Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

– Å spele dataspel eller vere på sosiale medium kan gi inntrykk av at ungdom intuitivt finn ut av digitale løysingar. Det er ikkje tilfelle, seier Seddighi.

Å vere mykje på skjerm er ingen garanti for at ungdom forstår Nav sine nettsider

Sårbar ungdom strevar med å forstå Nav på nett.

Publisert

– Visse grupper er meir sårbare enn andre i digitaliseringsprosessen samfunnet vårt går gjennom, seier Gilda Seddighi.

Ho har forska på digitale ferdigheiter blant ungdom utanfor arbeid, opplæring og utdanning.

Ungdom som står utanfor arbeid, opplæring og utdanning er ei slik sårbar gruppe. På fagspråket blir dei ofte omtalt under nemninga NEET, ei forkorting for «Not in Education, Employment, or Training».

Det handlar altså om å ha hamna i eit slags limbo der ein verken jobbar, går på skule eller er lærling. Ikkje alle kjem seg ut av denne situasjonen på eiga hand, og mange har psykiske, fysiske og språkrelaterte utfordringar.

– Dette er ungdommar som har lite erfaring med velferdssystemet, men som samtidig er i ein livssituasjon der dei treng støtte frå tenester som Nav, seier Seddighi.

Finn ikkje vegen på nettet

For å få ungdommane ut av dette lite produktive tomrommet og inn på eit spor mot eit sjølvstendig vaksenliv, trengst det kunnskap om kva som hindrar dei i å kome vidare.

Nyleg gjennomførte Vestlandsforsking ein studie av korleis det er for denne gruppa å oppsøke hjelp og støtte.

Forskarane intervjua representantar for støtteapparatet i Nav og i frivillige og kommunale organisasjonar som er i kontakt med ungdom i slike situasjonar.

– Mange ungdommar kan nok oppleve å stå ved foten av ein mur av innlogging og informasjon som kjennest umogeleg å ta seg over. Nesten uansett kva ein skal gjere i den digitaliserte kvardagen vår, må vi gjere det via nettet, seier Seddighi.

– Visse grupper er meir sårbare enn andre i digitaliseringsprosessen samfunnet vårt går gjennom, seier Gilda Seddighi.

Er mykje på skjerm

Det kan vere vanskeleg å bli klok på akkurat kva ungdommane treng å lære meir av for å bli betre til å forstå dei digitale velferdsordningane – også for Nav.

Som ungdom flest er også ungdom i denne gruppa «innfødde» på nettet og vande til å vere på skjerm. Ein ungdomsrettleiar i Nav seier det slik:

«Jeg blir fortsatt veldig usikker på hva som er gode og hva som er dårlige digitale ferdigheter. Ungdommer har jo ikke dårlige digitale ferdigheter selv om de ikke klarer å forstå skatteetaten.no eller dra nytte av digitale løsninger i offentlige forvaltning».

– Å spele dataspel eller vere på sosiale medium kan gi inntrykk av at ungdom intuitivt finn ut av digitale løysingar. Det er ikkje tilfelle, seier Seddighi.

Språkkunnskap og innsikt

Seddighi undersøkte korleis Nav forstår omgrepet digitale ferdigheiter og fann ei uklar oppfatning.

Sjølv om Nav tilbyr kurs i grunnleggande datakompetanse, viser undersøkinga til forskarane at det ikkje finst ein standardmetode for å måle nivået på dei digitale ferdigheitene ungdom treng for å kunne dra nytte av rettane sine.

Dei kartlegg heller ikkje digitale ferdigheiter på systematisk vis.

– Her dreier det seg om ein samansett kompetanse. På den eine sida krev det at ein meistrar norsk språk og er god til å lese. På den andre sida må ein forstå korleis ein navigerer på ei nettside.

– I tillegg treng ein ei viss innsikt i korleis byråkrati fungerer, slik at ein til dømes skjønar kvifor det finst fristar, seier Seddighi.

– Ein trongare inngangsport

Den gjeldande strategien for digitalisering av offentleg sektor er tydeleg på at målet er å yte betre tenester overfor innbyggarane.

Samtidig er eit kjent resultat av meir effektiv ressursbruk i offentlege verksemder kortare opningstider i resepsjonar og meir avgrensa telefontid.

– Frå desse ungdommane sin ståstad framstår digitalisering av velferdstenester meir som eit forsøk på å effektivisere offentlege verksemder enn som ei betring av kvaliteten på offentlege tenester, seier Seddighi.

I praksis betyr det ein trongare inngangsport til relevant og tillitsvekkande informasjon, særleg for dei svakaste – dei som manglar erfaring med velferdssystemet, men som samtidig er i livssituasjonar der dei treng støtte.

Tidkrevjande rettleiing

Enkelte ungdommar har behov for omfattande oppfølging frå rådgjevarar. Hjelpa dreier seg både om å forstå dei nettbaserte søknadene og til å hente inn informasjon frå ulike offentlege instansar.

Ein frivilligkoordinator seier ho har brukt opptil to arbeidsdagar på å rettleie ein enkelt ungdom som skulle fylle ut ein nettbasert søknad.

Dei digitaliserte velferdstenestene tek sjeldan ei aktiv rolle i å hjelpe dei som ikkje klarar å bruke digitale tenester.

– I staden må kommunale og frivillige lågterskeltilbod for ungdom gjere det dei kan for å vege opp for at velferdssystemet har kutta ned på personleg kontakt med brukarane, seier Seddighi.

Kunnskap alle treng

Ungdommar hamnar utanfor arbeid, opplæring og utdanning av mange ulike årsaker – somme fordi dei har gått glipp av skulegang. Likevel kan det vere ei kjensgjerning at grunnskulen, som skal ruste ungdom for vaksenlivet, ikkje held tritt med digitaliseringa samfunnet går gjennom.

Rettleiarane som følgjer opp ungdom, er klare på at norske skuleelevar burde lære å bruke velferdstenester på nettet. Seddighi er samd i at det er eit godt forslag.

– Opplæring i å bruke offentlege tenester bør ikkje vere foreldra sitt ansvar ettersom det lett fører til at ein arvar ulikskap når det gjeld tilgang til digitale velferdstenester.

Om studien

Studien er gjennomført av Vestlandsforsking i samarbeid med Nav Sunnfjord, Bergen kommune og JobLoop AS med finansiering frå Regionale forskingsfond Vestland.

Referanse:

Gilda Seddighi og Hilde G. Corneliussen: Digitale ferdigheter for å komme ut av NEET-situasjoner (pdf). Notat frå Vestlandsforsking, 2023.


Powered by Labrador CMS