Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Freistar det meir med noko søtt enn ein time på treningssenteret? Forskar veit råd.

Tre råd til deg som vil at nyttårs­forsetta skal vare

Korleis gjere endringar i kosthald og trening til meir enn nyttårsforsett som ein gløymer når januar er over?

– Ikkje gjer så innmari mykje meir enn det du gjer i dag, men prøv å sett fokus på ein ting av gongen!

Kristin Lundanes Jonvik har klare råd til deg som kanskje har starta 2023 med ein ny giv og nye mål. Kanskje har du kutta alkoholen, trappa opp treninga eller prøvd å ete litt meir frukt og grønt?

Kristin Lundanes Jonvik er ernæringsfysiolog og forskar ved NIH.

Ikkje ver superflink i januar

Like fullt kjem søtsuget ein grå dag i februar der sofa og TV-serie freistar langt meir enn lysløypa eller treningssenteret.

Jonvik er ernæringsfysiolog og forskar på NIH. Ho trur det er fullt mogleg å halde på nyttårsforsetta også utover vinteren, spesielt om du tenkjer over din eigen motivasjon.

– Feilen mange gjer, at dei plutseleg skal vere superflinke og gjere mange nye ting i januar som dei aldri har gjort før, seier Jonvik og legg til:

– For dei aller fleste vil det føre til at dei ikkje klarer å halde på motivasjonen utover året. Vel heller noko du trur du kan meistre og som du ser for deg, du kan halde på med over lengre tid.

Podcast: Om nyttårsforsetter

Kosthalds- og treningsendringar er tema i siste episode av NIH-podden, der Jonvik er gjest.

Hør hele episoden her.

Kor har du potensial?

Da tenkjer ho både på type aktivitet og val ein gjer i kvardagen både i butikken og på kjøkkenet. Eitt tiltak kan vere å kutte ut eller redusere alkohol for ein periode.

– Sjå på råda som helsemyndigheitene gir og finn ein ting der du tenkjer du har potensial. Kanskje det er alkohol, godteri eller at du ikkje får i deg fem om dagen.

– Viss du klarer å velje deg ut ein ting som du har lyst til å bli betre på, vil det hjelpe deg. Også for vektreduksjon, om det er det som er målet ditt.

Men kva er eigentleg målet ditt? Det er lett å tenkje at det må vere å springe eit løp eller gå eit skirenn. Men det kan like gjerne handle om familien din.

Kva motiverer deg?

Det er her motivasjonen kjem inn. Kva er det som motiverer deg for å trene litt meir og ete litt sunnare? Kanskje er det å vere aktiv med barn eller venner ein viktig motivasjonsfaktor for deg?

– Viss du har det bra, helsa di er god, og du har det godt med deg sjølv, er det heller ikkje sikkert at du skal ned i vekt. Men viss du merkar at det hindrar deg i kvardagen, og du verkeleg har lyst til å få det til, kan det også vere lettare å gjere ei endring, meiner Jonvik.

Ernæringseksperten trur ikkje vektnedgang bør vere verken motivasjonen eller målet for alle.

Tre klare råd

– Om helsa di er god, men du ser at du kanskje burde gjere nokre endringar på kosthaldet ditt, kan det vere fint å gjere. Likevel er det ikkje sikkert du skal fokusere på ein diett eller gå ned mykje i vekt. Kanskje målet ditt rett og slett skal vere å ete litt meir frukt og grønt, fordi det også er bra for barna dine og du med det kan sette eit godt eksempel.

Jonvik kjem med tre klare råd til deg som vil halde på dei gode vanene lenger enn januar:

1. Gjer det for din eigen skuld, viss du skal endre noko.

2. Eitt steg av gongen. Ikkje gap over for mykje. Da er det lettare å få det til.

3. Søk god kunnskap og ha litt sunn skepsis til alle råda som myldrar der ute.

Helsedirektoratets kostråd kort oppsummert:

Spis mer av dette:

  • Grønnsaker
  • Frukt
  • Bær
  • Fisk og fiskeprodukter

Spis mindre av dette:

  • Rødt kjøtt og kjøttprodukter
  • Salt og matvarer med mye salt
  • Sukker, brus, saft og godteri

Velg disse matvarene:

  • Grove kornprodukter i stedet for fine
  • Olje og myk margarin i stedet for smør
  • Magre meieriprodukter i stedet for fete
  • Vann i stedet for saft og brus

Spis variert

Spiser du mange ulike matvarer, får du lettere i deg alle næringsstoffene kroppen din trenger.

Vær fysisk aktiv

Regelmessig fysisk aktivitet forebygger plager og er en viktig kilde for god helse, livskvalitet og overskudd i hverdagen. Anbefalinger om fysisk aktivitet finner du på helsenorge.no.

Kilde: Helsdirektoratet

Høyr heile podcast-episoden her:



Powered by Labrador CMS