Annonse

Idretten skapte finnmarksidentitet

Framveksten av idrettsrørsla i Finnmark vart ein reiskap for modernisering.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kirkenes idrettsforening vart stifta i 1908.

Idretten var både splittande og samlande i Finnmark - men den var ingen politisk fornorskingsarena.

- Idretten har vore ein utruleg viktig politisk, sosial og økonomisk arena og spelt ei sterk rolle som identitetsdannar i Finnmark, seier Helge Christian Pedersen.

Han er historikar og disputerte nyleg ved UiT - Norges arktiske universitet

Fotballen sentral

Den første fotballklubben som vart stifta i Finnmark, var i Kirkenes idrettsforening i 1908. I 1919 kom vestfylket etter, med Fotballklubben Spark i Hammerfest og Fotballforeninga Kamp i Alta.

- Bataljonen i Varanger på Nyborgmoen var viktig for den tidlege fotballorganiseringa i austfylket. Også i vestfylket var forsvaret sentralt, med dei fine grasbaneforholda på Altagårdssletta.

Fotballen blei sentral i heile fylket og gjenspeglar det moderne samfunnet.

- Fotballen - og idretten generelt - utvikla seg i mange område i framkant av den økonomiske moderniseringa og var såleis ein viktig kulturell moderniseringsfaktor i mange samfunn, seier Pedersen.

Talande er det også, at då Samenes idrettsforbund (SVL) - som skulle byggje på samiske tradisjonar - vart stifta i 1979, var også fotball med, i tillegg til reinkappløp, lassokasting, langrenn med lassokasting og terrengløp med lassokasting.

Skiidrett på tvers av landegrensene

Sjølv om fotballen er idretten som først og fremst speglar moderniseringa, er skiidretten også heilt sentral i Finnmarks idrettssjel.

- Den var dominerande til utpå 1950- og 1960-talet, og var også ein viktig arena for både samisk og kvensk identitetsdanning. Særleg i Vest-Finnmark var banda til Finland sterke, med nært idrettssamarbeid og trenarutveksling.

- Arbeiderbladet skreiv i 1955 korleis den unge Alta-løparen Per Olsen hadde ein elegant finsk stil, fortel Pedersen.

- Dei meinte at han kunne bli “om ikke en Hallgeir Brenden – så kanskje en Arvo Viitanen!”.

Idretten ingen fornorskingsarena

Pedersen har sett på korleis idretten både fungerte integrerande på tvers av geografiske, etniske og kulturelle grenser, men også segregerande, ved at den klargjorde klassepolitiske og etnopolitiske skilje i Finnmark.

- På 1930-talet var det ei splitting i idrettsmiljøet i Alta. Det handla først og fremst om politikk og lokal identitet - men det var inga direkte etnisk splitting.

- Idrettslaga rekrutterte sosialt, men også geografisk i det langstrekte Alta. Det var mange kvenar i Alta IF og Rafsbotn AIF, men det var av di at den kvenske bustejinga er konsentrert rundt dei stadene der desse idrettslaga hadde nedslagsfelta sine.

- Idretten i Alta på 1930-talet verka såleis segregerande politisk, men integrerande etnisk, seier Pedersen.

Pedesen har også tematisert den internasjonale forskinga på etnisitiet og idrett. I Storbritannia, til dømes, vart idretten nytta aktivt i siviliseringsprosessane i koloniane, men den norske staten la ikkje føringar på utviklinga av den organiserte idretten i Finnmark.

- Tvert om, det er ingen spor av at den organiserte idretten vart brukt som ein arena for fornorskning. Sjølv om dei same lærarane som var sette til å gjennomføre fornorskingstiltak i skolen også var dei som brukte fritida si i idrettsforeiningane, fortel Pedersen.

- Ein kan seia at idretten verka fornorskande av di den fungerte integrerande, men idretten var ikkje i seg sjølv ein fornorskingsreiskap som del av ein politisk strategi. Det var ein moderniseringsreiskap, og gjennom idretten vart det skapt ein finnmarksidentitet, meiner Pedersen.

Referanse:

Pedersen: Idrettsliv i etniske grenseområder. Modernisering, identitet og idrett i Finnmark, 1908–2010, doktorgradsavhandling, UiT - Norges arktiske universitet, 2013.

Powered by Labrador CMS