Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Lite tyder på at samtaleterapi kompenserer for avbroten medikamentell behandling mot depresjon og angst.

Mange gravide avbryt behandling mot depresjonar

Gravide avbryt ofte behandling med antidepressiva av frykt for å skada barnet. Men dei avbryt òg anna behandling.

Under svangerskapet avbryt mange kvinner behandling med legemiddel av frykt for å skada barnet. Det gjeld òg behandling med antidepressiva.

Angst og depresjonar vert ikkje berre behandla med legemiddel. Samtaleterapi hjå psykolog eller psykiater, er det anbefalte fyrstevalet for pasientar med mild til moderat depresjon. Dersom det viser seg å vera nødvendig, kan ein så ta i bruk medikamentell behandling i tillegg.

Då skulle ein kanskje tru at samtaleterapien er eit sikringsnett for gravide, som sikrar dei noko behandling sjølv om dei sluttar med antidepressiva. Men Nhung Trinh, postdoktor ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, har gjort ei oppdaging som kanskje er litt uventa.

– Norske register er unike i verdssamanheng for forskarar, seier Nhung Trinh.

Ikkje bra for barnet om mor er plaga

– Ved hjelp av fire norske register har eg undersøkt graviditetar hjå over 8000 kvinner. Som venta gjekk bruken av antidepressiva ned under svangerskapet, seier ho.

Nokon avbraut tidleg, andre seinare, medan nokon brukte antidepressiva under heile svangerskapet.

– Men uavhengig av legemiddelbruken såg vi at bruken av psykologar og psykiatrar òg gjekk ned. Dermed er det lite som tyder på at samtaleterapi kompenserer for avbroten medikamentell behandling, seier ho.

Den einaste gruppa dei ikkje fann dette mønsteret hjå, var dei som avbraut behandlinga med antidepressiva i svangerskapet, men tok det opp att etter fødselen.

Trinh understrekar at legemiddelbruk under svangerskapet må ta omsyn til både mor og barn. Om mor er plaga med angst og depresjon under svangerskapet, er det ikkje bra for barnet. Ein lege bør derfor vurdera individuelt om fordelen med legemiddelet er større enn risikoen for skadar på fosteret.

Fokusera på graviditeten

Dataa i studien baserer seg altså på helseregister. Dei kan fortelja at ei hending har funne stad, som at den gravide har henta ut legemiddel på apoteket. Men kvifor hendingane skjer eller ikkje, kan ikkje registra fortelja noko om.

– Den store bekymringa er sjølvsagt at mor skal gå unødig med ei liding som burde vore behandla, og som i verste fall òg kan gå ut over barnet. Men det kan òg vera andre forklaringar, seier Trinh.

Ei slik mogleg forklaring kan vera at graviditeten får kvinna til å fokusera meir på graviditeten og det komande barnet og mindre på eigen situasjon. Ei anna forklaring er endå meir optimistisk:

– Det kan jo henda at det å verta mor gjer livet til kvinna rikare og gjer henne lukkelegare, seier Trinh.

Norske register er unike

– Men dette er altså berre spekulasjonar. Studien vår viser berre at bruken av legemiddel og terapi tek seg noko opp att etter fødsel, men ikkje til same nivå som før graviditeten. Det trengst meir forsking før vi veit kor bekymra vi skal vera for deprimerte som gjennomfører svangerskapet utan fullverdig behandling, seier forskaren.

Ho rosar dei norske registra som unike i verdssamanheng for forskarar.

– På den andre sida gjev det oss ei lita blindsone, ved at det ikkje er så lett å finna ut om funna våre er særnorske, eller om vi vil finna liknande mønster i andre land òg.

Referanse:

Nhung T.H. Trinh mfl.: Antidepressant and mental health care utilization in pregnant women with depression and/or anxiety: An interrupted time-series analysis. Journal of Affective Disorders, 2022. Doi.org/10.1016/j.jad.2022.04.101

Powered by Labrador CMS