskelegare å konfrontere, avsluttar Brochmann.

Lenke:

Aftenposten: Moralkontroll i Oslos innvandrergater

Powered by Labrador CMS